søndag 2. desember 2012

Kreativitet


Når kassane med julapynt ikkje inneheldt det eg 
drøymte om at dei skulle,
så måtte eg bare gjere det beste ut av det. 
Ingen tvil om
at kreativiteten blomstra.


Glaskassen frå Blomingville er no
fylt opp med kongler, lyslenke og
den gamle hjulvispen til besto.


Den lyser så fint no i kveld.

Dagen har vore full av koslige ting,
aking, speling, perling, laga kokosbollar nam nam,
middagsbesøk og enda meir besøk. 

No har eg tradisjonen tru vaska golv, og gjort huset klart for ny veke.
Har gått gjennom kle og sko, pakka vekk sandalar og ca 30 capsar (!), vår sko og jakker.
Så no har vi god plass til vinterkleda som må brukast no når snøen er her.

Fin veke til dåke alle.

Takk for kjekke kommentarar, da gjer meg så glad!!!

Endeleg er vi igang!


Innlegget skulle ha komt i går, den 1. desember,
men dagen for i rakettfart.
(sjølv om den starta kl 05,50....)


No er endeleg desember her, og eg er i gang med pynting.
Her hos meg vil det vere mykje raudt i julepynten.
Eg synst raudt høyrer med i til jula, og i lag med sølv, kvitt og sjølvsagt natur.
Det vil og komme nissar inn i huset mitt.
MEN
då eg gjekk gjennom julapynten på fredag vart eg oppgitt...


Korti kjøpte eg eigentleg ny julapynt?
Kassane på loftet bar tydeleg preg av at det har vore lite fornying siste åra...
Tova nissar frå hausten 2004
Nissar eg har fått frå butikken, som er eit lite hakk og to i...
Diverse nissar der ingen er like, sånne som eg har fått i gåver oppgjennom..
Og eit hav av pynt ungane har laga. Dei skal få komme fram,
i lukka område....LOL...
Neida, eg skal setje det fram, sjølvsagt skal eg det, men eg skal samle det på ein plass.

Tips til kvar eg kan finna fin og ny julapynt mottas med takk!!


Sjå kor flott den vesle raude detaljen på ugle-bildet kjem fram no!!

Eg er svært nøgd med pyntinga eg har gjort til no,
brukt det eg har,
brukt mykje natur og lys,
'blomar og mose,
skåler og anna eg hadde i skåpet.
Det kjem meir bilder etterkvart,
treng bare litt betre lys.

Og tenk, det snør ute,
masse snø.
For ei lukka fyrste helga i desember.
Perfekt!!

lørdag 1. desember 2012

torsdag 29. november 2012

Adventstake

'

Årets adventstake er klar.
Eg er så klar for å ta den i bruk.
To dagar igjen no...


Kvit dekorstein i botnen, som eg har "lånt" på jobben.
(skal få dei att i januar...ler....)


Skål kjøpt på loppis til kr 5,-



Lys frå Tilbords på Husnes,
kjøpt av ho finaste!

Sølvtal frå Fredheim Blomster.


Vips der var den klar!
No er det bare å lade opp til den store pyntinga fredagskveld,
etter at ungane har lagt seg ;-)

I morgon skal eg ha ansvaret for standen til Fredheim Blomster på 
Besøk oss gjerne der.
Vi har laga dørkransar, dekorasjonar og har mykje anna fint med oss.




onsdag 28. november 2012

Ynskjeliste frå Hviit.no


 



Nettbutikken Hviit.no  har ei utfordring om å vise vår ynskjeliste til jul, frå butikken deira.
Kvar søndag i advent vert ei slik ynskjeliste trukke ut, og kan vinne ei gåve frå ynskjelista.

Så her er mi liste. Kan nesten ikkje begrense meg, he he.

( ikkje så god på kollage-redigering, men men....)

tirsdag 27. november 2012

Juletre?


Eit juletre er vel ikkje bare eit juletre.
Det er mange ulike fasongar og fargar etterkvart.
Dette vert eit ventetre,
men er det ikkje fint??


Passar så godt inn hos meg.
(og vi har eit par stykker igjen på blomabutikken til halv pris!)


I ettermiddag har vi laga fuglamat.
For dersom det vert skikkeleg kald og snørik vinter( sånn som vi har bestilt!),
så må fuglane og få mat.

Eg kjøpe ein pose med villfuglblanding og 
ein pakke med Flott 
(sånn til smoltbakst og frityr, ligg i kjølen ved Delfia-fettet i butikken!)


Ungane fylte avklypte kakeformer, mjølkekartongar og yogurtbeger med fuglablandinga.


Så tok vi ein hyssing godt nedi.
Til slutt helte eg over smelta "smolt" og rørte litt nedi for å blande det i.
("Smolten" skal feste fuglafrøo saman, sånn at vi kan henge dei opp!)

Ein kjekk familieaktivitet ein mørk ettermiddag.

Fin kveld til dåke alle!

søndag 25. november 2012

Kakemenn


I dag har eg eit lite interiørmessig innlegg. Eg smiler for meg sjølv,
for kva er vel meir kvardagsgleder enn nett dette her.
Meg og tullemor som baka kakemenn.
Ho sat i 1 heil time.
Ja, du leste rett.


Eg kjevla, ho trykte ut.


Storebror ville heller spela data....
men han trykte ut denne deigen her....
til slutt.


Ein super laurdag med baking.
No har vi nok kakemenn til jul,
to fulle boksar. Nam nam


Så då er vi igang med julebaksten.

Har bare ein 8 års dag i to omgangar som skal bakast til og...
Joda, eg likar det.

Dagen i dag blei ikkje slik eg hadde planlagt,
bare enda betre.
Gode naboar på besøk,
venner av ungane på besøk,
eg fekk støvsugd OG vaska golvet.

No er begge to i seng, og eg skal ligga apatisk i sofaen og sjå på tv!

God søndag til deg og!