onsdag 23. september 2009

Noko nytt og noko gamalt

Eg har fått sånn sansen for gamle ting, eller iallefall gamal stil. Då eg kom over denne gamle osteklokka vart eg overlukkeleg...Og den passa jo så godt som perfekt til dette fatet som eg kjøpte på Frk Lande på Stord, til HALV PRIS. Ein aldeles herleg snopebutikk for oss damer!

Desse store krukkene fekk eg til bryllaupet. Dei er tomme føreløbig, men eg har tenkt å fylle dei opp. Og då eg kom over dei små krydderboksane i eit gamalt skåp, kunne eg jo ikkje dy meg. Dei var så nydelege. Og gjorde ingenting med litt hakk, sprekker og inntørka kanel. Eg er no den heldige eigar av desse!
Eg har fri idag, og nyter ein regnfull dag inne, med mann og barn, som og har fri. Vi har vore og bestilt pass, då vi skal til syden i november. Gler oss alle te da. Så då kom eg brått i sparemodus. Godt eg har handla litt frå meg i da sista då :-) Håpe andre og nyter haustdagane innandørs, med blogging, stearinlys og god mat!

3 kommentarer:

  1. Gratulera med både nytt og gammalt!
    Likte spesiellt godt dei gamle krydderboksane :-)

    Noke gang på konkurransen din??

    *ATK*

    SvarSlett
  2. Hehehehe, sitat Solveig: "...fekk EG til bryllaupet.." Hva fikk Terje? ;-D

    SvarSlett