Viser innlegg med etiketten Mars 2013. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Mars 2013. Vis alle innlegg

søndag 31. mars 2013

1.påskedags frukost


1. påskedag allerede, 3 fridagar er forbi.
Ein dag på ski i fjellet -> fantastisk
Ein dag med kos i hagen, grilling på 
bålpanna og muffins 
i store mengder 
-> fantastisk
( eller kunne nok vore enda meir fantastisk viss ungane 
hadde leika fint, ingen krangla, ingen hylte,
alle dissa etter tur, delte likt osv.... 
men det skjer berre i draumar...)

Og til slutt ein dag med påskerebus 
etterfulgt av pølsegrilling i 
øvre Skeishagen -> fantastisk.




Meir påskestemning enn dette 
skal eg leite lenge etter.

Gul er ein fin farge, spør du meg.

Derfor skulle eg koke gule egg til påskefrukosten....


Kok med løkskal seier ekspertane.


Blei det for mykje løkskal?

Det i midten skulle bli gult....
Det er vel meir likt dei vanlege brune egga??

Kva har eg gjort feil?


Påskehøno var lika blid den, om egget var sånn eller sånn utanpå


for inni er dei alle like!

God påske vidare til alle saman.

Eg skal levere ungar til besteforeldre i dag, 
for eg skal på mitt aller fyrste bloggtreff i kveld.
Gler meg veldig!



torsdag 28. mars 2013

Påskeegg


Påsken er her, og det kjennes veldig godt.
Mannen er reist på jobb, og det er ganske kjedlig.
Men det er noko vi har visst lenge, og bare til å leve med.

Påskeegg er eit stort tema her i heimen.
"Kva tid kjem påskeharen med påskeegg?"

Eg pyntar med ein del egg, og ungane har rista på samtlege av dei.
Dei er tommer enda.

Då eg byrja blogge for 4 år sidan var det Maileg-påskeegg ALLE bloggarar hadde.
Det var utsolgt hos alle nettbutikkane, og venteliste kvart år...
Sjølvsagt heiv eg meg med. Men eg fekk bare tar i små....
Heldigvis haldt eg meg unna Maileg -kaninene....


Så var det Green Gate egga.


Flotte egg, som du kan opne.


Eg hadde ein plan om å kjøpe dei kvart år,
for det er nytt design kvart år.


Meeen, det er begrensa kor mange påskeegg ein bloggar kan ha.

Så det er nok.

Sjølv om dei ikkje er så påskete,
eller at dei "ikkje passar heilt inn",
så hentar eg dei fram kvar påske og heng dei opp.

Blir ikkje påske utan...LOL...

Vi har vore i Fjellhaugen i dag,
nydeleg vær,
mykje folk,
gode vener,
mykje sjokolade,
lang dokø,
passeleg med skiing,
perfekt dag!

God påske vidare, alle mine flotte lesarar!




søndag 24. mars 2013

Alt er ikkje bare svart-kvitt....


For no har eg pakka vekk noko av det svart-kvite,
 og det er svart-gult som gjeld.

Det er jo PÅSKE!!


Gule ranunkler i svart vase, 
skikkelig lekkert.


Desse svarte vasane kjøpte eg på halv pris.
Passa perfekt her hos meg.
Eg digge å gjera sånne kupp.
Svart og kvitt er ypperlige utgangspunkt,
 og sjå kor tøft det er å kombinere med gult.


Dette bildet vart veldig kult.

Eg bruker framleis vanleg kompakt kamera for tida.
Litt med og litt utan blitz.
Bilda redigerer eg i PhotoScape.
PhotoScape er gratis å laste ned, og veldig enkelt i bruk.
Tusen takk til Diana med bloggen MyDream for gode tips og rettleiing med det.

I dag har vi stort sett vore ute heile dagen, sol og fantastisk vær.
Mannen og ungane har laga slengdisser i skogen.
No har vi teke sklibanen med og laga til eit kjekt leikeområde der;
"Tarzanhula"

Eg må vere Jane, der eg slenge meg utfor.
Sug i magen og kjempegøy.




fredag 22. mars 2013

Litt hagesenter


Ranunkler

I dag opna BoGrønt Fredheim sitt hagesenter for sesongen.


Det er så kjekt å opne eit hagesenter med så mykje flotte varer.
Er heilt sikker på at ALLE kan finne noko å like her.
Kva med spreke potter i plast frå Ehlo?
Klikk her for å sjå kva anna fint Ehlo har.
10 års fargegaranti.


Eg "må bare, bare må ha" dei rosa!



Potter i "kakelert" glasur, 
i mange flotte fargar og størrelsar.


Sjekk kassane då!! Grå trekassar med svart netting i bunnen.

Du kan bruke dei både inne og ute.


Eller kva med eit "drivhus" på terassen??
Perfekt til tomatplanter med meir.


Cafè- bord med betong plate og bondesjakk ruter.
Her får du og med bondesjakk brikker i pose.


"Hengeselje" med gåsungar.


Steinfigurar til å ha i hagen.
Dei er så naturtru at ein skulle nesten tru dei var ekte.

Håpar desse bilda kan gje meirsmak til å ta turen oppom oss. 

Opningstider no er:

Måndag til fredag kl 10-16.30
Laurdag kl 10-15

( Innelgget er ikkje sponsa)


onsdag 20. mars 2013

Vis meg ditt....


BoligPluss har ei utfordring gåande, som heitter " Vis meg ditt..... Sist var det spisetove, 
no er det soverom.

Eg har meldt meg på med dette bildet.


Eg skal få lagt ut ein "stemmeknapp", sånn at du kan stemme på meg viss du vil.
Det er mangle flotte soverom der, klikk her for å sjå alle dei flotte bidraga.

Og ja, eg vert sjølvsagt veldig glad viss du vil stemme på meg!


Det er ikkje dagleg at senga ser sånn ut.
Mannen synst det såg så romantisk ut, at han lurte på om eg pønska på noko...

No ventar sofaen på meg....Grey's frå i går og "spikermatta" er klar.

Fin kveld til deg.





søndag 17. mars 2013

Berre blåbær


Antioksidantar er bra for kroppen


Antioksidantar gjer kule bilder


Blåbær i vatn


Leika meg litt med kamera i dagmorges.
Blåbær i vatn gav så kule motiv.
Godt er det og.


Fargerik, sunn og god start på dagen.

Men etter komlemiddag kjem eg ikkje til å verte svolten før langt utpå dagen i morgon....

Vil ønske alle ei fin ny veke.


Speletid


Etter ein aktiv dag både ute og inne i går, tar vi det roleg i dag.
Det bles ute og eg kjenner det er godt å roe litt ner.
Familien vår er ikkje så gode på å ikkje ha planar og aktivisere oss sjølve...
(les; ungane)
Det blir mykje spørsmål om tv-film-speling etc.
Det er difor mykje opp til oss vaksne korleis desse dagane vert...

Til bursdagen fekk tullemor
Hakkebakkeskogen-spelet.

Vi fann fram boka og begge ungane likar den godt.


Spelet er veldig kjekt, og passa for alle i familien.



Pass deg for reven....


....viss ikkje du har dobbelpepra-pepperkaker...

.....då nys han    aaaaattttsssjjjooooo

og kan ikkje ta kaker av deg.


Papsen må legga vekk pc og spela,
for han kan ikkje motstå sjarmen til vetlajento!

No står komlo på kok.
Foreldra mine kjem på middag, etter heimkomst frå varmare strøk.
Eg gler meg til taxfree-posen!

lørdag 16. mars 2013

Nytt møter gammalt


Nytt møter gammalt, eller motsatt.

For ein skjønnhet.
Stua vekk i ein krok.

Ingen såg skjønnheten i denne.

Eg er forelska....igjen....


Detaljar.



Ny ugle frå eit hagesenter som opnar snart.


Finaste Wik & Walsøe lysastakane, 
blir bare meir og meir glad i dei.



Så vart kroken ny igjen! 
Love it!

Med auga for å sjå skjønnhet i slike gamle, vekk gløymte ting, har eg fått med tida.
Eg er glad eg har endra meg.
Ting eg har fått tilbod om å få/arve og takka nei til,
har eg bedt på mine kne om å få no.

Likar godt å setje saman nye og gamle ting, 
det vert så bra!!

Ugle frå BoGrønt Hagesenter.
Lykt frå Perfect Home.
Lysestakar frå Wik&Walsøe kjøpt hos Fredheim Blomster.

Dette innlegget er ikkje sponsa i det heile.

Laurdag og helg.
Har gjort klar grillpølser og ski,
vi skal til Fjellhaugen Skisenter og nyta dagen!

Fin fin laurdag til dåke alle.



onsdag 13. mars 2013

Onsdag


Sola skin ute, men det er kaldt om dagane.
Eg jobbe frå tidleg til seint med å klargjere hagesenteret for sesongopning.
Knallgøy!


Med finaste Omaggio vil eg ønska dåke alle ein fin onsdag.
Eg skal på klubb med dei finaste damene.
Det er som eg seier til ungane:
"På klubb er det bare mamm'er, 
vi snakkar mykje,
vi ler mykje,
og vi ler høgt!"

Eg gler meg!

mandag 11. mars 2013

Corocia


Eg har fått meg ny Corocia.
Den eg hadde sist døydde.
Eg la eigentleg ikkje merke til det, for den var like fin.
Men tilslutt dryssa den, og då skjøna eg at den ikkje var verdt å redde.

Vi har den på Fredheim Blomster.


Corocia er litt sånn "styggfin", 
det er liksom ikkje så mykje med den på ein måte,
men så likar eg den så godt på ein måte og.


Passar så godt inn hos meg,
på trommelbordet.


Den passar godt saman med harepusen min og neimenn sjå der....
enda ein fasettvase.

Eg ler av meg sjølv, og må innrømma at no har eg ikkje plass til alle lysastakane og vasane mine.

Ka ska eg gjera då?

Mannen meinar at eg små kvitte meg med nokon av dei!!
Høyrt slikt tull??

Nei, eg skal setje dei litt vekk, så kan eg bytte ut når eg blir lei, eller treng litt forandring.

No gjer eg meg klar til "Borgen".
Ser du på den?

Eg diggar danske seriar,
nett som eg diggar dansk design.

Good måndagskveld til dykk alle!

søndag 10. mars 2013

Bursdagsfesten er over....


Etter to dagar med feiring, er bursdagsfesten for tullemor over.
"Har eg bursdag i dag og?", spurde ho i dagmorges.
Nei, lille venn, no er det eit år til neste gang!


Muffins med blå, rosa og kvit glasur.
Sølvkuler var viktigaste pynt.


Marshmallows med topp av melkesjokolade og kakepynt.
mmmmmmmmm


Jordbær på pinne, toppa med melkesjokolade.
mmmmmmm


Ostekake med jordbærgelè.


Banner.

(Bildet vart teke etter at festen var over, stolane var komme på bordet,
klart for vasking!!)


Den tøffaste gåva var tøflene frå storebroren.
Dei var med i barnehagen, og mange misunnelege ungar gjekk heim med eit stort ynskje om slike...


Dei gapar når ho går....LOL...

Dei var bestevenner eit lite augenblikk den dagen...
"Søskenkjærleiken" lenge leve her i huset...

Husk Give Awayèn som skal trekkast i kveld.
Hadde vore såååå gøy å fått 100 følgarar innan dagen er omme!!

Bli med alle saman!

God søndag til dåke.
Vi skal på ski i sola, må sanka litt D-vitamin når vi kan!