Viser innlegg med etiketten mai 2012. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten mai 2012. Vis alle innlegg

onsdag 30. mai 2012

Vi "chiller`n"


Far i huset er veldig glad i sterk mat, og vil gjerne bruke chilli i det meste.
Eg er ikkje like glad i det, så maten vert ofte todelt.
Junior har sådd chilli planter til pappen sin.
Dvs at det er mammo som må ta seg av dei...


Då eg viste han dei fire plantene, spurte han kor eg hadde fått dei frå?
Eg svara at det var dei han sådde, men han trudde nesten ikkje på meg.
Ja, ja, sånn er det vel bare. 
Hugsar så godt den sommaren eg skulle få ein del av åkeren til å så det eg ville...
Trur det var siste sommaren eg fekk det.
Eg sådde jo det eg ville.... bare så synd eg gløymte dei ut etter det....

mandag 28. mai 2012

Vår eller sommar?


I går var det definitivt sommar, men i dag e da meir vår?!?

Vi har nytt dagane på stranda
på musikkfestival
vi har grilla
ete is
svetta
fått "bus"
nokon har bada
andre blitt solbrente
men sommar var det iallefall.



I dag e da meir....
Vår
Veldig mykje lavare temperatur i dag. Er jo framleis mai, men eg er glad vi har nytt dagane til fulle når sommaren viste oss litt kva vi har i vente (?).


Tusen takk til mammo for flotte liljekonvall.

3 fridagar er over, jobb i gjen i morgon.
Men vips så er det fridag igjen på onsdag...
mai er herleg, 
om det er vår eller sommar!

tirsdag 15. mai 2012

Soverom


Når mannen er på jobb, får ungane lov å sova i mamma si seng. 
To netter kvar, så bytte vi. 
Men etter over to veker, kjenner eg det skal bli godt med ei natt aleine før mannen kjeme.
Fordelen med ungane er at dei ikkje snorkar....


Idag har eg difor skifta på senga, vaska og tørka støv, 
og kan la dåke få eit litt glimt av soverommet vårt.



Veggen bak senga er i Jotun "Valmuefrø".
Har den samme på nattborda og, men dei må eg male om att i "oljemaling".


Walk-in-closet

Det er vel forsåvidt bare mitt, eller??


Synst sjølv eg har utnytta plassen bra, og har enda plass til meir...

I dag er eg og tullemor heime. Har baka bollar og hatt besøk av gamlenaboane! Greitt å gjera noko positivt ut av da!



onsdag 9. mai 2012

Corocia eg og


Måte jo bare kjøpe denne flotte blomen.
Hos Fredheim Blomster i Rosendal, sjølvsagt.
Eg er arveleg belasta når det gjeld blomar....men det vil ikkje sei at eg har "grøne fingrar", men eg er veldig glad i blomar, i å få blomar og i å gje vekk blomar!!


Råsa kjem eg heller ikkje unna. Den friskar sånn opp.


Fridag i dag.
Har vore ein tur til Aterstad, og snart kjem flotte jenter på lunsj.


På laurdag laga eg Amerikanske Pannekaker. Dei gjekk ned på høgkant kan du sei.


Litt annleis å lage pannekaker ved å blande i stivpiska eggekvite...Men nammis kor god det var!

Prøv du og!

Ha ein super onsdag!

lørdag 5. mai 2012

Oppfordring


Med bildet eg har "lånt" frå bloggen til Rosendal Turisthotell, vil eg oppfordre alle som kan og har inspirasjon til det:

Delta på NIB sin utfordring denne månaden:
" Nytt møter gamalt"

Fantastiske premiar venter på 3 heldige vinnarar!

Hiv deg med på den....vinne du, kjeme du til å få ei oppleving for livet!

Klikk her for å sjå dei flotte premiane.