Viser innlegg med etiketten juni 2012. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten juni 2012. Vis alle innlegg

lørdag 23. juni 2012

Ekte kjærleik


Mannen min kom heim frå jobb på torsdag.
Han var i Bergen.
Og han gjekk på Ikea og kjøpte vitrineskap til meg.


Ikkje berre det, 
men han monterte det til meg og.


Det kallar eg ekte kjærleik


I tillegg til desse flotte rosene eg fekk på bryllaupsdagen vår. 
Han er bare best.

( Eg skal ikkje skriva så mykje om historen om rosene. Det viktigaste er ikkje kor tid eg fekk dei, men at han hadde bestilt dei og tenkt på det...allerede dagen før!!)

fredag 15. juni 2012

Litt rosa


Eg likar rosa.
Det viser igjen i interiøret og i kle/tilbehøret mitt.


Lommebok kjøpt på Mango i Paris


Blomane mine er rosa



Og favorittsokkane mine er rosa.

I kveld nyt eg at formen er mykje betre. 
Har vore sjuk i 3 dagar no, 
og kjenne at det skal bli godt å bli frisk igjen.
Influensa i juni er ikkje å anbefala.

Litt vin er vel bare medisin, eller?


torsdag 14. juni 2012

Enda eit stykke igjen


Ja, det er eit stykke igjen før vi er heilt i mål.
Men det skjer no noko....


eller rettare sagt, da skjedde no noko her for ei tid tilbake.


Da ser faktisk værre ut på bilda enn i verkelegheita. 
Har vel noko med at eg har sett meg blind på korleis det eigentleg ser ut.
Men det er no komt takstein på garasjen sidan sist iallefall.



No kryssar vi bare fingrane for at han med gravemaskina kjeme tilbake,
sånn at vi kan komma i gang med planting og såing.
Eller...det blir vel rull-ut-plen tenke eg. 
Må bare, ja, måååå bare få klyppa plenen i år og!!!



tirsdag 12. juni 2012

Overdrivelse?


Er dette å overdrive?



Litt kanskje?


Abonnement på 7 ulike blad.


Er vel på tide å avslutte nokon av dei.
Vakre Hjem og Interiør vann eg i ein konkurranse.
Boligdrøm likte eg så godt før, men no "gjer" den meg ikkje det samme.
Rom 123 likar eg, og det var jo eit sååå godt tilbud damo på telefonen hadde...
BoligPluss skal eg avslutte no, då rekningen nettopp dukka opp. ( betale ikkje fullt for nokon av dei, eg!)
Bo Bedre er eit av dei beste interiørblada, saman med
Studio.
Dei har liksom samme stilen som meg!!
Og Kamille er kosen anna kvar veke!!

Eg veit at fleire er i samme båt, så ship o`hoy!

mandag 11. juni 2012

Fix ferdig


Sommarlukke 


Innflytningspresang som passa perfekt.
Er nokre timar med pussing ( for å få vekk raud sprittusj....), beising og lakking.
Og veeeldig lang tørketid!! *blunkefjæs og sånn lolling*


Detta trommelbordet er ikkje som andre trommelbord,
for detta er verkeleg flott arbeid.
Tusen takk, kjære, eg er veldig glad for det!

Litt stille på bloggen. 
Veldig stille på kommenteringa og.
Blir litt demotivert då, må innrømma da...

Eg set veldig pris på alle som vil følga meg. 
Registrerer at det er ein følgar mindre enn i går. 
Det likar eg ikkje. 
Men håpar de andre vil følge med vidare, 
så skal eg prøve å komme med litt hyppigare innlegg!

mandag 4. juni 2012

Eg ønske meg...

Sidan eg bare er sånn middels glad i bursdagar....

Tull

Eg er i overkant glad i bursdagar.
Ikkje bare min eigen, men alle andre sin og.
Ønskelista er som oftast klar lang tid i forvegen...
Bare det at det er ikkje alltid nokon spør...

Men her er iallefall noko eg ynskjer meg til bursdagen min:


                                                          
ByNord sengklede med fjær på.
Fantastisk kvalitet.

Kjøkkenhandkle frå ByNord


Lyslenke frå Happylights eller Ikea




Trimmesykkel.
Kankjekommamedkorgpåtrimmetur

Ps. Tilfeldig valgt bilde av sykkel.

Stilige treningskle.

og trenings-sokkar

Ønske meg ny tursekk og, sånn liten med plass til litt drikka og nista.

Gu kor gøy da e å ønska seg!!

Tjohooo, det er ikkje lenge til!!