I det eg låste meg inn på kontoret mitt i dag, fekk augo mine sjå ein rosa ( ja, tenk, den var rosa!) pakke på pulten min.
Kven er den til?
"Solveig" stod det på kortet.
"Selv en motivator trenger litt motivasjon av og til!"
En liten hilsen fra Gunhild
Inni pakken var denne utruleg flotte hjerte boksen, med rosemønster på.
Og eit Green Gate krus.....med rosemønster.
Tusen takk, Gunhild. Eg er framleis litt mållaus og "satt ut". Og set veldi pris på deg, min kjære kollega. Det er sånne kollegar som gjer ein av og til tøff jobbkvardag, verdt å forsette med det vi held på med! At du kjenner meg så godt som dette, viser at vi som kollegar tilbringer mykje tid saman, ofte meir enn med andre vener og familie, faktisk.
Samstundes må eg få takke den flotte gjengen eg var saman med på fredag. I morgon er siste dagen saman med Veronica på jobb, som eg kjem til å sakne veldig!! Takk for den du er for meg!


