På torsdag hadde eg make-up kurs med Mary Kay produkt. Eg bakte då litt muffins til dei som kom. Og restane fekk kollegane mine på fredag! Og formene frå Green gate var heilt supre.
Oppskrifta tenkte eg eg ville dela med dåke, for dei var veldi gode:
50 gram smør Smelt og avkjøl
2 egg
2 dl sukker Pisk til eggidosisi
3-4 dl kveitemjøl
2 ts bakepulver Bland i det tørre, vekselvis med smør og mjølk.
1 dl mjølk
2-3 epler Ha i muffinsformer, stikk eplebåter i, dryss på kanel og sukker viss du ynskjer det.
sukker og kanel til pynt.
Steik midt i ovnen på 225 grader i ca 20 min.
Og her er resultatet etter sminkinga. (smil med nerovermunn? den var ny.....)
Eg vart veldi nøgd, og handla sjølvsagt litt!
Å nam! ....sa Anine som satt ved sida av meg når eg gjekk inn her☺
SvarSlettKjekt å få tips ang sminke!!☺
God helg☺
Klem M♥