Viser innlegg med etiketten pute. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten pute. Vis alle innlegg

lørdag 7. februar 2015

Livet er ganske deilig

Livet er ganske deilig
står det på den nye puta i samlingen min.

Puta er frå Søgne Home
kjøpt på Fristelsar i Rosendal.


Ute bles det, snøar, regnar og sluddar det,
og det er skikkelig innevær.


Eg må innrømme at eg lengtar mot vår.

Våren er mi favorittårstid.
Når blomar og tre vaknar til live igjen,
det er tørt i bakken og ungane kan gå i joggesko.

Samtidig er eg glad eg bur på ei plass
der vi har tydelege årstider.
Eg trur vi har godt av det.

No ser vi for kvar dag at det vert lysare,
og eg nyter det.


Litt råsa i stova mi i dag.
Nytt Tallow lys kjøpt på Tilbords,
rosa drops og
 rosa tulipanar i favoritt vasen frå Wik og Walsøe.

som forhåpentlegvis vert skifta ut med nye blomar i morgon....

lørdag 28. september 2013

What does the Fox say??


Kven er det i dette landet som ikkje kan denne songen no?
Ylvis er bare heilt fantastiske.

Eg ler så eg grine av Ikea-skjetsjane deira.

Og som de ser, eg er beten av basillen...


Eller egentlig er det putedilla som kjem framfor,
og fri frakt hos Kremmerhuset!!

Pompongar har eg lenge hatt eit ynskje om, 
og fargane var perfekte.


Reven i Acapolco - stolen.


Sjå så skjønn då!

Men er egentlig reven så veldig skjønn?
Ikkje veit eg.
Men kva seier den eigentleg?