søndag 21. november 2010

Bakedag

 I dag har vi baka kakemenn. Eg likar best sånne deigar som ikkje treng stå over natta ( rett og slett fordi eg gløymer det ut :-D) Så etter frukost i halv ni tida, var vi igang med deigen!
 Dette er ein aktivitet som slår an her i huset. Alle er med!
 Og junior blei faktisk lei seg fordi det var tomt for deig! Sånt likar eg. Men det er vel viktig å ikkje overdriva. Så ein deig for ca 4 brett i ovnen, trur eg er passeleg.
 Ja, treng eg sei meir?
Og her er siste nytt frå tomta: han far har gått laus med motorsag og saga ned alle trea. Så no har vi ved dei neste åra og! Han har og brent opp alt riset, så no er den klar! Teikningane er inne, klare til å søka på. Kjenne eg vil komma i gang no. Eg gler meg til nytt hus!!

2 kommentarer:

  1. Koseleg med bakedag☺

    Og skjøne godt du gleda deg til nytt hus☺ Spennande! Håpe søke prosessen går fort!

    Klem M♥

    SvarSlett
  2. Det såg ut til alle heile gjengen koste seg!

    Klem F

    SvarSlett