Viser innlegg med etiketten kosekrok. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kosekrok. Vis alle innlegg

mandag 19. januar 2015

Det var ein gang....

Det var ein gang
Norges finaste kosekrok.


Det er den fyrste interiørkonkurransen eg vant,
og eg kjem til å leve lenge på den.

Det var bladet Kamille som arrangerte,
og eg deltok med eit bilde av Acapulco stilen forann peisen.

Du ser bildet ute i sida på bloggen.


Kroken er nesten den samme, 
og framleis ein favorittplass.

Hay bordet eg fekk til bursdagen
i fjor, eller året før...
er ein absolutt interiørfavoritt.

Så utruleg praktisk,
bare ta i handtaket og ta det med deg.
Difor det heitter 
"Hay - DLM (don`t leave me)"


Ein liten råsa fargeklatt.


New York posteren fra Kreativum
er ein poster som betyr mykje for meg.

Eg er framleis svært forelska i New York,
og gler meg allerede til neste gang eg skal dit.
Kva tid det blir??
Før eg anar,håpar eg.

fredag 21. mars 2014

Norsk design i premie

Det kjekkaste med å vinne,
var jo det å vinne!!!

...og så fekk eg jo premie i tillegg!



Premien var produkt frå det norske merket Funkle.
I dag fekk eg vite av tanta mi at designeren kjem 
frå Notodden!!

To puter
Eit nydeleg pledd
Vase og koppar
og gavekort på MesterGrønn på heile 1000 kr




Nydeleg blomabukett eg fekk av 4 flotte veninner,
som kom øverraskande på besøk 
for å feire 
Norges finaste kosekrok.


Saman med dei fine putene eg har sydd sjølv,
kom premien verkeleg til sin rett her hos meg.

Eg er framleis så utruleg glad,
så glad for at dåke har stemt meg fram til å vinne.

-Tusen takk-

onsdag 19. mars 2014

Eg har Norges finaste kosekrok!!!



Med dette bildet har eg vunne konkurransen om

Norges finaste kosekrok



Det heile byrja ein kveld i januar.

Bladet Kamille utlyste ein konkurranse på Instagram
om å vise vår finaste kosekrok.

Det var 196 bidrag med kosekrokar i alle fasongar.

Eg styla kroken der eg ofte sat og las blad i vinter,
ved sida av peisen,
og knipsa eit bilde som eg sendte inn!

Etter ei stund fekk eg melding frå Kamille om at mitt bidrag
var plukka ut, saman med 5 andre,
til å komme i finalen.

-Eg var mildt sagt i sjokk-


Saman med desse flotte bilda skulle eg konkurrere om
den gjeve tittelen om å ha 
Norges finaste kosekrok.

Bileta vart presentert i bladet, og no var det opp til lesarane 
å stemme på sin favoritt.


Så for to veker sidan fekk eg telefonen frå skjønne
Aleksandra i Kamille, 
som kunne gratulere meg som vinnar i konkurransen.

No er bladet komme i postkassen til alle
abonnentar og då er det vel bare å gle seg over dette!!

Eg har vore veldig spent på reportasjen i bladet,
eg har aldri vore i eit blad før,
og så gøy at det er nettopp Kamille!
Det ser veldig bra ut.

Tusen tusen tusen takk til alle
som har stemt på mitt bidrag,
eg set så utruleg pris på 
kvar einaste stemme.

Dette er veldi stort for meg.


søndag 16. mars 2014

Blir aldri lei

                                           Enkelte ting i interiøret mitt
                           blir eg aldri lei.



Eg flyttar rundt på dei,
finn nye plassar,
og flyttar tilbake.


Acapulco stolen, Hay DLM bordet
og Louise Roe puta er sånne favorittar.

Stolen har eg kjøpt brukt,
bordet fekk eg til bursdagen
og puta i innflytningsgåve.

No står dei i den nye kosekroken min,
i den lysaste delen av stova.
Med vindauge på begge sidene,
og den kule retrolampen min til leselys.



Svarte og kvite striper har eg mykje av i interiøret og, 
men ikkje for mykje.
Sånn nett passelig, så eg ikkje blir lei av det.

I sofaen har eg no fått nye puter,
og dei svarte og kvite skal få ein liten vår/sommar pause.

Det nye skal eg vise seinare i veka.
Då skal eg avsløra ein liten-stor hemmelighet og...

Fin søndagskveld til alle fine lesarar.


onsdag 19. februar 2014

Har eg Norges finaste kosekrok?

Favorittbladet mitt Kamille utlyste like etter jul
ein konkurranse på Instagram,
"Har du Norges finaste kosekrok?"

Eg elske konkurransar,
og sendte inn mitt bidrag.


For to veker sidan fekk eg vite at mitt bildet var 
trekt ut til finalen!

Du kan tru jubelen sto i taket.

I går kom bladet i posten,
og no kan alle som vil stemma på det bildet dei likar best.
Uansett er det kult bare å bli trekt ut,
blandt nesten 200 bidrag.

Jiiiihaaaaaa




Eg håper sjølvsagt at du liker mitt bidrag og har lyst å gje meg ei stemme.

Send KAMKROK5 til 2205 
(1 kr)



Kosekroken min har flytta seg litt, 
men Acapulco-stolen er med.
Eg kosar meg mykje,
og elske å laga det fint rundt meg.


Kamille er alltid med,
eit blad eg aldri vert lei av.

Påskeliljer?

Ja, løkblomar er og ein  favoritt
og med ein gong dei kom inn i varmen,
så blømte dei.

Vårfølelse deluxe.