onsdag 12. august 2009

Ein liten kunstnar!


Ein liten kunstnar er fødd..... med djup konsentrasjon og fargestiftar, var prinsessa klar for å teikne. Og jenta visste korleis ho skulle bruke blyantane.

No e da mindre enn ei veke til ho skal begynne i barnehagen, og mammo på jobb. Da blir spanande og utfordrande. Men er veldig glad for at eg har vore heime såpass lenge. Sjølvsagt var det kjekt at det kom inn lønn på kontoen i dag, sjølv om det bare var for ein halv månad...

Da e haust no. Det regnar dagleg ( som om ikkje da har gjort da lenge...) og eg er klar for stearinlys og fyr i ovnen.

I morgon kjeme Bohus-bilen med skjenken min ( og ei hylla eg bestilte i siste liten, som prinsesso ska ha på "bøttekottet" sitt!

tirsdag 11. august 2009

Ein stor tabbe!

Etter ein litt kjedli morgon, med kjefting og sånt, skulle eg glede prinsen med nytt Kaptein Sabeltann blad!! Fin tanke. Men ka skjer???Jo, prinsesso rive tak i da og tar av plasten og begynne og lesa, mens eg tar ut varene frå butikken..Shit ka gjer eg no? Eg må vel fint køyra på butikken og kjøpa eit til...

fredag 7. august 2009

Endeleg grilling igjen...

Då va sommaren nesten her igjen. Mamsen og prinsesso har gått i sommarkjole og lufta tillane idag!! Og då måtte da bli grilling på terassen. Så då va da å tørka støv av møblane og installera seg igjen. Deilig!!
Papsen laga hamburgarar frå boten av ( vel, han slakta ikkje dyret og sånn, men...) og dei blei knall!
Må og presisere at hamburgerbrøda er heimalaga i dag av sjølvaste mamsen! No e da blitt kveld, og eg sit ute i hagamøblane mine, bloggar og ja, eg ete chips frå chips skåla mi, og godis frå godis skåla. Ska trimma da av i måro tidleg!!!!! God helg!

Premie!!

Anne Tone var besøkande nr 200, og kan vente seg ein premie ein av dei nærmaste dagane!! Så folkens, her e da bare å følge med vidare!!

torsdag 6. august 2009

Plukka plommer i Hardanger..

" Vi skulle plukka plommer i Hardanger, og drukke vin og cider i fra spann, og småspist av et tre, med rød moreller...." Ja, august er ei fin tid for meg som er glad i frukt og bær, og å foredla da, sånn at eg kan kjenna på følelsen heile vinteren...
Så mens prinsessa søv, hive eg meg praktisk talt rundt, og får ei panna med plommer på kok, og resultatet:
Blir sjølvsagt nyydeli syltetøy.


Kan ikkje klaga når eg har ein pappe, som har så masse frukt og bær, at vi bare kan gå og plukka frå trea og ete til magen står sprengt...!! Og då tåle vi litt promping utøve kvelden,he he he!!

Kommentering

Eg ser på teljaren at da e mangen innom bloggen min. men der er ikkje mange som kommenterer. Eg ynskjer at DU legg igjen ei lita helsing til meg når du er innom!! Skal snart ha konkurranse, og då håpe eg da blir fart på sakene!!

onsdag 5. august 2009

Shopping

Eg trur mannen min gler seg litt te eg ska begynna å jobba igjen... For då blir da ikkje så mykje tid til å shoppa. For eg like godt å shoppa, helst i butikkar, men og på nett. Så....da går jo litt pengar då!! Sista eg bestilte var denne skjenken her, frå Bohus: Eg har ønska meg den sidan vi kjøpte spisebordet vårt i olja eik. Men har liksom venta på ein god anledning. Og jammen meg, eg synst ein tysdag i august var ein god anledning. Så no kjeme den snart på døro, og då skal eg visa dåke bilder av den "skjenken" som står der i dag, og den nye på plass!!

Og den butikken eg likar best for tida er Årmann i Rosendal. Eg eeeelske å bare gå inn der og snusa litt kvar dag. Har kjøpt mange gåver derifrå i da sista og, og håper dei fell i smak!