mandag 17. mai 2010

17. mai 2010


Så var dagen kommen, og vi kunne ta på oss bunadane! Eg er veldig glad for at eg har ei snill og flink mamma som KAN bunad. Ho syr, fiksar, vaskar og stryker for oss. Så i dag kunne vi bare køyre inn, og kle på oss der. I dag måtte vi ha ull under, for det var ganske kaldt og surt!!

Sjå pappa, kor fine vi er idag!!

"Flikk Flakk" fekk og vere med på feiring her i Omvikdalen. 

Det blei både kake, is, pølser og brus på oss. Og sidan pappa har bursdag, var det kakefest der og, etterpå!! Og til middag hadde vi Grandiosa -> er det fest, så er det fest!!!


Før vi gjekk i toget i Rosendal, måtte vi innom og helsa på oldebesto. Ho hadde så lyst å sjå oss i finstasen. Ungane var mest opptekne av å spele på "saksofonane" bestemor hadde kjøpt til den store dagen. ( Nydeleg lyd i dei, du!!) Men oldebesto smilte og lo av dei.

Rart at det ikkje var eit einaste bilde av meg  i finstasen i dag?? Det er det ein enkel forklaring på: min kjære var ikkje heime, og det er han som pleier vere fotografen vår på sånne dagar! Savne deg, vennen!

3 kommentarer:

  1. Så fine dei var i stasen sin :-)

    Slo storebror rekorden sin frå i fjor ang. is?? Me va visst litt "pin ne" kun enn is på kver (hadde det me veret å jera??) Ja åsså hadde me en kversin når me kom heim :-)

    Nå blir det faktisk godt me kverdag igjen!!

    Bare synd at så mange av fri-mandagane mine ryke te i mai!! Men eg unne sjølvsagt alle andre enn ekstra fri dag og :-)

    SvarSlett
  2. Så fine de var, og så kjekt at de har ei oldebesto :-)

    SvarSlett
  3. Fin få få litt oppdatering ka so sjer heime når ein er på jobb i Nordsjøen.

    Gullungane te pappen :) Gla i dåke .

    SvarSlett