onsdag 13. februar 2013

Nytt rom


"Kjellarenstova" trur eg ikkje eg har blogga om før.
Det er eit rom eg ikkje blir heilt ferdig med,viss du skjønar?!?
Det er rommet trappa kjem ned i. Her er gang, og rommet alle soveromma og badet har dører til.
Vi har plan om å ta ned eine sofaen her, når vi har kjøpt ny til stova vel å merke.


I dag har vi ein gamal tv her nede, playstation og dvd,
ein stol og ein saccosekk.
Akuratt det treng eg ikkje blogge om.

Dette bildet er teke før eg rydda, ser eg.


Her er Hemnes kommoden eg har måla i Dempet sort.
Ein farge eg er svært nøgd med.
Rulla over den gamle tv-benken, medan eg heldt på,
så vart dei like.

Pittelitt interiørblad i stablar.
Kjem sikkert til å lese dei ein gang.


Verdenskartet må jo og nevnast.
Eg hadde ein gong nevn for mannen at eit sånt verdenskart hadde vore kjekt å ha.
Så han kjøpte eit han, på Ikea....
Trudde eg sku bli så glad...

Heilt til vi begge skjøna kor stort det var....

Men det heng no der,og det tek ikkje plassen til noko anna, så...


Finaste uglene mine.

Ja, Evelyn har stjerner og eg har ugler!!

3 kommentarer:

  1. kult... like den svarte hemnesen... :)

    Klems Diana, som har litt av kvart... ler...

    SvarSlett
  2. Det er fint alle plasser hos deg Solveig! At kartet var så stort gjorde seg faktisk.

    Kjekt at kikkar innom meg og at eg får veta at du gjer det - ja, det set eg pris på!

    Marian

    SvarSlett
  3. Hei hei.
    Tusen takk for koselig hilsen på bloggen min, så fant jeg også deg.
    Så flott blogg du har , gleder meg til å følge deg videre.
    Lykke til på min giveaway.
    Kos deg på denne kjærlighetens dag.
    Klem fra Karianne

    SvarSlett