Viser innlegg med etiketten Festglede. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Festglede. Vis alle innlegg

mandag 2. august 2010

Nye sko

Eg har kjøpt meg nye sko!!!

Eg har to anledningar for dei no, fyrst bryllaup om to veker, så klubbtur til Barcelona!! I kveld startar øvinga på å gå med dei!

(Ka synst du, Hilde? Eg og Reidunn digge dei iallefall!)

onsdag 30. juni 2010

Bursdag!

På mandag var det min tur til å ha bursdag! Og det liker eg veldi godt. Eg har alltid gleda meg til bursdagen, frå eg var lita jente. Eit stort sakn for meg, var å få feira dagen i barnehage eller skule. For eg har jo bursdag midt i ferien.... det er vel det å få vere midtpunktet ein heil dag som er så forlokkande!!!

Eg fekk mange fine gåver. Denne flotte gåva fekk eg av bestisen min, som har vore to veker i Spania ( heldiggrisen).

Denne flotte Bruka mugga til Vatten (!) fekk eg saman med to hjerteskåler. Gåva var kjøpt hos Frk Lande, min favorittbutikk nr 1!!!!!!! Den fekk eg frå 4 veninner som hadde kjøpt i lag. Tusen takk!

Ellers fekk eg billettar til Mamma Mia i Bergen 6/11, treningstøy, ny Marian Keyes bok, pengar, Snacks skål, godis, oliventre( som skal komme i eit eige innlegg!) og fleire ting, samt  UTRULIG mange helsingar på fjesboko og sms. Tusen takk alle saman.

Det vart ikkje knipsa bilder på sjølve dagen. Men om kvelden om der sol, og vi sat ute på altanen og kosa oss med pastasalat, focaccia og gode kaker!! Så får eg bare vente eit heilt år til neste bursdag....

lørdag 26. juni 2010

Litt forsinka jonsok innlegg

Bålet i Omvikdalen!

Denne kvelden fekk ungane vere oppe nesten så lenge dei ville. det vil sei at dei la seg kl 21!!

Flott arrangement, med masse kjekke folk!

Det var varmt og fint. Ungane bada, leita etter krabbar og var med på stafett!



Og nokon fann ut at kjeglene til stafetten, kunne brukast til hatt!

lørdag 19. juni 2010

Blåtur

I går var vi på blåtur med jobben! Det var oppmøte rett etter arbeidstid, og vi vart delt inn i lag. Vi fekk ei oppgåve der løysinga vart Halsnøy Kloster. Der fekk vi omvisning og eit lett måltid!

Utruleg flott der ute. Eg har ikkje vore inne på kloster området før, berre køyrt forbi. Og så var vi innom utstillinga som for tida er der, med bilder av lokal kunstnar, Eirik Eriksen og keramikk av favoritten min, Sara Reed. Utruleg mykje fint!!!

Til slutt havna vi på Borgundøy/Fjellberg, der vi vart servert skalldyrmat på detta maritime bordet med masse plastblomar og lys!! Greitt å komme til dekka bord, som vi nok hadde det mykje løye med!! God service og kjekke historiar....( sjølv om nåken hadde vi høyrt før, og andre vart gjentekne 5 gonger. Og du, eg skjønar at du synst det vart ubehageleg at barnevernet kom på tur, når du hadde bodnabodno med deg i arbeid til langt på kveld, men slapp av; ingen bekymringsmelding av den grunn!!!)




Tullemor er no på kviling, og det skal jammen meg eg og. Gutane er på indianarleir til i morgon, skal sove i telt og greier. Så vi jentene skal styre oss sjølve!! Ha ein fin lørdag!

mandag 8. mars 2010

Bursdagsfest 2

I dag er vetlajento mi blitt 2 år! Og da vart sjølvsagt feira som ein 2 års dag skal feirast!!

Sånn vart gjestene ønska velkommen til bords!
Pølse i brød og pizzasnurrar høyrer med, saman med skulebollar og muffins. Ingenting skal sparast på i ein sånn anledning!
Verdens finaste 2 åring, med KJOLE og kruna, og cola i glaset!

Vi e superglad i deg, vesle 2 åringen vår!!