Mykje fint i katalogen, som eg nesten hadde kasta utan å sjå i den...For ei lukka at eg ikkje gjorde da...sant min kjære!
No har eg venta lenge på å kunne kjøpe ei sånn "hotellpute" til å ha i senga. Mannen ønska seg ei slik, etter å ha sove på hotellet på Flesland. Så då har eg jo lov å bestilla sånne no. Der vi leigde sist, var det skråtak og ikkje plass. Men no...
Stort og flott bad har vi fått no, men med litt "kjedlige" fargar, som grått og kvitt. Då må vi farge det litt opp med "stæsj". Rosa e knall.
Må ha ny dørmatte og, men det var ikkje denne eg hadde tenkt. Får sjå om eg finn ei litt kulare!
Vi har sjekka inn på hotellet igjen. Ikkje fordet at vi ikkje kunne bu i huset vårt, men fordi junior må vere her i morgon når eg skal på jobb. Vi håpar på at pappen kjeme heim snart. Vi saknar deg!
Velkommen til min nyaste følgar, kjære Tanja!!
Dæsken.. der sa du det...
SvarSlettHM katalogen min ligg (forhåpentligvis) like uåpna enda på kjøkenbordet... Tanken slo meg ikkje ein gong at HM Home katelogen kom i samme pakke... hihi... Takk :)
Eg har då fått det for meg at eg vil ha dørmatte med stjerne på... kanskje litt "last year".. men dog ganske fint syns eg :)
Ha ei super veke!
Klem fra
Kjersti
Gler meg te puta :)
SvarSlett