Viser innlegg med etiketten august 2013. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten august 2013. Vis alle innlegg

fredag 30. august 2013

Haust


Hausten kan vere vakker,
det er bare å finne det vakre og gjere det enda flottare.

Rognebær i Omaggio.



Kontrastar.

Raudt
Grønt
Svart
Kvitt


Mykje rognebær

skal vere eit teikn på at det kjem mykje snø.


Det er fredag og helg,
den beste dagen i veka.

Imåro skal eg øve til den fina øyo,
møta ei av dei beste som bur der
og handla på den fine butikken der.




torsdag 29. august 2013

Husmortips


I dag kjem eg med eit ekte husmortips,
eit sånt som gjere kvardagen enklare,
og samvittigheten betre!

Mølleren har mange gode brød, som du bakar på 1-2-3.

Ta 1,5 pakke, ha i 1 pk tørrgjær,
ha det i Kenwooden eller liknande,
ha i 7,5 dl lunka vatn, litt olje,
og kjør maskina i gang.

La dette skje mens du for eksempel drikk ein kopp kaffi og les eit interiørblad.

La deigen vere litt klissete.

Fordel deigen i to brødformerformer.



Set dei til heving under eit kjøkkenhandkle,
eller ein plastpose, i ca 1 time.


Steik brøda på nederste rille i ovnen,
200 grader i ca 40 min.


Så har du heimalaga, nysteikt brød til kvelds og niste.

Ungane blir kjempehappy, 
dei i barnehagen synst du er ei flott husmor som til og med bakar brøda sjølv !!!

Samvittigheten din blir såååå god,
og kva er vel betre enn nysteikt brød med Hapå???

(Nytt på å kjøpe sånne brødpakkar når dei er på 10 kr tilbud,
du sparar mykje på det!)



lørdag 24. august 2013

Eg har fått meg String


String hylla!!

(Ikkje noko stringtrusa viss da va da du trudde då du leste overskrifta...)


Kvit String hylla.

Har ønska meg den lenge, visste kor den skulle henga,
såg den for meg.
Hadde og planlagt kva eg skulle ha i hylla.
Det er ofte sånn med meg, eg har eit ekstra gen for organisering og orden.

Då vi flytta inn i da nya huset,
hadde eg møblert det lenge før vi flytta inn.
Så dei som hjalp meg med det,
kunne bare følge instruksjonane mine!!

He he, eg ler. 

I går hadde vi invitert til grillmiddag,
og naboen kom med blom til meg
"pletter i luften" vert den kalla.
Korleis kunne ho vite at den passa perfekt på hyllo mi?

Tusen takk, Randi!



Hylla bestilte eg på "Scandinavian Design" på nettet.
Det var der eg fann den rimelegaste.
...og handla du for 999 kr, fekk du gratis frakt. 
Så då kjøpte eg "Lovebirds" kjøkkenhandkle og dei stripete kleklypene frå Ferm Living og,
og det vart rimelegare enn den andre nettbutikken eg sjekka.

Scoop rett og slett.


Så endeleg får eg vist fram dei flotte Mano koppane mine, Mugtail skålene og da andra fina eg har.

Når eg har kjøkken utan hyller, så vert jo alt ståande bak lukka dører.
'Fint å ha ei hylle eg kan "dille og dalle" på då.


Eit lite heilhetsbilde av kjøkkenet.

Skal prøve meg på å ha bordet UTAN voksduk på ei stund....

Får no sjå kor lang tid det tar.

Veldi nøgd med dei nye stolane frå Bohus. 
Trur eg skal kjøpe fleire.

Hylla har fått hedersplassen på kjøkkenet.

Eg er nøgd.

God laurdag til alle fine lesarar.

mandag 19. august 2013

Endeleg er stolane på plass


Ein stor draum er endeleg gått i oppfylling.

Ei investering for livet.

4 stolar har fått plass rundt det flotte eikebordet vårt.

Eg har lest, at eikemøblar er på mote igjen.
Alltså eg er ganske så "In".

...og eg som hadde tenkt å selge det....



Stolane vart levert på døra i dag.
Mamma henta dei for meg.

Dei passa perfekt inn på kjøkkenet mitt.

Som den fødte materialist eg er,
kjenner eg lukka bre seg når stolane stod rundt bordet. 





"Syveren" designa av Arne Jacobsen,
3890 kr pr stykk.


Kunne dette vore....
.....det er draumen.


I mellomtida nøyer eg meg med desse frå Bohus til 
199 kr pr stykk på tilbud.

Såg du forskjell??

Eg er fornøyd eg.

fredag 16. august 2013

Oliventre


Dette oliventreet har stått og ropt på meg i vekesvis no.
I dag fekk den endeleg bli med meg heim.

Og det var nett som det "kom heim" og...


Det passa perfekt hos meg.

Saman med Acapulco-stolen.


Dette er blitt dillekroken min for tida.
men manglar ei lampe...


Eg håpar eg får halde liv i dette treet litt lenger enn det forrige...

....og det før det.

Dette skal rett og slett sleppe å stå ute og fryse i vinter...



Finaste stripete teppe, svart - kvitt sjølvsagt.
Frå Ikea


Hay DLM bordet,
med fasett vase og lysestakar frå Bolia.
Kulaste radio frå loppis.


Så flyttar vi litt rundt på det,
kan det stå her,
eller her??

Trur det får stå i ro no iallefall.

Eg har sunke ned i sofaen, med Maarud paprika,
favoritten over alle favorittar.

God helg, alle fine lesarar!

Velkommen så mykje til nye følgarar.
Håper de vil trivast her inne hos meg!

onsdag 14. august 2013

Lovebirds om hausten


Eg kan aldri få nok fine kjøkkenhandkler.

I dag er siste sommarferiedagen for mange, og i morgon startar KVARDAGEN på skikkelig.
Det er kaldare i været, mørkare om kveldane og eg har byrja selge lyng på butikken.
Det er alle tydelege teikn på at hausten er her.


Her i huset har eg ein som byrjar i 4. klasse i morgon.
For nokre år sidan hadde eg sommarfuglar i magen, 
og eg synst 5 åringen min var veldig liten der han stod klar med ny sekk på....

I morgon kjem han til å sykle aleine til skulen, 
med ny sekk denne skuledagen og.
Eg treng ikkje følge han, og eg har ikkje sommarfuglar i magen.
Eg er trygg på at han klarar seg bra.

Tullemor skal (heldigvis) gå eit år til i barnehagen,
men er meir klar til å bli skulekamerat enn det broren var.

Mammo i huset byrjar måndag i ny jobb.
Ho skal jobbe i fellestenester i kommunen, 
noko ho ser veldig fram til.
Jobben i barneverntenesta er sagt opp,
ein epoke er over,
ein ny er i startgropa.


Uansett korleis ting vert,
ser eg fram til tida som kjem.

I tillegg skal eg vere med å arrangere "Barnas Dag" her i Omvikedalen den 7. september, "Jul i Rosendal" og få i gang ulike trimgrupper i bygda.

Mykje som skjer, og eg gler meg til å få hausten i gang.

Hus, interiør og andre KVARDAGSGLEDER,
kjem det til å komme mykje av framøve og.


mandag 12. august 2013

Kleklyper utan klær


Ein ting er iallefall heilt sikkert,

desse kleklypene skal ikkje brukast til å henge opp kle med!


Neivel, tenker du vel no, kva skal dei brukast til då??


Nei ,ikkje veit eg.

Men dei er ganske kule å sjå på.

Evelyn likar stjerner,
eg likar svart og kvitt,
helst stripete.


Ferm living har så utruleg mykje fint,
eg finn bare meir og meir eg likar.

Og bare vent, eg skal nok finne mykje å bruke desse kleklypene til.

Fram til det, skal dei få ligge fint inne denne fine posen sin.

Her har eg duren av partilederdebatten i bakgrunnen,
"skattelette, taxi-sjåførar osv..."

....men no lokkar lukta av nybaka brød meg bort til kjøkendisken!!!

fredag 9. august 2013

Nett som nytt igjen


April, mai og juni har gått så fort i år. Trur det har med jobben eg har hatt siste året,
der desse månadane er høgsesong i hagesenteret.

Medan eg låg på ei solseng på Rhodos, såg på interiørbilder på Instagram,
så byrja interiørinspirasjonen å boble i meg.

Ein kveld i sist veke, tok eg å samla alle lausøyre i stova på spisebordet,
og byrja setje ut og stæsje litt på nytt.



Hylla Expedit frå Ikea føl meg rundt i stova.
Synst den passar godt inn hos meg, og eg får plass til mange av dei fine tinga mine i den.

Nydelege Mugtail.
Kâhler vasane  
( den store er det til mi store sorg, ei sprikke i.....)

Fasettvasane frå Bolia
Eska frå Søstrene Grene med Ferm-living inspirerte ruter på.


Eg var på Bohus på måndag og då vart denne flotte lysestaken med heim.
Joda, eg ynskjer meg framleis ein Kubus lysestake,
men i mellomtida sklei denne perfekt inn i interiøret mitt!



DIY - bilde.

Eit dobbelt kort frå Søstrene Grene vart bretta ut,
og plassert i ei ramme.

Utruleg lettvint og kreativ kunst!


Det er ikkje rom for så store ommøbleringar i stova mi,
men eg er veldig nøgd med sånn den er no.

No ventar eg i spaning på om Bohus kjem med det eg kjøpte der på måndag...

Vent å sjå!

Fin fin fredag til alle flotte lesarar der ute.

torsdag 8. august 2013

No blir det uhuuu stemning på badet


Sjå på denne skjønningen eg har fått!
Så utruleg nydeleg.

Ei veninne posta eit bilde av ei slik bedårande ugle på Instagram.
Eg la ikkje skjul på at eg så veldi ønska meg ei slik...

og då eg kom heim frå ferie,
fekk eg denne.

-Tusen takk, Anette-


Under sist ommøblering,
flytta desse uglene og inn på badet oppe.

Dei har alle si personlegheit,
sin skjønnhet og sin intelligens.


Minstemann har flytta inn i fuglehuset.

Kikkar ut og held eit auga med oss.


og til slutt, siste tilskudd i familien.

Nydelegaste
Finaste
Skjønnaste
Største

Kjøpt på loppis.

Ho har ikkje heilt funne sin plass i huset enda. 
Vi går litt rundt og prøver, så ho kjem til å dukke opp litt overalt frametter.

Ho seier ikkje så mykje, men eg veit kva ho vil.



søndag 4. august 2013

Orden i sakene, iallefall ei stund....


Badet nede er stort sett fylt med kle, kle og endo meir kle.
Noko er reint, noko er skittent
og noko er sånn
brukt ein gang, 
for brukt til å leggast i skåpet att,
men for reint til å vaskast...
Skjønar?




Derfor har vi no ei Expedit hylla frå Ikea ned på badet.
Vi er 4 i familien (Flaks)
og alle har difor fått ei Skuff-korg kvar til å legge kleda sine i.
Det funkar faktisk.

Ei stund.


Elektrisk handkletørkar har blitt eit must hos oss.
Denne er frå Clas Olson.
Det er kvardagsluksus å ta eit varmt og tørt handkle frå denne etter ein dusj.


Laundry-korg frå Åhlens.
Oliventre
Knottar frå HKLiving, Button Hook.
Desse kom opp før hylla vart plassert.
No er dei ikkje så mykje i bruk, desverre.
Men fine er dei.

'
Dorullar kan og vere ein del av interiøret,
oppi ei fin fin korg.

Så får vi sjå kor lang tid det tar før det igjen heng klede over badekaret,
eller ligg strødd på golvet.....

Vi har baderomsplater som liknar fliser på veggen,
og golvbelegg på golvet.
Utruleg lett å halde reint,
eg anbefalar det på det strekaste.

Fin fin søndag til dykk alle.

Hotellinteriør


Den fyrste veka heima har gått så fort at eg ikkje er komme heilt i gang med ting her heime. 

Viser dykk difor i dag litt av hotellinteriøret på Kallithea.

Eg likar når ting er stilig.


Flotte oliventre stor overalt.
Tenk å fått dei like fint til her heime...


Dritkul lampe i lobbyen.


Stor klokke på veggen,
så vi i feriemodus veit kva tid vi skal luffe opp til lunsj og middag.


Tøffe lampar 


Lekkert inngangsparti, 
reint og ryddig.

Eit hotell eg absolutt kan anbefala på mange måtar:
reint
ryddig
flott og service innstilt personal
tilrettelagt for barn
og knallgod mat.

God tur!