søndag 29. april 2012

Vin blei fin


Sjølv om opphavet kanskje ikkje likar beskrivelsen, så vaks eg opp med ein slik som dette på "badet".
Vel å merke ikkje på badet vi brukte dagleg, men gjestebadet etc.
Og eg trur ikkje eg er langt vekke, om mange i min generasjon har opplevd det samme.
Resultatet av det som vart laga, veit eg ikkje mykje om, men kanskje veninnene mine gjer??


Uansett, så har eg vore i garasjen og funne denne fram att. 
Ballongen vart vaska, og "gitteret" pussa og spraya på nytt.


No har den fått nytt liv i stova mi.
Med trollhassel frå hagen til mamma, blei det nett som eg ønska.

Perfekt fotolys i dag gitt, med strålande sol frå skyfri himmel. Litt kald vind, men det oversåg vi.
Junior og meg var på trimtur i formiddag, utruleg kjekt å gjere slike aktivitetar saman med han.

No er vi "klare" for 2 veker aleine, sidan pappen er reist på jobb...

ha ei fin veke alle saman!

3 kommentarer:

  1. Kjempestiligt;-) Aldeles nydelig vær vi har for tiden så da er det deilig å være mest mulig ute.;-)
    .

    SvarSlett
  2. Stiligt frue!
    Eg har våre på låven hos svigerfar å hanka inn ein... Men eg har andre planar enn trollhassel for min... Da va bare detta med tio so sku strekka te eller nåke vettu :P

    Kos deg med fridag i morgo!
    Her e da meldt sol og strålandes ver! (Les: skin sola skal eg ligga langstrak i den nye sol-loungen min...) tihi..

    klem

    SvarSlett
  3. SÅNN har eg og lyst på!!!
    Fin☺

    Herleg med fri imåra ja-eg sku egentleg jobbe, men bytte vekk dagen mot ei nattevakt for 3 veke sia☺☺

    Kos dåke☺

    Klem M♥

    SvarSlett