fredag 30. mars 2012

Påske


Så er den her.
Vår-ferien kunne den vel egentleg heitte. Vi har haustferie, vinterferie og sommarferie, kvifor ikkje vårferie? 


Sida eg hadde ein lang og god juleferie, mens dei andre på jobben måtte slite og jobbe,
er det vel på sin plass at eg tar litt ansvar no.
Og det er heilt greitt.


Sist helg var vi samla ein stor gjeng med mødre og born inne på småbruket "vårt". Småbrukaren serverte nydeleg betasuppe, og sola skinte frå ein skyfri himmel....er det ikkje alltid sol der inne?


Vi malte på egg, innvia trampoline-sesongen og spelte badmington.
Kven som var ivrigast på malinga skal eg ikkje komma innpå her, men det blei blåst utav mange egg, ja.


Imorgon ventar vi pappen heim med ny bil til meg. For alle nye bilar i huset er vel til meg?
Vel vel, tida vil vise :-)

God fredag til alle flotte lesarar!



1 kommentar:

  1. Nydelige egg då!
    Her blei da rett å slett ikkje tid te eggemåling før mann og barn satte snuten mot vest.. Kanskje eg må mala litt sjølv i måro? tihi..

    Tusen takk for SUPERRASKT levert pakke!
    Mon tru om eg må servera egg til frukost i måro :)

    klem

    SvarSlett