onsdag 4. mai 2011

Grillsesong


Når det er vår i lufta, sola skin og det er iallefall litt varmt...ja, då grillar vi!

Vi har funne oss ein lun krok med ettermiddagsol, og der riggar vi oss til med monstergrillen og god mat! 


Masse salat no om sommaren. Kunne vore flinkare med å variere innhaldet, men ofte er det enklaste best.


mmmmmmmmmmm "mannmellom" seier tullemor og et skåla tom, før middagen er servert....sjølvsagt!


Onsdag er fridagen min. Då sit eg omtrent ikkje nerpå, bare svive rundt med støvfilla eller støvsugar. No for tida surrar eg og rundt med pappesker, papir, osv Eg skal nemmelig pakka ned igjen. Ja, det er sånn ca eit år sidan sist. Det nærmar seg at fotografen skal ta bilder til prospektet, og eg vil ikkje at våre personlege ting skal komme på prospektet til han vi leiger av. 

Eg har avgjort at eg skal pakke ned ALT som vi ikkje treng før vi er i det nye huset, og det er faktisk ganske mykje. Så finservise og stettaglas blir det lite av det neste halve året, samma med masse lysestakar og pynteting. Bøker og anna kan eg nesten ikkje hugse at eg har...eller har eg? heiv eg dei sist? 


1 kommentar:

  1. Du skal sjå du blir ein skikkeleg "Minimalist" før du er flytta inn i nyahuset ditt! Berre bra det å leva seg inn i den nye stilen med ein gong! Gjøyme litt til på stoff-paken din eg!

    Marian

    SvarSlett