torsdag 23. juni 2011

Litt meir...

 Den 20. juni 2011 har eg og mannen i mitt liv, vore gift i 2 år. "Bomullsbryllaup" heitter det visst. Trur eg må googla da og sjå kva da betyr!

Etter ein del timar i sola kom vi opp i leiligheten vår, og der sto desse flotte rosene. Faktisk dei flottaste rosene eg nokon gong har fått, og dei står like flott i dag!


Etter at ungane hadde sovna, feira vi litt med sprudlevatten på altanen.

 Verdens skjønnaste tiger, som sat i lang tid forann spegelen og beundra seg sjølv mens ho laga tider-lydar. ( Har ein tendens til å leva seg veldi inn i rollar, desse ungane våre..)
 ...og det seie seg vel sjølv at det kom nokre ulvehyl frå denne flotte ulven her og.

Sandslott må til når ein er i syden. Og bygningsingeniørane poserer villig. Ho mor passer best som fotograf ho, etter at ho såg på bildet ho var med på og alle 3 valkane viste TYDELEG!

Og valkar kan det bli fleire av, for desse buffèane her bugnar av alt du kan drøyme om. Og dessert må vi jo ha, til lunsj og!!

Vi har det fantastisk her på Mallorca. Og i måro har vi ei heil veke igjen. Litt solbrent er eg, men det kjem seg det. ( Eg blir jo ALLTID solbrent, så koffor trudde eg at eg sku unngå da i år???)

3 kommentarer:

  1. Berre å nyta da for her klårna da heila tio opp t ei ny bya!

    Klem. Marian

    SvarSlett
  2. Åh.... så koselege bilder Solveig! Kjekt å sjå at dåke koooooose dåke! :)) Nyta siste dagane, saaaaavne deg på jobb!!! Klem frå Randio

    SvarSlett