mandag 2. august 2010

Konkurranse tips


Eg vil tipse dåke om ein super konkurranse hos nettbutikken AnnaJohanna i dag. Du skal trykke "liker" på 3 av produkta i butikken, og vinn du, kan du velge premie sjølv!!!!!!!!!!!!! Kan det bli betre då??

Trykk her for å komme til konkurransen.

søndag 1. august 2010

Blåbæridyll

I dag har vi vore på blåbærtur. Og til og med med våre to små, var det faktisk ein idyll. Vi plukka og dilla, og fekk tilsaman 1,2 kg, og det sjølv utan bærplukkaren....for den låg igjen heima...

Tullemor plukka og plukka, åt og åt. Mens junior han meinte sjølv at jobben hans var å speida etter blåbærtuene!!! Trur ikkje han plukka nokon i spannet, men magen var ganske full!

Litt skal eg frysa, og spara til smoothie seinare i vinter, og litt har vi hatt på pannekakene i dag. nam nam.

lørdag 31. juli 2010

Kvelden i kveld

I dag har vi vore i Bergen!! Mammo mi spanderte turen, og vi har kosa oss masse. Mannen kjøpte blåskjell på Kjøttbasaren, i lag med litt reker.

Så til kvelds diska han og junior opp mat til meg. Dei dekka på og serverte. Kan eg få det betre?

Junior fekk vere oppe så lenge han ville. Noko som resulterte i at han kl 22 var stuptrøytt og bad om å få legga seg.
Eg fekk 30 min i Bergen, og stakk innom Kid av alle ting!! Der klarte eg å raska med meg 8 puter (!). der var tilbud, få 4 for 100 kr. Ja, då sku du sett ei som var kjapp med puter, du! Eg tok 4 slike stripete med sterkast fargar. Dei to andre har eg kjøpt på Stemning. Synst dei såg veldig kule ut, men er litt usikker på om dei passar her hos meg. Kanskje dei hadde vore finare ute i hagegruppa mi?? Eg slite litt med innredninga i stova her, kan du sei....men har ein plan om at mannen skal hjelpa meg litt med å henga opp bilder etc i morgon, så får vi sjå.

Dei to putene med lilla "blad", kjøpte eg og. Dei har fått plass i loftstova.

Eg trur jammen meg at Evelyn sa ho ville ha skålene mine, så då skal dei overleverast snarleg.

Eg set stor pris på at DU kommenterer om kva du synst om bloggen min! Ha ein fin kveld vidare.

fredag 30. juli 2010

Ein epoke er over...

I dag har vi overlevert nøklane til dei nye eigarane av huset vårt... Litt vemodig er det sjølvsagt. Men sidan det er mannen som har gjort det meste av opp-pussing og bygging der, er eg glad for at det var han som ynskte å selge. 

Han fortalte sjølv at han hadde hatt ein liten runde der i går, då han gjorde siste finpuss. Men han hadde fokusert på dei gode minnene vi har hatt der nede. 

Og då eg gjekk gjennom huset idag, ser eg at det er eit fint hus å gje frå seg. Og godt er det. Eg klypte med meg litt roser frå bedet i dag, som eit "siste minne".


Ute regnar det mykje i dag. Så det var vel det vi skulle få av sommar i år. Vi hadde planlagt ein tur til Bergen i morgon, med Akvariet og Fløyen, men slo det frå oss. Litt på grunn av ekstra utgifter denne månaden. Men det synst bestemor var for dumt, så ho tilbydde seg å spandere heile turen på oss. Det set vi umåteleg pris på. Så i morgon blir det tur med båten til Bergen, og kosa oss. Og det ser ut som "vestlandsbunaden" må på!

torsdag 29. juli 2010

Kult dyr!!

Eg har alltid hatt sansen for sjiraffar. Dei er skikkelig kule! Eg har drege med meg figurar heim frå ulike ytland, og no har dei fått plass på kontoret mitt. ( for dei passar ikkje inn lenger...)

Og då vi skulle i dyreparken var det dette tullemor gleda seg til. Og så skulle vi sjekka ut at tunga til sjiraffane faktisk er BLÅ! Og det kunne minstemann konstantere at den var! Ho fekk gje den gras og var svært begeistra!

Sjekk kulingen då!!!

I går var eg på rekebord saman med gode vener.Og eg hadde da knallgøy. At dagen i dag har vorte tilbringt i senga, på sofaen eller på do, er vel gløymt i morgon!?! Eller skal eg lære, slik mamma spør meg om kvar gong??

mandag 26. juli 2010

Kjøkkenklokke

Eg sa til mannen før vi reiste på ferie, at dersom eg fann ei veggklokke, ville eg gjerne kjøpe det. Mannen sa som vanleg, javel!

Og i Lyngdal såg eg plutseli ein butikk som heitte Mosters Hus. Den butikken bugna av nydelege ting. Og der var klokka mi! 

At mannen knuste glaset då den skulle hengast opp, er jo ei anna historie.....men den er nesten like fin som før. Og eg er så utruleg fornødd!

søndag 25. juli 2010

Vil du ha dette?

Eg er i ryddemoduset, mens eg pakker ut eske etter eske...

Har du lyst på dette settet? Trur det heitter Eleganse, og kjem frå Tupperware. 3 skåler med lokk.

Du får det gratis! Men må eg sende det, betalar du portoen! Bare legg igjen ein kommentar under!!