onsdag 16. november 2011

Ulv ulv


Alle kjenner vel historien om gjetaren som ropte: " Ulv Ulv"? Det er ein historie eg kjenner godt frå barndommen, og som vi har fortalt vår gut fleire gonger....Moralen i historien er viktig.


Min ulv er på den nye puta eg sydde i går.


Eg kjøpte kjøkkenhandkle med ulv på, hos Hviit.no frå merket ByBord, og tok fram symaskina. Det gjekk litt fort i svingane, men resultatet vart akseptabelt!



Ungane krangla om å få kose med ulven i dag, så då tullemor var vel i seng....nytta junior høve aleine!

Kjøkkenhandkle kosta 170 kr, innerputa 98 kr og stoffet til bakstykke kjøpte eg på loppis. Grei deal det!

4 kommentarer:

  1. Fiiiin!!☺
    Eg har to hjortar eg digga☺

    Klem M♥

    SvarSlett
  2. Sååååå flott Solveig!!

    Den va knallstilige!!

    SvarSlett
  3. Knall stili kreative du:)

    Klem Frøydis

    SvarSlett
  4. Herlig pute. Eg gjorde det samme med nokon håndklær eg kjøpte på Nille, vart ei pute av 2 håndklær.

    Ei strålande flott helg til deg og dine, klem.

    SvarSlett