søndag 30. oktober 2011

Halloween


Halloween meg her, og halloween meg der. Vi feire ikkje Halloween hos oss. Men på barnetv i dag, var det mykje snakk om dette. Og ungane lurte sjølvsagt på om ikkje vi skulle gå rundt og be om knask...Endo ein unnskyldning til å få eta godteri på ein måndag...


Dette er det nærmaste vi kjem denne anledningen her hos oss. Junior lurte på om vi kunne skjere ut auge og munn på denne, men det kan vi nok ikkje. Pyntegresskar kan vi bruke heile hausten, og ikkje berre til Halloween, heldigvis. 


Siste kreative prosjekt frå denne kanten, er "strikkagensar" til gamle glas. Slike ser eg mange stader i interiørblada, og tenkte ganske tidleg at det lagar eg sjølv. Eg har brukt Vamse-garn, då eg ville ha det litt "tjukt". Så er det bare å variere på mønster og størrelse alt etter kor stort glaset er. 

I dag er det søndag, det regnar og vi har stilt klokko! Her i huset vil det sei at tullemor vekka junior kl 6 ny tid...hallo, ho pleie jo aldri å vekka han...koffor i dag???

Men ut på tur aldri sur...vi skal ut og finna lerkegreiner, for eg skal laga krans!!

1 kommentar:

  1. Feira ikkje Halloween her heller, men Anine går knask eller knep runde med ungane i nabolaget. Men denne helga er ho hos pappaen so han får ta den delen denne gangen☺

    Har og strikka meg slike "gensarar" til lysglass-veldig koseleg☺

    Vil gjerne sjå lerkekransen din☺

    Klem M♥

    SvarSlett