lørdag 25. januar 2014

Garnglede frå Rosendal


I dag vil eg gje rein gratis reklame og hyllest til ei fantastisk ny bok
som vart lansert denne veka.

"Garnglede frå Rosendal"

Turid Lindeland Hillesdal som eig og driv Rosendal Turisthotell saman med mannen Ove,
har gitt ut ei bok med oppskrifter på dei fantastiske strikkeprodukta ho lagar.

Eg må nevne at eg sjølv er så heldig å eige to par av Cosy consept - sokkane ho har laga,
turkis/grøn og koksgrå/kvit.

Oppskrifta er ein versjon av ei gamal "bunadsokkar"oppskrift, 
og mamma har strikka dei rosa frå ei slik oppskrift.



Eg var så heldig å få boka i gåve, 
rykande fersk,
på torsdag,
og eg får rett og slett lyst å strikka...

- Tusen takk Kristin - 


Og når favoritt-fotografen min, Bodil-Bo, og
favoritt-stylisten min, Signe,Resignert
har medverka til boka,
då vert resultatet utruleg bra.



Inspirasjon


Perfekt ramme rundt bilda,
Rosendal på sitt vakraste,
og dei skjønnaste modellane.

Eg anbefaler deg å kjøpe denne boka, viss du likar 
strikking,
matoppskrifter,
Rosendal,
fine bilde

Nyt boka, bildene og kanskje eit strikkeprodukt.

God helg.

Sjå og innom bloggen til Turid og Turisthotellet her


1 kommentar:

  1. Så mykje fint. Skulle såå ønska at eg kunne strikka hæl på sokkar ;)

    god helg til deg!

    SvarSlett