Viser innlegg med etiketten gang. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten gang. Vis alle innlegg

torsdag 5. februar 2015

Gangen

Det fyrste folk møter når dei kjem inn,
er jo gangen vår.



og no møter og folk "oss" og på ein måte.
Etter at eg fekk desse flotte forstørringane
av bileta Monica Madsgård tok av oss i 2013,
til bryllaupsdagen vår.


Det er ikkje lerret, men på ei slags metallplate,
slik at dei ikkje bygger så mykje ut frå veggen.
Eg er strålande fornøyd.
Saman med husreglane passar vi godt inn,
joda vi prøver kvar dag å leve etter dei,
sjølv om det av og til kan vere litt vanskeleg.


Bentongtapeten er favoritten enda.
Eit av valga mine eg tok tidleg i 
byggeprosessen,
og aldri har angra på.

Veit eg har inspirert andre og med denne
tapeten og det gjer meg så glad.
Den er frå Storeys og ikkje så alt for dyr.




Kom gjerne inn til oss.
Eg elskar å få besøk.

mandag 14. juli 2014

Viser gangen min personlighet?


NIB sin utfordring denne gangen er

Gangen

Viser den din personlighet?




Dette er inngangen vår, 
eller min, 
eller
den som gjestene går igjennom iallefall.

Mann og barn har ein eigen inngang.

He he, det er ikkje så gale, eg bruker den eg og,
men den er meir tilrettelagt for familie enn denne.

Her står mine litt finare sko, 
jakker og vesker.




Mulig her kjem ein skyvedørsgarderobe ein gang,
men enda fungerer den fint som dette!

Håper mobilbileta er gode nok for utfordringa denne gangen!

Jobbar-best-under-press,
i-siste-liten.



mandag 3. februar 2014

Tapetinspirasjon


Ikkje er eg så driftig på styling og gode bilder,
ikkje har eg alt da nyaste av alt,
men TAPET har eg i gangen,
og den er eg veldi fornøyd med!

Då eg såg utfordringa til NIB denne månaden,
tenkte eg at eg måtte få vise fram den flotte 
betong-tapeten min.


Tapeten frå Storeys er så verkeleg,
at tilogmed mannfolk har måtta bort for å kjenne på den,
"er det ikkje betong???"


Angre ikkje eit sekund på at eg fekk ein proff tapeteserar 
til å gjere jobben.
Det har ikkje løsna noko,
og den er perfekt heile vegen ned.


Eg er glad for at finalen sist månad viste 
mangfaldet hos bloggarar, og gratulerer vinnaren,
som var med i NIB finale for fyrste gang!!

Eg har ikkje noko forhåpning om verken da eina eller da andra,
men eg vil få visa fram den kule gangen min,
med den kulaste tapeten!



torsdag 17. oktober 2013

Tid for lerk


Når hausten kjem, skiftar dei fleste litt på interiøret og.
Det lette og lyse, vert ofte bytta ut med det litt "tyngre" og haustlege.
Stearinlysa vert tent
og vi fyrer opp i peisen.

og så kjem lerka inn i huset.


Heldige oss som har sånne tre rundt oss overalt,
bare vi ser etter.

Av ein eller anna grunn,
så har eg eit spesielt auge for desse trea.
(eg veit kor Kalas Mystiske Hjørne kan finne i Førde og)

Nokon tar vare på dei frå år til år,
eg hiv det og finn meg nye.

Desse er funne på veg ned frå Skålafjellet.


Ei fin grein oppi ein gamal vinballong

så enkelt og så stilig

Den gamle krakken passar så godt inn i lag med dette.


Går det an å sei at ein er "så glad i gangen sin"??
Eg er det nemlig det,
er veldig fornøyd.



No har eg pakka "weekend-vesko" mi,
og er klar for jentetur til storbyen Bergen.

Vi skal nemlig på Bolig - og interiørmessa i Grieghallen.


Vi skal kose oss max. 
Med pengar på konto skal vi ete,
drikke og shoppe oss i riktig så godt humør!!

Goda helgo til dåke alle.