tirsdag 15. februar 2011

Ny kjole



 Mi vesle "prinsesse" er ikkje så begeistra for å gå i kjole. Men ho tar på kjole, når eg seier at ho skal. Det er i bursdagar og andre tilstelningar der ho skal vere litt finare enn dongeribukse og Kaptein Sabeltann t-skjorte.

Sidan eg no har lært meg å sy, ville eg prøve meg på ein "putetrekk kjole" til henne. Eg fann fram nokre restar av ei gamal Ikea-gardin, der stoffet minnar om denim.


Og nokre timar på sy kafè, så hadde eg kjolen klar. Med eit lilla hjarta på, vart den så go som kjøpt!


Vi hadde selskap på søndag, og då sa eg at ho skulle ha kjolen på. Litt motvillig tok ho den på, men ho likar det litt og...


 Kan eg få kake no? Spurte ho etter at eg hadde fått bilda mine! Kake fekk ho, sjølvsagt!

Ha ein super tysdagskveld alle saman. Eg bakar gulkrem kake. (Hadde noko fløyte i kjøleskåpet som måtte brukast, så... Da va som mamma hadde sagt da sjølv. Eg må vel innrømma at eg har nokon likhetstrekk, ja....)

3 kommentarer:

  1. Syns ho såg blid og fornødd ut eg! Kjolen blei fin den - og kaka heilt sikkert god!

    SvarSlett
  2. Så flott kjole! Sånn at eg nesten vert inspirert til å prøve sjøl... Men mangla vist både maskin og stoff så får kanskje heller gå til hauen med strikkeprosjekt og prøve å fullføre noko der???

    SvarSlett
  3. Heldige meg.. Akkurat ferdig å skriva kommentaren, så forsvant den!!

    Flink du e å sy, eg e imponert!! Kos deg med kaka, snart helg :-)

    Tenk; snart helg!!!

    SvarSlett