lørdag 5. juni 2010

Hus, hus, hus

Sidan vi no har solgt huset vårt, kan vi verkeleg sleppe draumane fri om kva hus vi skal bygge! Vi har bestilt inn dei fleste huskatalogane, så valget er mangfaldig.

Skal vi velge eit klassisk? Då vil mammo mi bli veldig glad!  Eller skal vi velge herskapeleg? Spørst om vi har råd til mat og drikke då.... Eller skal mannen få draumen sin om eit moderne hus??

Her ser de han sitje og bla, slå opp på nettet, rekne, teikne, ja, you name it!!! Men han veit ka han vil, da ska han ha!

I dag har vi hatt familieutflukt til SIM!! For dei som ikkje veit kva det er, så er det avfallslevering, der vi betale ein pen sum, og kan kvitte oss med alt!! Og det blir nok ikkje den siste turen dit. Eg måtte køyre ( med tilhengar.....) og mannen sat i baksetet. På grunn av at da lukta muffens av han i dag, fekk han berre komma fram ein gong......når vi måtte snu, igjen med tilhengar............... ( Lukta kom av ein litt fuktig kveld med gutta, for å avslutte Furtebua!!)


På turen stoppa vi ved eit hus i Herøysundet. Eg ser på det kvar dag eg køyre heim frå jobb, og i dag stoppa vi. Ut av bilen alle 4. Dei såg litt rart på oss, dei to som stod og mala....Men vi gjekk opp og spurte fint om vi kunne få sjå huset deira. Og det fekk vi. Trur dei synst det var litt stas!!! Og dei viste og forklarte. Og for eit hus. Dei store flotte romma, masse lys med store vindauger, høgt under taket. Oh my!

Huset var arkitekt teikna, og tilpassa deira behov. Veldi bra! Lure nesten på om eg må gå på besøk etter at dei har flytta inn og...?? Det gjensto litt arbeid, men pga transportstreiken var dei litt forsinka, men i løpet av sommaren håpa dei!!  Og så takka vi for oss, og køyrde heim....utan å presentere oss!!!!!!!!E da mulig? Så no lure dei sikkert på kven dei der rare folka var...............

4 kommentarer:

  1. Så spennende dere har det nå, blir nesten litt misunnelig. Vi har kjøpt et hus som snart er 40 år gammelt, så vi pusser opp både ute og inne. Men vi får det jo aldri helt som vi ønsker. Så vi har veldig lyst å bygge nytt begge to, men det var dette med å låne masse penger òg da. Ja, ja, en kan ikke få både i pose og sekk.

    Ønsker deg en fin søndag og en flott kommende uke. Lykke til videre med husplanlegging. Klem

    SvarSlett
  2. Så kult besøk av dåkke då!!
    *morsomt*

    Kjempespennande med nytt hus då! Men sikkert litt vel møje å velga i....??

    Nå får me gå å legga oss!! Klare aldri å legga meg te rett tid!

    SvarSlett
  3. Å så spanande med nytt hus. Har dåke tomt? Flott i Herøysund då? hihi.

    Finaste stranda i kommunen har vi jo?

    Klem F

    SvarSlett
  4. Hei!
    Gå inn på trivselhus.se, der er det mange fine hus og praktiske løysingar, og ikkje minst får mannen eit moderne/funkis hus!!

    SvarSlett