Viser innlegg med etiketten Februar 2014. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Februar 2014. Vis alle innlegg

mandag 24. februar 2014

Gråtoner


Soverommet er det rommet vi tilbringer
veldig mange timer i døgnet.
Eg er difor oppteken av at det skal
vere eit rom som gjer at eg slappar av.
Det skal vere svalt,
nøytralt og innbydande.




Eg har valgt fargane 
grå ( valmuefrø )
svart ( dempet sort)
og kvitt!

Prøver så godt eg kan å halde rommet ryddig,
det er så mykje meir behagelig.
Mannen ser ingen grunn til å reie opp senga, og iallefall 
ikkje legge på sengteppe....
Men det gjer eg.

Sikker på at eg søv betre når senga har vore oppredd....


Sist veke kom det ein stor pakke i posten.
Alle veit at eg likar pakkar i posten!!'

Nytt sengteppe.




Samme farge som vegg og nattbord,
mjukt og godt.

No vart rommet komplett.

Sengteppe frå Dekoria.

Gå inn og sjå det breie utvalget dei har
i sengtepper mm. ved å klikke HER



Dette innlegget er sponsa!



onsdag 19. februar 2014

Har eg Norges finaste kosekrok?

Favorittbladet mitt Kamille utlyste like etter jul
ein konkurranse på Instagram,
"Har du Norges finaste kosekrok?"

Eg elske konkurransar,
og sendte inn mitt bidrag.


For to veker sidan fekk eg vite at mitt bildet var 
trekt ut til finalen!

Du kan tru jubelen sto i taket.

I går kom bladet i posten,
og no kan alle som vil stemma på det bildet dei likar best.
Uansett er det kult bare å bli trekt ut,
blandt nesten 200 bidrag.

Jiiiihaaaaaa




Eg håper sjølvsagt at du liker mitt bidrag og har lyst å gje meg ei stemme.

Send KAMKROK5 til 2205 
(1 kr)



Kosekroken min har flytta seg litt, 
men Acapulco-stolen er med.
Eg kosar meg mykje,
og elske å laga det fint rundt meg.


Kamille er alltid med,
eit blad eg aldri vert lei av.

Påskeliljer?

Ja, løkblomar er og ein  favoritt
og med ein gong dei kom inn i varmen,
så blømte dei.

Vårfølelse deluxe.







mandag 3. februar 2014

Tapetinspirasjon


Ikkje er eg så driftig på styling og gode bilder,
ikkje har eg alt da nyaste av alt,
men TAPET har eg i gangen,
og den er eg veldi fornøyd med!

Då eg såg utfordringa til NIB denne månaden,
tenkte eg at eg måtte få vise fram den flotte 
betong-tapeten min.


Tapeten frå Storeys er så verkeleg,
at tilogmed mannfolk har måtta bort for å kjenne på den,
"er det ikkje betong???"


Angre ikkje eit sekund på at eg fekk ein proff tapeteserar 
til å gjere jobben.
Det har ikkje løsna noko,
og den er perfekt heile vegen ned.


Eg er glad for at finalen sist månad viste 
mangfaldet hos bloggarar, og gratulerer vinnaren,
som var med i NIB finale for fyrste gang!!

Eg har ikkje noko forhåpning om verken da eina eller da andra,
men eg vil få visa fram den kule gangen min,
med den kulaste tapeten!