Viser innlegg med etiketten Mars 2012. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Mars 2012. Vis alle innlegg

lørdag 31. mars 2012

Litt fleir enn eg trudde


Eg har brukt eit gratis teljesystem som heitter Sunset eitelleranna på bloggen. Har no eigentleg vore litt "skuffa" over at eg ikkje har hatt fleire sidevisningar enn den har vist, sidan så mange gjer meg tibakemelding på at dei les bloggen min fast.

40 000 besøk er ikkje lite, for all del. Men då eg lasta ned siste versjon av Blogger, gjekk eg innpå statistikk..... den viste 70 000 besøk! 30 000 fleir det. 

Så eg avslutta den på 40 000, som då ikkje har funka slik den skal (ja, eg kan ha gjort noko med innstillingane der, eventuelt kva den skal telje etc....)

Eg velger difor å bruke blogger sin frå no av. 

Syttitusen faktisk. Eg er stolt, takka vere dåke lesarane mine!! 

Takk alle saman for at de les og forhåpentlegvis likar bloggen min!



søndag 18. mars 2012

Ugletre

Hugsar dåke at eg planla å lage eit tre med wallstickers som eg kjøpte hjå Panduro? Iallefall, her er treet ferdig.
Tullemor var med og festa uglene på, og var strålande fornøyd.
Ho kunne vel egentlig ha tenkt seg enda fleire ugler på treet... men mammo sa det var nok....


Laga ei lita ramme med ugler i og vi då, når vi fyrst var i gang.

Formen er betrakteleg betre. Mannen reiser på jobb i morgon, og vi driv og gjere huset vi budde i, klart for overlevering. Ser ein ende på det no...heldigvis...

God søndag til alle!

lørdag 17. mars 2012

Sol ute og det er vår!

Sjå kor sola kikkar inn vindauga.
Det nærmar seg veldig vår ute no. 
Ungane går i joggesko ( iallefall av og til!) og påskeliljene er komt i potte.

Snart påske er det og. 
Ferie som mest sannsynleg skal tilbringast i lavlandet.
I fjor var vi på Hovden og sto på ski, og heime var det over 20 grader. 
Påsken var vel litt seinare om eg hugsar rett.
Saknar å stå litt på ski. I år har det vore minimalt, desverre. Helso er på bedringens vei, så kanskje det blir ein tur i påsken likevel??!

Ha ein fin lørdag alle saman. 
Velkommen til nye følgarar og lesarar.
Bli med på Give Awayen, så kan du vinne kjekke premiar!
Klikk her for å vere med.

fredag 16. mars 2012

PH 5


fredagslykke



Lampane mine er på plass.


Kjøkkenet vart komplett no.
Veeel, manglar vel noko vesentleg oppforbi ventilatoren...meeeen men


Litt dårlege bilder no i kveldinga

Måtte bare visa dåke.


Montøren er pålogga nordsjømodus, og tar småjobbar for administratoren.
No er lampane på plass, dusjen oppe montert og jammen har eg ikkje fått tv på kjøkkenet og.

Bli med på Give Awayen min ved å klikke her

onsdag 14. mars 2012

Kokande vatn rett frå springen


Vi har installert ein slik Grohe Red Duo på kjøkkenet vårt.
Eller da vil sei, mannen min har installert ein slik.


Den har fint design. Og det er viktig!!


Har testa den ut, både til pasta, poteter og til te-en min!

Den funke veldi bra, faktisk.


Sikkerhet er noko deg er oppteken av, særleg når det gjeld kokande vatn.... får av og te sånne "syn" der eg velte kaffikoppen øve ungane etc....heldigvis har det ALDRI skjedd noko. Bank i bordet!!
På dette armaturet er den til venstre på bildet "vanleg", med varmt og kaldt. Den til høgre er for det kokande vatnet. Den må ein halde inne ein sikkerhets knapp med, for å få det kokande vatnet.

Joda, det fungerer bra. Må sei det.





tirsdag 13. mars 2012

Litt raudt freshe opp


Badet oppe, eller gjestebadet om du vil.
Eg valgte å ha grå veggplater og samme golvbelegg som nede. 
Då passa det best med kvit innredning,  frå Linn Bad her og.



Eg har raude detaljar på dette badet. Må ha litt farger i interiøret. Raud er ikkje ein farge eg automatisk velger ellers. Er meir glad i cerise eller lilla, men det er jo det som er så greitt med slike detaljar; det kan skiftast ut med årstider eller jamne mellomrom.

Eg trenge litt farge i stova mi og. Tråler interiørblader og internett for inspirasjon. 
Men fyrst skal eg hente fram alle kassane mine, for eg har mange skattar som framleis er nedpakka og står i kjellaren til naboen.

Skal og ein tur til Ølen Møbler snart, og ein tur på Ikea for å kjøpe vitrineskap. Må bare blir frisk fyrst....

lørdag 10. mars 2012

Så var det over


for denne gang. 
Feiring av den flottaste 4 åring. Mammo laga rosa cupcakes med sølvkuler, mest for å tilfredstilla eigne behov.


Tante laga pikekyss i alle fagar, som ungane sjølvsagt ELSKA. Tullemor bæsja grønt i dag....det seier vel litt om mengda på inntaket?!?


Her får dåke realiteten. Mor legg på rosa duk og rosa cupcakes, mens tullemor vil ha fotballbursdag. Jaja, ho stilte i den rosaste prinsessekjole når gjestene kom. Viktig med kontrastar.




...og etter at festen var over kom denne vesle karen på besøk og tok seg av oppryddinga.


torsdag 8. mars 2012

Litt gult


Som eg skreiv på fjesboko i går, så e detta nett som å vera på besøk hos nokon med DA lekra huset!!


Kvitt og grått, kvitt og svart, litt meir kvitt, litt brunt
og så litt gult.


Er veldig fornøyd. Skal ha ny sofa på sikt. Må bare finne den rette.


Vi gjere oss klare for å feire 4 års dag idag, til den beste 4 åringen som finns.

onsdag 7. mars 2012

Er på plass


No er vi på plass i nyahuset.
Det var lika bra som eg hadde forventa.
At eg fekk influensa midt oppi flttinga, var ingen hindring...eg blei bare litt ekstra sliten.


Noko av dei fyrste møblane som var på plass, var hagamøblane eg kjøpte hos Bo Grønt fredheim Gartneri i haust. Dei har stått på lager, og har no fått plass i stova. Planen er at dei skal ut til sommaren, men vi får no sjå.


Ovnen er på plass, grå med stålpipa.
Flott lesekrok for interiørblad, ein god kopp kaffi og litt sjokolade.

torsdag 1. mars 2012

Bad nede


Her er badet vi skal bruke sjølv. 

Innredning frå Linn Bad, type "Ingrid". 


Dusjen er Showrama 8-5 frå Ifø.



Baderomsplater på veggane og golvbelegg på golvet. Lettstelt og fint!

Takk for alle tilbakemeldingane om kjøkkenet. Og det blir BEGGE lampane. Gler meg masse til dei er på plass.