Viser innlegg med etiketten Nice 2013. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Nice 2013. Vis alle innlegg

torsdag 13. juni 2013

Nice-Monaco


Då turen til Nice vart planlagt,
var reisekomiteen veldig einige om at vi måtte ein tur til 

MONACO

Lilliputtstaten

MONTE CARLO


For ein fantastisk by, land eller kva vi skal kalle det.

Båtar på størrelse med huset vårt,
det lukta pengar lang veg.
Men vi såg og at alt er ikkje like glamorøst i byen og.

Ein opplevelse å vere der.


Eg har lese Se og Hør sidan eg var ei lita jente.
For meg var det som å komme heim til vener då eg ankom Monaco.
Caroline, Stephanie og Albert er som sysken.

ENDELEG

LOL

Eg ler, og vi lo masse på turen vår.
Vi er ein fantastisk herleg vennegjeng,
som ler mykje i lag.
No ler eg ved tanke på ting som vert sagt, gjort og sett.


Raspberry-mojito
med Monte Carlo i bakgrunnen.


Utanfor Casino-Monte Carlo


Desverre kom vi for seint, eller for tidleg, til å kunne komme inn.

Gjorde ingenting det,
vi hadde nok å ta oss til med!



tirsdag 11. juni 2013

Nice, fyrste omgang


NICE

Rett og slett nais.

Frankriket, den franske riviera, var målet for meg og 7 andre klubbveninner, onsdag for ei veke sidan.
Vi var oppe før fuglane, for å rekke båten kl 06.00.
Det er tidleg.

Men alle var blide og fornøyde,
og klar for årets tur!
Vi har gleda oss sidan vi var på tur til Barcelona for snart 3 år sidan, ein tur der vi har 
"levd på minnene" sidan.

No stod ny tur og nye minner på menyen.


Vi ankom Nice i 12 tida, og måtte vente på romma våre.
Vi nytta då høve til å kjenne på byen, og kjenne på vatnet i havet!

Men før eg fortel meir, vil eg tilabke til starten og byrjinga på reisa.



Vi var to i reisekomiteen, og vi delte ut frukost til alle 8
ombord i båten til Flesland.

Etter maten var oppeten,
fekk alle 8 utdelt kvar sin "reise-goody-bag".

Og er det noko vi jenter likar,
så er det sånne!


Shoppingbag, bagasjemerke, penge-magebelte, antibac, tyggis, bixit
er noko alle treng på tur.

I tillegg vart vi sponsa med


Reisesett med shampo, balsam og hårspray frå merket ID Hair elements frå

Karma Frisør og Velvære i Rosendal



Klikk her for å komme til Facebooksida deira



Sjokolade frå "Fristelsar", ein nydeleg butikk i Rosendal.
Dei sel eit breitt utvalg av sjokolade, produkt frå Jamie Oliver og Nicholas Vahe,
kjolar frå Ko-Ko, leiker, vesker mm

Klikk her for å komme til Facebook sida deira.


Handkrem frå Mary Kay,
sponsa av forhandlar Anne Kari Andersen.

Alle 8 vart svært nøgd med goody-bagen.
Alt kom godt med på turen!!

Eg kjem snart attende med nytt innlegg frå turen!!