søndag 30. mars 2014

Vårlig turdag!



For eit vær,
for ein herleg vår!


I går var det "heime på altanen dag", 
i dag var det "ut på tur".

Pannekaker steikt på bål, 
smakar betre enn dei heime.



Mmmmmmmm,
pannekaker med blåbærsyltetøy og sukker.


Til dessert hadde vi flambert banan 
med melkesjokolade.

Oh my god,
gourmet mat, rett og slett.


To gode veninner som standhaftig prøvde fiskelukka,
men desverre vart det ikkje napp i dag.


Denne askeladden her, 
laga bare mykje røyk,
best å bare la damene ta seg av dette her ;-)


Denna flotta damo er eg veldi gla i,
og eg har kåra ho til den besta frilufts-veninno.

Tusen takk for ditt flotta initiativ til mange flotte 
aktivitetar!!


Lukka er å ha ein storebror som er så flink å fiska!!


Denne flotte karen er min,
og han sa dette hadde vore den 
kjekkaste dagen på lenge!

Det er ikkje ofte eg bloggar om desse kjekke kvardagsgledene 
vi gjer heile tida. Det vert mykje hus og heim.
Det er jo dette som er ekte kvardagsgleder for meg!!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar