søndag 22. mai 2011

Så lett kan det vere


For ei tid tilbake kjøpte eg ein duk hjå Stemning. Den låg i ei korg til  - 70 %. Den var 1 x 1 meter, og eg såg to puter i den med ein gong.


Så då var det å setje seg ned med denne gode veninna, og vips...


hadde vi to nye puter i sofaen!

Sidan det då berre var nok stoff til putene, som er 50x50 cm, så måtte eg "juksa litt". Eg sydde dei rett og slett heilt igjen. Så får eg sprette dei opp når eg skal vaske dei. No problemos når ein bare kan da!

Så gjere vi oss klar for ei ny veka, nistene er smurde, kle skal leggast fram ( mon tru om Sabeltann gensaren er rein???) og vi må igjen vekke ungane kl 6,30.

Ha ei fin veke alle saman!

3 kommentarer:

  1. Så smart du er då;) Og koseleg blogg du har! Eg hiv meg på som fylgjar eg:)

    SvarSlett
  2. "Det enkle er ofte det beste" var ein tanke som slo meg no....Ha ei fin veke, Solveig - kvardagar er eigentleg ikkje så verst, sant?

    Klem. Marian

    SvarSlett
  3. God veke til deg og :-)
    Kjempelurt å laga alt klart kvelden før :-)
    Jere mårådagen litt enklare!!

    Eg e og der ;-) Lære litt ettekvert!
    Nå når eg endelig he blåst støv av pc'en, kan det jo væra at eg ikkje komme meg i seng i kveld....!! Tjihiii!!

    SvarSlett