torsdag 11. august 2011

Kokosbolle


Dette er vel noko av det beste eg kan få. Og det veit han eg er gift med. Han kjøper den på 7/11 når han kjem frå jobb, og fraktar dei forsiktig med seg heim. 


Etter at den er fortært, er eg på grensa til kvalm. mmmmm eg gler meg til desember når det er tid for å lage kokosbollar!

Eg har teke fram rockeringen igjen. Etter ein slapp sommar, kjenner eg at det er på tide. Eg har teke joggeskono fatt igjen og, og har bestemt meg for at i vinter blir da tarzanfabrikken på meg. Eg kan ikkje gå og venta på at snø og is skal forsvinna, slik at eg kan gå på tur igjen.

Vektklubb har tjent nokre ekstra kroner på meg...igjen...men eg havne tilbake på syttitre, uansett korleis eg snur og vender på kokosbollane. Så då får vi bare prøva å halde det ved like!

No skinne kveldsolo på bygdo. Eg hadde sjølvsagt planlagt ein lang dag på jobb i dag, så sola vart nytta i lunsjen og i bursdagsfest på Lyngstrando. Takk for deilige kaker til sauabonden på Ramsgrø.

Ha ein fin kveld alle lesarar!

2 kommentarer:

  1. Mmmm.... Du veit da e kje snillt å frista på denna måten på ein torsdag....!!! Eg og har jammen meg kasta meg uti da igjen... No ska barselkiloane te pers... Ett år etter fødsel e da vel på tide?! Lavkarbo har måtta bytta plass med Vektklubben... Da hjelpe stort sett å ver litt streng med seg sjølv...
    Men ein kokosbolle... Da ska eg jammen meg unna meg på lørdag! ;)

    SvarSlett
  2. heiann! ja kokkusboller er bare nam! hehe ja etter denne sommeren kommer denne treningen hehe er ikke lett dette... hehe men kjekt å gå tur da!

    SvarSlett