Viser innlegg med etiketten Turglede. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Turglede. Vis alle innlegg

søndag 2. november 2014

Familietid

Familien min er min favoritt,
og tida saman er uvurderlig.


Joda, eg kan blir frustrert over krangling,
tette øyrer, skitne fingrar overalt,
syting og klaging,
men alt i alt, så er vi best!!





Tullemor og eg.

Fyrste søndagen på lenge,
saman alle 4 på tur.




Tullemor vil som regel ha med eigen sekk,
oppi den puttar ho det mest utrulege,
og klagar aldri på at ho må bere den sjølv.

I dag var hamsteret med,
og det prata og maste nedi sekken. 
Veldi glad når det fekk springe avgårde når vi kom heim.

(batteridreve leiketøy alltså!!)


Vi bur så godt som i skogen, og har laga oss ei lita "tarzanhule"
med slengdisser like borti her.
Obligatorisk stopp på turen.


Ganske fin når ho er i godlag denne jenta her.


Flott kar, han her og!


Ikkje lett å vere kamuflert under gøym-og-leita
i dette antrekket....
vart funnen fyrst....



Flott skog og turområde,
like utanfor døra vår.



Hausten er på hell,
og vinteren kjem vel snart.

Vi er allerede i november, 
og vi førebur oss til jul og førjulstida.



søndag 30. mars 2014

Vårlig turdag!



For eit vær,
for ein herleg vår!


I går var det "heime på altanen dag", 
i dag var det "ut på tur".

Pannekaker steikt på bål, 
smakar betre enn dei heime.



Mmmmmmmm,
pannekaker med blåbærsyltetøy og sukker.


Til dessert hadde vi flambert banan 
med melkesjokolade.

Oh my god,
gourmet mat, rett og slett.


To gode veninner som standhaftig prøvde fiskelukka,
men desverre vart det ikkje napp i dag.


Denne askeladden her, 
laga bare mykje røyk,
best å bare la damene ta seg av dette her ;-)


Denna flotta damo er eg veldi gla i,
og eg har kåra ho til den besta frilufts-veninno.

Tusen takk for ditt flotta initiativ til mange flotte 
aktivitetar!!


Lukka er å ha ein storebror som er så flink å fiska!!


Denne flotte karen er min,
og han sa dette hadde vore den 
kjekkaste dagen på lenge!

Det er ikkje ofte eg bloggar om desse kjekke kvardagsgledene 
vi gjer heile tida. Det vert mykje hus og heim.
Det er jo dette som er ekte kvardagsgleder for meg!!




fredag 1. oktober 2010

Tur med jobben

Detta bildet har eg lånt frå Åkrabygda.no og grunnen til da, e at eg gløymte fotoapperatet i dag.

Eg har vore på ein utruleg flott fjelltur med jobben min, TTBU, i dag. Vi gjekk frå Brandvikja, opp storebjørnsli, og over fjellet, ned på bjellandsneset, tok båt til Åkra. Ein super tur.

Men no er eg sliten, for da e lenge sidan eg har gått ein slik lang fjelltur!!

No er mannen reist til Frankriket for å fyka paraglider ei heil veka. Unne han da verkeleg (sjølv om eg meir enn gjerne skulle hatt han heime no, etter at han har vore 3 veker på jobb.....)  og håpe at han får gode flyforhold! Junior tar da tungt, og har grene seg i søvn i kveld. Morshjarta mitt blør då, og det er vanskeleg å trøyste han. Ingen trøyst for han, at "mamma er jo her..."

God fredag alle saman!

torsdag 4. mars 2010

Ein nydeleg dag??


På søndag droppa vi ski (rett og slett for da at ingen av dei likar jo å gå på ski, seier han på 5!. ) og tok oss ein tur i Steinparken istaden.
Fyrst av alt sat vi i fjøla-lavoen og år bollar og drakk varm saft! Utan mat og drikke, duger helten ikke!!
Vi brukte lang tid på vippo, og då dei endeleg vart einige om at dei kunne vippa ilag....så blei da faktisk ganske morsomt!
Ein sånn passe koselig tur forda han på 5 bare klaga øve alt, at han fraus, at han ville heim og at vetlasystero bare var til bry....Når mor er aleina kan det vere vanskeleg å finne aktivitetar som begge likar. Men vi er vel egentli enige i at å eta er ein aktivitet som klaffar!!

Eg tar gjerne i mot aktivitetstips!

Følg med, snart kjem ein liten før-påske-give-away!!

fredag 1. januar 2010

Ut å stå på skeiser!

Prinsen vår fekk seg skeiser til jul. Og dei måtte vi jo testa! Så på sjølvaste nyttårsafta i 8 minus, tok vi turen til baronihagen, og paddedammen. Der hadde vore nokon før oss og kosta vekk litt snø, og mammo kosta vekk litt til. Sånn at prinsen fekk litt is å stå på. Og da gjekk som ein draum!
Mammo trong berre halda han litt, så sa han "slepp meg" og bortøve for han. Sku tru han ikkje hadde gjort anna!

Tusen takk for fine kommentarar på førre innlegg. Da set eg veldi pris på! Da motivere meg til å blogga vidare. Eg veit og at eg har ein del faste lesarar, som ikkje legg spor etter seg, men da gjere ingenting, for eg veit dåke e der!! Men sjølvsagt er det hyggeleg med nokre ord frå dåke.

Håpe dåke ikkje har laga dåke for avanserte nyttårsforsetter. Eg ska vera endo meir aktiv saman med mann og barn, og eg skal reisa meir i da nya året! (og så ska eg prøva å jaga vekk han der samvittigheten...)

torsdag 5. november 2009

På lørdag...

På lørdag tar eg, min kjære, våre to små håpefulle, min kjære bror og kjærasten hans, oss ein liten tur te syden! Nærare bestemt Gran Canaria! Vi glede oss masse. Kjenne at eg trenge litt ferie no ( kem trenge ikkje da??), og e veldig gla for at vi bestemte oss for detta. Da blir bare ei veka denne gangen, men betre enn ingenting!

Einaste eg e spent på e flyturen med mine aktive små. Dei trives best med å springa i baronihagen og ha god plass rundt seg, ikkje fastspent i eit sete. Men vi veit jo kva vi kjem te, og då ska vi bada og kosa oss glugg!

Ha ei fin veka alle saman! Når eg kjeme heim blir da konkurranse på bloggen!

Klems

søndag 20. september 2009

Litt regn og masse sol

I dag skulle vi på tur, uansett. Rundt Hattebergsfossen bar da. Masse regn, rett og slett. Men ut på tur, aldri sur...
Synst vi såg eit troll som var blitt til stein her....
Og før vi visste ordet av da, så skein sola frå blå himmel... "Været er rart", sa glupisen på snart fem år.

Og da blei visst for langt tur for prinsesso. Ho sovna til slutt, trygt og godt oppå pappa sin rygg.