Viser innlegg med etiketten September 2013. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten September 2013. Vis alle innlegg

lørdag 28. september 2013

What does the Fox say??


Kven er det i dette landet som ikkje kan denne songen no?
Ylvis er bare heilt fantastiske.

Eg ler så eg grine av Ikea-skjetsjane deira.

Og som de ser, eg er beten av basillen...


Eller egentlig er det putedilla som kjem framfor,
og fri frakt hos Kremmerhuset!!

Pompongar har eg lenge hatt eit ynskje om, 
og fargane var perfekte.


Reven i Acapolco - stolen.


Sjå så skjønn då!

Men er egentlig reven så veldig skjønn?
Ikkje veit eg.
Men kva seier den eigentleg?

fredag 27. september 2013

"Hay", sa du??


Mi gode veninne Diana med bloggen "MyDream" la sist veke ut bilde på Instagram
av eit slikt speil, kjøpt på Kid.

Eg har sikla etter eit slikt lenge,
og var snar på telefonen til Kid på måndag.
Hald dykk fast; det var nedsatt 50 %.

E da mulig liksom?

Betalte 125 kr for da.

Veldi bra at den snilla mammo til Diana henta da heim for meg og.


Då eg kom heim med det, og skulle henge det opp,
var ikkje mannen så veldi imponert over hamp-tauet som var opphenget.

Flaksen var på mi side då eg kom på at vi hadde eit gamalt brunt skinnbelte
i passe str.

Mannen skifta difor ut hamptauet med skinnreima.



Sjå kor kult detta blei då. Nett likt som Hay sitt speil.

DIY på høgt plan her i huset.



Perfekt!!

Som alt anna her i huset....ho ho ho, eg ler.

Lekkert speil på veggen der...

No e da helg, I love it!

onsdag 25. september 2013

Vita Silvia


Han eg er gift med er ganske framtenkt.
Han var overbevist om at ein eller anna gong kom det til å komme
ein lampe over salongbordet i stova.

Det hadde eg aldri trudd.

Eg var fast bestemt på at vi ikkje skulle ha lampe der.

Flaks for meg at han laga punkt til lampe i taket.


For då eg såg Vita Silvia lampa,
såg eg at den passa perfekt hos oss.


Nydeleg flott, enkel og rein,
samstundes svært dekorativ.


Her er den utan lys i.
Knall fin farge

Som de ser er den ikkje heilt festa, eg har ikkje blitt heilt einig med meg sjølv om lengda.

Men det ser så bra ut.

Kjøpt hos Margreta og Hilde på Fristelsar i Rosendal.

Eg skulle bare låne med meg heim den ferdig monterte....no må dei montere ny...

fredag 20. september 2013

Plommepai




Det er haust og det er plommetid,
og det er victoriaplommer...

Dei er ikkje gode å ete,
synst eg.

Men her om dagen såg eg at Malena la ut bildet av dottera, Jenny, sin plommepai,
og tenkte at det kunne eg bruke desse plommene til.

(Som sjølvsagt kjem frå pappa sin utømmelige hage.)




Eg brukte Maizenna-paideig.
Det var tross alt fredag ettermiddag og nesten kveld.

Forstekte den i 10 min på 200 grader.


Pisk 2 egg saman med 150 gram sukker, luftig.
Ha i 75 gram kokos og 2 ss fløyte 
(valgfri kva type, eg brukte matfløyte)

Hell det oppå deigen.


Eg hadde god hjelp til å hakke opp plommene


som vi fordelte ut over i forma.

Det står 1 kg plommer i oppskrifta, men eg trur vi brukte ca 10 store plommer.



Dryssa på kanel og sukker.


Inn i ovnen på 200 grader i 25 min.


Varm plommepai klar for servering.

Kjempegod!

Kan verkeleg anbefalast.

Oppskrifta fann eg då eg googla
"plommepai med kokos"
Ligg på ....detsøteliv.no

Fin fredag til dåke alle!

PS: Ser du noko nytt i stova??




søndag 15. september 2013

Ny pute.....igjen....


For ei stund sidan var eg på Halsnøy,
på shopping og besøkte ei god veninne.

Det er noko spesielt bra med dei butikkane på den øyo,
eg finn alltid noko fint der.

Denne gangen kom eg heim med nokre små skattar i posen,
blandt anna denne puta her.

Det er noko med rullesteinar,
dei er svært dekorative og fine.


Haust i stova og haust ute.

Søndag som skal tilbringast inni tv-stova har eg tenkt.

Fin fin søndag til alle dåke fine lesarane mine!


lørdag 14. september 2013

Tv-stovo vår


Då vi starta planlegginga av nytt hus,
hadde eg klart for meg at eg ikkje ville ha ein 50 tommar stor tv i stova.

Alt må møblerast etter tv-en, og eg ønska ikkje ha det slik.
Samstundes har eg born og mann, som ikkje var einige i dette.
Han eg er gift med, likar godt at Discovery står og durar og går,
heile dagen..... lite aktuelt for meg.

Kompromiet vart ei tv-stove innforbi stova.
Ungane har difor dette som si stove.
Skyverdør - sånn at vi kan lukke lyden inne.
Glasdør sånn at ho mor har kontroll på kva som skjer der inne.


Dyreprint-putene eg sydde til ungane er her inne.
Dei er ekstra store, sånn at dei kan ligge/sitje på dei.
Her inne skal det vere kos.


Sofaen kjøpte vi brukt, og er svært fornøyd med den.
No har den byrja verte litt liten for familien på 4.
Vi vurderer å kjøpe ein modulsofa som fyller heile rommet.

Tv-en står på veggen inn mot stova.
Den er kvit og fin,
men vi har ikkje noko å putte alle ledningane inni enda.
Derfor passar den seg ikkje på bilde.




HayDLM tok eg med meg inn hit i dag.
det er jo meint til å ta med seg.


Eg ser no at teppebytte eg gjorde hin dagen, ikkje var så bra fargemessig,
då eg har hatt eit Pappelina-teppe i brunstriper her inne før.
Mulig det kjem tilbake.

No har eg to små tytter som kosar seg med lørdagsgodteri og chips der inne.

trur eg må ha litt eg og!

Fin lørdag til alle!

fredag 13. september 2013

Helg igjen

s

Så var ei hektisk veke over....igjen.
Eg likar helg, eg.

Dei tre fyrste dagane denne veka, gjekk det i eitt med jobb, skule, middag, lekser,
valg, møter, turar etc.

så kom onsdagskveld, og alt var unnagjort, nistene var smurt og eg skulle planlegge
neste dag.

Ingenting på planen etter middag??
Har eg avtala noko med nokon??
Eg følte eg skulle noko, men ante ikkje kva.

Eg var ingenstader,
og vi hadde ein roleg ettermiddag.

Så kom det besøk til meg på kvelden,
utan at det var planlagt.

Kanskje det var det eg hadde på følelsen?

Kjekt var det iallefall.



Epler frå pappa sin hage og
lyng gjer eit haustleg preg på stovo mi.


Kvit lyng passar jo godt inn hos meg.


Holmegaard Lyslykt har flytta inn hos meg og.
Fekk gåvekort til bursdagen, og det var lett å bruke det på denne,
som eg har sikla etter leeeenge.
449,- på kampanje hos Tilbords.

God helg alle saman!


torsdag 5. september 2013

Mykje lys og mjuke pledd


September - utfordringa til NIB er 

"Mykje lys og mjuke pledd"

Det er jo sånn vi likar hausten.
Kroe oss saman i sofa eller stol, 
ha pleddet rundt oss, lese bok, drikke te eller kakao,
sjå på gode eller mindre gode seriar på tv,
høyre vinden og regnet ute,
tenne stearinlysa og bare kose oss.



Når eg skulle style tinga til fotografering, skein sola ute, 

det var 22 grader og det var alt 
anna enn haustleg ute!
Herleg på sin måte det og.


Vi har baka eple-muffins idag,
det er eit godt alternativ til eplekake.
Lettvint og utruleg godt.


Favorittputa frå ByNord
Favoritt pleddet frå Ikea
Omaggiolysestakar
Lyslenke frå Nille
gamal eplekasse 
og
Acapulco-stolen.

Du kan sjå mange fleire flotte bidrag til NIB si utfordring her.



søndag 1. september 2013

Oppsummering av sommaren


Ei kort oppsummering av sommaren med mange

KVARDAGSGLEDER

vin på altanen
sommarens marengskake
bursdagsfest
jordbær
sol
varme
Rhodos
Nice




På interiørsida har eg
oppgradert bada med litt ominnredning
ommøblert i stova
kjøpt Acapulto stol
fått mange fine gåver til bursdag
litt nye puter
kjøkkenhandkle
String hylle på kjøkkenet


Mugtails-familien har flytta inn
Nye kjøkkenstolar frå Bohus
(ikkje Syveren, men dei kjem ein dag....)
Friske blomar er alltid på plass.

I dag høljar det ned. Det står 1. september på kalendaren,
og no er det haust.

Vi har tent stearinlys og kosar oss med bare eit barn heime.
Junior er på hjortajakt i dag.
Heldig er han som har ein onkel.

Fin søndag til dåke alle.