Viser innlegg med etiketten Give away. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Give away. Vis alle innlegg

søndag 15. desember 2013

Litt jul og vinnar av førjuls give awayen!


Dagen i dag har blitt brukt til rydding, baking og litt pynting.
Har og prøvt å ta litt heilhetsbilder i stova.

Raude element høyrer julepyntinga til hos oss


Juletreet eg har laga av washitape, har byrja å 
fyllast med julekort.
Vi har god plass til fleire!


I år har eg fullstendig roen når det gjeld jula,
den kjem uansett.
Eg har eit par gåver igjen å kjøpe,
nokon er ikkje pakka inn enda,
meeeen eg har god tid.
Eg har baka 3 sortar julekjeks, laga brente mandlar,
pikekyss, julebrød og risbollar,
så vi skal ikkje svelte heller...ler...


Er det rart mannen i huset kallar dette for "alteret" mitt??
Det er den plassen eg dillar og dallar mest med.

Juletre i mange ulike ( 9 faktisk) fasongar.



Små raude element her og,
og i løpet av veka kjem nissane fram og.
Eg klarar liksom ikkje ta nissane fram endo, 
dei kjem stort sett fram ei veka før jul.
Eg høyre dei skrapar på loftet, ropar om å få komme ner!!!


Så til slutt,
den heldige vinnaren av 
førjuls give awayen min.

Tamtamtamtam

Random.org har trekt ut lodd nr 46:

Evelyn Mehl Willumsen

Gratulera så mykje Evelyn!!

Premien skal komma til deg i god tid før jul!




søndag 1. desember 2013

Førjuls give away


Før kvelden er omme så trur eg at eg har passert

200 000

treff på bloggen min!!

Så utruleg kjekt at dåke trufast følger med på kva eg driv med 
av små og store Kvardagsgleder.
Tusen takk til kvar og ein av dåke, og eg håpar at de likar det de ser av bilder og les i tekst.
Eg blir så utruleg glad kvar gong nokon kommenterer på bloggen, 
likar på facebook,
eller seier noko når vi treffest.

Eg vil difor gje noko tilbake til dykk!!
Og i samarbeid med den kjekkaste 
bokhandlaren i Rosendal



vil eg gje denne flotte juleboka med masse kjekk juleinspirasjon.
Bare sjå her på nokre av sidene i boka:






For å få lodd må du:

1 lodd for å kommentere under dette innlegget.
2 lodd for å like Rosendal Bokhandlar på 
Facebook ved å trykke her.
2 lodd for å følge bloggen min.
2 lodd for å følge meg på instagram under Kvardagsgleder.
3 lodd for å linke til give awayen på bloggen din!

PS! Dersom du kommenterer med anonym, 
må du skrive under kven du er!!!

Totalt kan du få 10 lodd.

Skriv i kommentaren kor mange lodd du tar.

Trekning vert 15. desember, sidan Posten har frist til 16.desember med å få pakken fram før jul!

Lykke til!


tirsdag 3. september 2013

Favoritter hos Moolo.no


Når "Har en drøm" har så flotte premier i sine give away,
så må eg bare vere med.

Denne gangen kan eg eller du,
vinne gåvekort på kr 1000,-
i nettbutikken 
Moolo.no.

Her er mine favorittar.

lørdag 31. august 2013

Mi ønskeliste


"Har en drøm" har ein give away no, med ein premie eg gjerne skulle hatt.
Gåvekort på heile 1000 kr i nettbutikken Ruth og Rudolf.

Her er mi ynskjelista iallefall.

lørdag 11. mai 2013

Give Away


Endeleg er det klart for ny give away her hos meg.

Denne gangen har eg ei gåve til ein heldig vinnar,
som er sponsa av Tilbords Husnes.

Tilbords sel no dei flotte kvalitetsprodukta frå Cacas, spesialist på bakervare.



Du kan vinne:
1 pakke med 30 jumbo muffinsformer, svart med kvite prikkar
1 boks med rosa dekor farge (icing color)
og
1 boks med rosa dekorperler.

Ein premie dei fleste bakeglade vil juble for!

Vil du vinne dette, kan du gjere fylgjande:


1 lodd for å kommentere under dette innlegget
1 lodd for å like Tilbords Husnes på facebook, klikk her
2 lodd for å vere følgjar av bloggen min
2 lodd for å følgje meg på instagram (*kvardagsgleder*)
2 lodd for å linke til give awayen på bloggen din
(bruk bildet over)

Skriv i kommentaren kor mange lodd du tar,
du kan totalt få 8 lodd.

Trekning vert fredag 24. mai 2013.

Lykke til alle saman!

Ps. Du treng ikkje ha blogg for å delta, skriv bare epost adressa di, 
sånn at eg kan kontakte deg dersom du vinn.
Du kan og kommentere som anonym,
velg bare anonym der det står "kommenter som".

søndag 10. mars 2013

Vinnaren er.....


Då var trekninga unnagjort.
Eg har brukt Random.org til å hjelpa meg ( saman med mannen då!!)

Vinnaren av fuglahuset er nr 47:

Elisabeth J. Haugse


Og dei 3 trehjarta vart nr 223:


Gratulera så mykje til vinnarane!!!

Og jippi for å ha 100 flotte følgarar på bloggen!

God søndagskveld til alle!!

torsdag 7. mars 2013

Husk Give Away!!


Med bilde av mine nye fasett vasar frå Bolia...johooo
og nydelege hortensia i,
vil eg minne om Give Away'en min som det vert trekning av på søndag!

Klikk her for å komme direkte til innlegget du må kommentere på,
eller sjå på høgre sida på bloggen!

Lukke til alle saman!

søndag 17. februar 2013

Give Away





Med så mange flotte følgarar og lesarar på bloggen min,
må eg no gje noko tilbake til dykk.

Det er klart for ny give away her hos meg.

Denne gangen kan du ville dette skjønne fuglehuset i tre, eller


desse 3 flotte trehjarta, som du kan skrive på med kritt etc.

Begge premiane er levert av Fredheim Blomster,
favoritt arbeidsplassen min ;-)

Og ikkje nok med dette,
 dersom du "likar" Fredheim Blomster på Facebook,
er du med i trekninga på ei overrasking når vi passerer 300 likarar.
Så her har du faktisk fleire sjangsar til å vinne.

Reglane denne gangen er:
1 lodd for kommentar under dette innlegget.
2 lodd for å like Fredheim Blomster på Facebook her
2 lodd for å legge deg til som følgar på bloggen min
2 lodd for å linke til denne give awayen på din blogg eller på facebook.

Alle kan delta. Dersom du er "anonym" ber eg om at du legg igjen epost adressa di.
For anonyme; 
skriv inn kommentaren,
velg så "anonym" på "kommenter som".

Bruk bildet under dersom du vil linke!

Trekning vert søndag 10.03.2013

Lykke til alle saman!



torsdag 1. november 2012

Og vinnaren er....



Vinnaren av give awayen eg har hatt i lag med 
Fredheim Blomster er:

MØYFRID


Gratulera så mykje!

onsdag 3. oktober 2012

Give Away


I godt samarbeid med Fredheim Blomster, 
kjøre eg i gang med ein ny Give Away!

(eller "Gje vekk" som Marihøno kallar det)

Premien er ei mellomstor skål frå den nydelege serien Alv frå
Wik og Walsøe.

Reglane er som vanleg:
1. lodd for å kommentere under dette innlegget.
1. lodd for å like Fredheim Blomster på facebook 
ved å klikke her
1. lodd for å følge bloggen min eller dele på facebook
1. lodd for å skrive om give awayen på bloggen sin, eller
ha link på sida.

Altså kan ein få totalt 4 lodd, og ein må ikkje ha blogg 
for å delta.
Husk å skriv kor mange lodd du tar ;-)
(og husk å skriv epostadressa i kommentarfeltet viss ikkje du har blogg/googlekonto)

Trekning vert 1. november 2012





lørdag 1. september 2012

Vinn Nespresso maskin!


Eg har meldt meg på give away hos Rafensbloggen,
der kan eg vinne ei Nespresso maskin.

Da kan du og, viss du klikke her.

onsdag 14. september 2011

Har du lyst på Uhu??


Sidan eg har oppnådd 28 000 besøkande på bloggen min, synst eg at alle besøkande fortjene ei gåve frå meg. Men sidan det er ganske urealistisk, har eg bestemt meg for at ein av dåke skal få ei Uhu ugle frå House Doctor og noko ekstra av meg. Kanskje vert det ein trøstepremie og to og.

For å vere med på dette får du:

1 lodd for å kommentere under her. ( Alle kan, bare trykk på anonym viss ikkje du har anna "konto")
     2 lodd for å kommentere og følge bloggen min
     3 lodd for å kommentere, følge og linke på bloggen din, viss du har.

                                                      Trekning vert 1. oktober 2011


mandag 14. mars 2011

Har du lyst på ei gåve?



Det er igjen tid for meg å gje ei gåve til ein av lesarane mine. Det som inspirerer meg til å forsetje å blogge, er jo at det faktisk er nokon som leser bloggen, som ventar på eit nytt innlegg, og som gjer meg gode tilbakemeldingar på det eg bloggar om.

Eg er alltid nysgjerrig på kven som faktisk les bloggen!

1 lodd for å kommentere under dette innlegget.
1 lodd for å vere eller legge seg til som følgar
1 lodd for å linke om konkurransen på bloggen sin

Her går det alltså an å få 3 lodd, og det er fint om du skriv i kommentaren kor mange lodd du tar!

Gåva er eit skilt "Home Sweet Home" og ein pose Jordgubbar!! Kjøpt på Stemning, og no kan den bli din!!

Lykke te!

onsdag 17. november 2010

Vil du ha ein slik?


Den er sjølvsagt laga av meg, og eg vil gjerne gi den til deg??

For ei tid tilbake hadde eg 10 000 besøkande, og hadde tenkt å ha ein liten give away. Men så gjekk tida, og no har eg visst nesten 12 000...Tida flyr!

Det er ein oppbevaringspose, som du kan ha nett da du vil oppi. Alt du treng å gjere for å kunne vinne denne, er å skrive ei lita helsing til meg. 

Trekning vert 1.desember!!

(Har du ikkje blogg eller googlekonto etc, så klikk der det står brukerkonto og rull ned til du får anonym bruker....men husk å skrive kven du er då!)

tirsdag 9. november 2010

Vinn Ilse Jacobsen jakke



Klikk her  og du kan vere med i trekning av ei Ilse Jacobsen soft shell jakke!!

onsdag 1. september 2010

Og vinnaren er...


Med min kjære som vitne, og junior som seriøs trekkar...............


Og vinnaren er: RANDI.            Endo ein gong ein knallgod kollega. Har vinnarlukka desse kollegane mine!


Og vinnaren av handkle frå Marimekko vart: Monika med denne bloggen.

Gratulera til begge to. Håper den fell i smak!

søndag 25. juli 2010

Vil du ha dette?

Eg er i ryddemoduset, mens eg pakker ut eske etter eske...

Har du lyst på dette settet? Trur det heitter Eleganse, og kjem frå Tupperware. 3 skåler med lokk.

Du får det gratis! Men må eg sende det, betalar du portoen! Bare legg igjen ein kommentar under!!