Viser innlegg med etiketten Påskegleder. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Påskegleder. Vis alle innlegg

lørdag 19. april 2014

Påsketid


Litt påskepynting må til, 
særleg for ei som elsker å pynte og 
flytte litt rundt på alt!!

Då eg byrja blogge for 5 år sidan,
hadde absolutt ALLE desse egga frå 
Maileg, gjerne i tillegg til 
Maileg-kaninene.

Eg haldt meg til egga,
og putta på litt Green Gate egg.



Puta frå ByNord har jo og noko "påskeaktig" over seg,
med egg i reir.



Gult er fargen som høyrer påsken til.
Eg har ein kasse merka med påske,
og her har eg litt pynt, lys, påskeegg og 
pynt som ungane har lagar.



Dette må jo vere påskeharen!


Eg smiler kvar gong eg ser på denne gjengen her....

Er det mulig å få noko meir sjarmerande?!?

Den gule heitter "Påske-LOL" og den kom junior heim med for nokre år sidan.
Den gule heitter "Påske-Turid" og den laga tullemor i år.

Dette er den mest sjarmerande pynten,
og den skal eg ta vare på til dei vert store og vi kan smile av dei i lag.

Her hos oss er det strålande sol og varmt.
Mannen, som skulle på jobb,
er heime enda og vi nyter denne ekstra bonusen.

Alt for mykje god mat,
lange gode turar,
påskerebus,
bok og kryssord,
er bare noko av stikkorda for denne fantastiske påsken.

God påske vidare til dåke alle!

mandag 25. april 2011

Så var det over for denne gang...


Så var påsken og ferien over for denne gang.

Eg har komme meg gjennom denne ferien og, utan dei alt for store "sprekkane". Med eit så deili vær som det har vore, med mykje aktivitetar ute, går alt så mykje lettare!

Mannen har sjølvsagt vore sterkt sakna, og bilda her er til han. (eg teller kroner som vi kan bruka i huset vårt, med tanke på alle dei helligdagane du jobbe, kjære!) Han har vore ute i to veker i måro, og vi må nok venta nokre dagar til før han kjem heim. Då er han heldig å komme heim til ei lita som har slutta med bleie!! Bare det er jo julafta og påske på ein gong.





"Ingen Kims ingen kos" seier reklamen, men denne gangen tok den heilt av. Junior fant den, eg tok bilde, tullemor beit av den, før vi fekk sukk for oss....Men ikkje sei det til junior, for eg sa at eg ved ein feiltagelse hadde kasta den...nok krangling frå før...

Ha ei fin veke alle saman! Eg skal på jobb i måro, og så har eg fri på onsdag. Deilig!

søndag 24. april 2011

Arne og Carlos påskekuler


For ei tid tilbake leste eg i eit blad at Arne og Carlos hadde laga påskekuler, men eg kunne søren meg ikkje huske kva blad!!!!

I dag var eg på besøk hos tante Marit, og der var det. Påske-Allers var bladet!!


Eg har så sansen for desse kulene. Så neste år, blir det pynta med sånne. Må bare strikka dei fyrst.....eller mamma må strikka dei!


Utruleg stilig.

No sit eg med beina rett ut. Skal ta årets "Baby foot" og bli klar for sandal-sesongen. Har sett meg i sofaen med blad, pc, appelsin og fjernkontrollen. Bare 40 min igjen no!!!

lørdag 23. april 2011

Hovden påsken 2011


Junior og eg var så heldige å få vere med gode vener på hyttetur til Hovden i påsken. Bilder av den utruleg stileg innreda hytta, håpar eg å få vise bilder av ein anna gong!

Vi plasserte tullemor hos bessen og bestemor, og køyrte avgårde på skjærtorsdag. Junior hadde fått reisesjuketablett OG sånne armband mot reisesjuka.....og turen gjekk smertefritt!

Evelyn og ungane tok godt i mot oss då vi kom, og etter kort stund kom og Hilde og hennas to små. Så var vi alle samla til lunsj, før det bar avgårde til badeland. Vi vaksne lengta nok inn på Spa avdelinga for nokre timar, men måtte ta til takke med boblebadet i badeland!


Fredag var det avgårde på ski. Sidan det er sein påske i år, var snøen godt brukt og litt "slush-følelse" utpå dagen.



Nr 16 i slalåmkonkuransen køyrte løypa perfekt.


Flott teknikk.


Og til slutt litt pauseunderholdning.

Ein flott gjeng og vere saman med på hyttetur, Mykje god mat, blandt anna ei fantastisk fiskesuppe som Hilde laga, god vin, sjokolade, brownies som Evelyn diska opp med og så vidare, og så vidare. Ikkje minst det gode selskapet vi hadde.

Takk alle saman for ein flott tur!

Det var veldig godt å komme heim og kose med tullemor igjen. Hadde savna ho mykje. No har freden senka seg, og vi har enda to dagar igjen av ferien, som kan nytast i shorts. Snakk om å reise frå vinter til sommar!

fredag 15. april 2011

Nye familiemedlem


Hei! Kven er du? 

Liknar mest på ein av Kometkameratane. Han flytta inn hos oss på onsdag. Han fekk ligga i capsen til tullemor på veien heim frå barnehagen, og står no oppi potta til ein orkidè.


Eg det Gulars som har stukke innom? For nokre bedårande auger. Kven smeltar ikkje når dei flørtar?


Hey hey, denne vart nok bedåra. Sjekk dei vippene då!!


Eg helsar dei vakre medlemmane av familien Hus Hansen hjarteleg velkommen til oss.


Uff då, kva skjedde?


Emmeline hadde ein liknande, som gav ho assosiasjonar til filmen "Flukten fra Hønsegården", og eg må vel sei at denne minnar meg om det samma.

mandag 5. april 2010

Påskelunsj!

I går bles det her, og det var ikkje noko særleg å vere ute. Men vi hadde oss ein tur opp i tomta vår, og samtidi såg på at taket (takbøylane) på huset til naboane våre hadde rast ned i vinden. Sånt er kjedli. Når ein er så klar for å få nytt hus, og så stoppar naturkreftene det...

Men då vi kom heim laga vi påskelunsj innandørs. Nam nam!

No har hosten byrja å avta, men framleis er ikkje tullemor heilt pigg. Så det har ikkje blitt den store utfarten i påsken. Så det har blitt mykje eting, tv-sjåing og litt anna pusleri. Mammo har fått trimma seg litt, og prøver å komma seg litt ovenpå igjen. Har vore ganske sliten i tida før påske, med mykje "psykisk" jobbing. Men det har hjulpe på med litt ferie, og ikkje minst at ungane har funne ut at da går an å sova litt lenger.

Nyt siste påskedagen, for i morgon er det påan igjen!

søndag 4. april 2010

Jakten på påskeharen??


Tante Heidi hadde vore så heldig og møtt påskeharen! Og han hadde gitt ho eit kart til påskeskatten... Det var bare å følge med for oss alle!

Fyrst skulle vi sjå etter ein raud sokk. Men den inneheldt ikkje noko skatt.

Så viste kartet ein grønn vott. Og den fann vi på ein gjerdestolpe. Men inneheldt ingen skatt den heller. 

Så viste det ein gul tulipan, som de ser eldstemann held i handa.

Så skulle vi finne ein blå mann. Vi såg noko blått som bevegde seg oppi lia. Eldstemann som var tøffingen i starten, måtte halde handa til mamma til slutt!!

Og så var den blå "mannen" bare tante Marit. Og ho hadde funne ein stryllestav....som trylla fram både blå diamantar og blå druer!! Til stor glede for dei små....og store sjølvsagt.

Til slutt fann vi ein påskekylling og påskeskatten! 

Og kven seier vel nei til sånt godteri??

Takk for ein super ettermiddag til arrangementkomiteen, grillsjefen som stilte med pølsegrilling etterpå, og godt selskap!!

lørdag 3. april 2010

Jakten på påskeegga



Like etter frukost starta jakten på påskeegga her i huset!

Pappen hadde laga rebusløp.

Kor kan detta vera? Opp ei trapp? Loftet!!

Jippi, der var dei. Korleis kom påskeharen seg opp på loftet??

Oj, e alt detta te meg? Og så Bakugan (!) og!!!
Jippi, tusen takk, sa tullemor! Så rett på sofaen for å eta! Kos dåke gullungar!

onsdag 31. mars 2010

Påske

Så var påsken kommen! Og eg er allerede kommen heim frå påskeferien min! Eg og gullguten har vore ein tur til tante Heidi i Stavanger i eit par dagar. Å vera i Stavanger er utrulig deilig, og eg har så mange gode minner derifrå, frå tida eg var student. Men det vart lite tid til å vere nostalgisk, for med ein 5 åring på tur, er tida ikkje inne for shopping eller lange kafe-besøk.

Men vi var på kino og såg "Dragetrenaren". Ein film i min sønns interessegruppe. Så det var heilt supert. At han velta popcorn boksen, sånn at halve boksen rant ut, var vel kanskje ein bekreftelse på at dette er min sønn...!?
Og da var like før heile turen vart ein nedtur, då han spydde to gonger på båten, og eg ein gong...mens da nesten var flat sjø...ja ja, men vi kom øve da og. Oh my god alltså, eg trudde eg sku veksa da av meg etterkvart??? Men han er lika galen på veien som på sjøen, stakkar!
Og at eg ikkje fekk gått på restaurant og ete middag, gjorde heller ingenting når kokke-Heidi smelte i gang ein pastarett, som var utsøkt! Og junior synst da va heilt ok med Grandis!
Men no er vi heime igjen. Lika heile, og ikkje bilsjuke på vei heim. Og heime har tullemor vore sjuk sidan i går, med feber og hoste. Så får vi sjå kva resten av påsken bringer, og at mannen sin fot blir bra snart, sånn at vi denne ferien kan komma oss i skogen og grilla pølser!!!

Eg laga litt gul påskebakgrunn på bloggen. Ikkje så veldi fint, men det er jo påske!

I morgon blir da nok litt baking i huset, så som skiltet seier, er de velkommen til oss!