Viser innlegg med etiketten bad. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bad. Vis alle innlegg

torsdag 8. august 2013

No blir det uhuuu stemning på badet


Sjå på denne skjønningen eg har fått!
Så utruleg nydeleg.

Ei veninne posta eit bilde av ei slik bedårande ugle på Instagram.
Eg la ikkje skjul på at eg så veldi ønska meg ei slik...

og då eg kom heim frå ferie,
fekk eg denne.

-Tusen takk, Anette-


Under sist ommøblering,
flytta desse uglene og inn på badet oppe.

Dei har alle si personlegheit,
sin skjønnhet og sin intelligens.


Minstemann har flytta inn i fuglehuset.

Kikkar ut og held eit auga med oss.


og til slutt, siste tilskudd i familien.

Nydelegaste
Finaste
Skjønnaste
Største

Kjøpt på loppis.

Ho har ikkje heilt funne sin plass i huset enda. 
Vi går litt rundt og prøver, så ho kjem til å dukke opp litt overalt frametter.

Ho seier ikkje så mykje, men eg veit kva ho vil.



søndag 4. august 2013

Orden i sakene, iallefall ei stund....


Badet nede er stort sett fylt med kle, kle og endo meir kle.
Noko er reint, noko er skittent
og noko er sånn
brukt ein gang, 
for brukt til å leggast i skåpet att,
men for reint til å vaskast...
Skjønar?




Derfor har vi no ei Expedit hylla frå Ikea ned på badet.
Vi er 4 i familien (Flaks)
og alle har difor fått ei Skuff-korg kvar til å legge kleda sine i.
Det funkar faktisk.

Ei stund.


Elektrisk handkletørkar har blitt eit must hos oss.
Denne er frå Clas Olson.
Det er kvardagsluksus å ta eit varmt og tørt handkle frå denne etter ein dusj.


Laundry-korg frå Åhlens.
Oliventre
Knottar frå HKLiving, Button Hook.
Desse kom opp før hylla vart plassert.
No er dei ikkje så mykje i bruk, desverre.
Men fine er dei.

'
Dorullar kan og vere ein del av interiøret,
oppi ei fin fin korg.

Så får vi sjå kor lang tid det tar før det igjen heng klede over badekaret,
eller ligg strødd på golvet.....

Vi har baderomsplater som liknar fliser på veggen,
og golvbelegg på golvet.
Utruleg lett å halde reint,
eg anbefalar det på det strekaste.

Fin fin søndag til dykk alle.

søndag 5. mai 2013

"Hade på bade"


På badet nede har vi dobbel vask,
og ikkje noko benk-plass ved sida av.
Det er ganske så smalt.

På Ølen Møbler fann eg,
(eller det vil sei; mannen fann)




tøff og smal såpedispenser
og tannkosthaldar.


Likar godt lilla og valgte difor lilla såpe.

Ilag med lilla detaljar vart det kjempe lekkert.


Og så: tannpuss-timeglass.
Genialt for å få dei små til å pusse lenger,
for jammen er dei kjapt ferdige av og til.
Vi passar på at det vert gjort skikkeleg,
men denne var lur likevel.

Ein kveld tullemor pussa og pussa, sa ho til slutt;
"nei, no gidde eg ikkje meir!"

Timeglaset tar 3 minutt,
og det er ganske lenge,
bare prøv du og.

Forresten så er eg på plass på Instagram, eg og.
Følg meg gjerne på 
"kvardagsgleder"