Viser innlegg med etiketten Kvardagsgleder. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kvardagsgleder. Vis alle innlegg

tirsdag 4. januar 2011

Realiteten

Dette blogg-innlegget er til kollegane mine, som ikkje trur at eg er som alle andre!
 Eg har mogeleg gitt uttrykk for at eg har det ganske strigla heime. At i alle skuffer og skåp er det tellekantar på kle og klutar. At det ikkje er støv i vinduskarmane mine, at det ikkje ligg daude floger i krokane, eller er rot på golvet... Men eg har det. Og her er beviset.

Desse bildene tok eg i går etter at eg kom heim frå jobb. I lunsjen fortalte ei god kollega at ho hadde eit nyttårsforsett om å rydde ei skuffe kvar dag. Då eg uffa meg, og sa at da burde eg og, svarte ho at ho nekta å tru at eg hadde rot i skuffene mine. Då tenkte eg at hm, trur ho verkeleg det? Eller er det bare noko ho seier? Vel, eg får heim og ta ein kikk. Og dette møtte meg.

Inne på syrommet, som eg kallar det, er det eg som regjerer. Mannen finn ingenting her inne, og veit ikkje heilt kor han skal legge ting. Difor vert det lagt oppå det som er her.
 Og sidan vi leiger hus no, kan eg ikkje bare flytte på skap og henge opp hyller. Eg bruker det som er her. (Og flaks for meg er det ein del skåp på dette rommet!) Og eg har visst ikkje vore så flink å systematisere.... Her er eit einaste kaos, og eg likar det ikkje. Så i dag skal eg byrja å rydde her.

Det skal og vere sagt at dette rommet vert nytta til oppbevaring av ekstra stolar, madrasser, ein paraglider ( som skal få eige rom i det nye huset :-D), klede i alle fasongar, symaskin og syutstyr, julapynt som har mellomstasjon før det skal pakkast på kottet, strykebrett osv.
 Uff og uff....
 Her har to halvsjuke ungar regjert i dag...
Men det skal han ha, han hadde teke seg av våre to søte små og støvsugd til eg kom heim frå jobb kl 18! Det sette eg veldig pris på!

No er det opp av stolen, og byrja rydde på syrommet. Håpar eg kan komme tilbake med eit "etter" bilde om ei stund!

søndag 2. januar 2011

No e ho ute

 Godt nytt år alle mine gode bloggvener! Eg set umåteleg stor pris på dykk. Og det blir ikkje lenge før eg skal gje vekk noko til ein av dykk att!

Når det nye året er vel kommen i gang, så er jula over for min del. Eg pleier alltid å rydde vekk jula allerede 1. el 2. januar. Sidan eg byrjar pynte i slutten av november, nyter vi førjulstida heile desember. Og eg ser fram til å starte det nye året. Så i går for både juletre og nissar ut, og alt er pakka sirleg ned i kassane. Sånn at det er kjekt å opne dei att i november.

Og då vi var i gang, fekk ungane knuse pepperkakehuset. Dette har dei gleda seg til, sidan vi pynta det!
 Og utstyrt med kvar sin hammar, gjekk det i tusen knas.
Og dei storkosa seg med støvete skumnissar, nonstop og dårleg pepperkakesmak....Ja, ja, små gleder veit du!

I dag har spysjuka inntatt heimen vår. Junior byrja kl 8 i dag, og har spydd stort sett i heile dag. Eg og tullemor gjekk ein lang tur, for å hente bilen vår ( sidan vi var ein tur i festleg lag i går kveld!). Då vi kom heim, klaga ho seg over vondt i magen, men ingenting skjedde. Men då ho skulle hjelpe pappen med å lage suppe til middag, kom det. Det vart ingen middag på oss i dag, og kjøkenet er vaska med klorin. Og det to gonger, for då eg var ferdig, spydde ho ein gang til....

I kveld vert det hamburger frå Statoil på oss. Så får vi håpe at det er over for denne gang. No står det iallefall bøtter overalt, og klorinflaska lett tilgjengeleg!

lørdag 11. desember 2010

Favoritt barnekle butikk

 Min favoritt barnekle butikk ligge på Halsnøy, og heitte Little Blå. Den er bare så "deilig", viss da e eit ord eg kan bruka om ein butikk.
 I går var eg innom der ( etter eit møte på øyo) og fann denne Noa Noa kjolen til halv pris. Eg slo te.
 Og då måtte eg ha ein topp inni, og strømpebuksa te. At strømpebukso kosta meir enn kjolen, er nå så som så.
 Håpe tullemor blir fin i denna i julo!!
Bodil BO har laga logoen deira. Stilig!

Dei fører mange fine merker som Mexx, Dundelina, Chill, Cupcake osv. damo som jobba der kunne fortelja at vi på andra sio av tunnelen var veldig flinke å handla der. Da kom te og med fullasta bilar frå Rosendal for å handla på øyo!! Men eg forstår. Det er mange fine butikkar der.

tirsdag 23. november 2010

Amaryllis

 Amaryllisen er kommen i hus! Og sidan eg er så heldig å ha ein gartner-pappa, så kan eg få så mange eg vil!!! Og har difor to raude og ein kvit i hus.
Reknar med at desse blømer innan 1-2 veker, så eg skal snart setje nokon til på "driving" slik at eg har til jul og!

Eg er heilt slått ut med influensa. har hangla i 4 veker no, og hosta stygt. Nå skal eg halde med i ro til eg er frisk, sånn ca til fredag, for då skal eg på julebord med jobben!

Tullemor er og sjuk. Ho slo tanna si for nokre veker sidan. No har ho fått betennelse i den, og må trekke den. Har byrja på pencilinkur no! Mannen var til lege med ho i går, då ho lenge har klaga over vondt. Legen såg knapt på ho, sa at ho såg ikkje sjuk ut og sendte dei heim. Spørsmålet om å ta CRP, vart avfeid med at "det kunne jo vere kva som helst". Mannen var rimeleg irritert på den kvinnelege legen....og vi bestilte time hjå tannlege. Ho kunne i dag bekrefte at det var betennelse, og at legen så absolutt skulle ha oppdaga det i går...

Eg har sjølvsagt ringt inn til helsesenteret og gitt beskjed.

Så no ligg vi på kvar vår sofa og skal bli friske!

mandag 22. november 2010

Premie!!

Eg likar å vinne. Nei, eg elsker å vinne. Stort sett alle gåver og premiar vert eg veldi glad for. Eg er rett og slett glad i gåver, i alle variantar. Eg trur og eg er lett å gi noko til. For eg blir stort sett glad for alt!

Sist veke vann eg premien på jobben! Då vann eg denne flotte premien. Lilla såpe og klut! Passar perfekt til badet mitt! (fordi eg har kjøpt lilla matte til golvet!)

Og jammen meg, så vann eg 215 kr i lotto på lørdag. Eg er heldig alltså!

søndag 21. november 2010

Bakedag

 I dag har vi baka kakemenn. Eg likar best sånne deigar som ikkje treng stå over natta ( rett og slett fordi eg gløymer det ut :-D) Så etter frukost i halv ni tida, var vi igang med deigen!
 Dette er ein aktivitet som slår an her i huset. Alle er med!
 Og junior blei faktisk lei seg fordi det var tomt for deig! Sånt likar eg. Men det er vel viktig å ikkje overdriva. Så ein deig for ca 4 brett i ovnen, trur eg er passeleg.
 Ja, treng eg sei meir?
Og her er siste nytt frå tomta: han far har gått laus med motorsag og saga ned alle trea. Så no har vi ved dei neste åra og! Han har og brent opp alt riset, så no er den klar! Teikningane er inne, klare til å søka på. Kjenne eg vil komma i gang no. Eg gler meg til nytt hus!!

lørdag 13. november 2010

Stemning

 Walters sinkhus er brukt omtrent dagleg no denne tida. Eg ser at posen med t-lys minkar dramatisk!! Men det er vel meininga og. Bildet vart litt dårleg, men det er stemninga som er viktig!
 Kva kallast desse? Eg ser dei overalt for tida. Denne er laga sjølv: eit stykke stoff, ein tom dorull, litt blonder og perletråd til å feste på endane. Veldig dekorativt spør du meg.
I kveld har eg og ei veninne hatt byttedag....ho tok med seg tullemor på overnatting, og eg fekk hennas eldste. Han og min er kompisar, og no går det i lego og DS om kvarandre.

Eg har vore på loppemarked i dag. Eg fann ei hylle og nokre bøker. Og så fann eg ei bladkorg til veninna mi. Den var veldig fin faktisk. Trur den kjem til nytte der den skal vere. Eg såg og at dei har skrudd prisane litt opp på loppisen her og. Dei har nok skjønt at det er in og gå på loppis. Og det var sikkert 200 stk utanfor døra kvart på åpning. Mykje greier der inne, og sikkert mange som har gjort nokre gode kjøp!

torsdag 11. november 2010

Ei husmor sin draum

 Det er bare sånn det er, eg er ei husmor og eg likar det! Men eg ynskjer ikkje bruke tid på ting eg ikkje treng bruke tid til.

Og når ein er ei ekte husmor, så er det og viktig å ha dei rette hjelpemidla for å få dagane til å gå rundt. Difor invisterte eg i Kenwood kjøkkenmaskin i fjor, slik at det ikkje er noko heft og setje ein bolledeig. Eg har tørketrommel, for å lette litt på klevaskinga, og etter at vaskemaskina vår sa stopp i sist veke, måtte eg kjøpe ny!
 Og denne gangen vart det Miele! Den kjem stort sett alltid best ut i test, også denne. Og etter god service frå dei på Elkøp, Husnes !!!!! Så kom vaskemaskina på plass i går. Sjåføren tok den inn, og innstallerte den til og med! Supert!
Og denne gangen fekk eg display og, så eg ser kortid den er ferdig. Oj, ei real lukke!!

søndag 7. november 2010

By-impulsar



I helga var eg i Bergen. Etter ein liten runde på diverse interiørbutikkar....(les: Riviera Maison, Holmehuset, Åhlens, og Farmors Hus...) utan å kjøpe anna enn muffinsformer som står god jul på ( ja, for det er ikkje julepynt!!) så tok eg meg ein pause på ein liten cafe som heitte "Eat my muffin". Jammen sa eg muffins. Nam alltså. Oreomuffins!!

Så møtte eg veninna mi, og vi var ein runde til i butikkane. Så då eg synst posane ( og weekendbagen eg fekk låne for anledningen, som eg nesten trur er min no...) var for tunge, gjekk vi på ein "ikkje barnevenleg" ( og då meiner eg at då vi begge småbarnsmødre endeleg var utan barn nokre timar, er det lov å sei at ein vil gå på ein cafe utan for mykje barnevogner, amming og småtassar som spring...) cafe og åt lunsj. "Aroma" heitte den!
 Club Sandwich mmmm
 og vin i glaset!
 Dessert? Sjølvsagt!

Og i gåve frå den gode veninna mi, fekk eg sjokolade! Ho veit kor glad eg er i slik spesiell sjokolade, som berre skal og kan nytast!! nam. I kveld skal eg nyta ein bit, saman med ein god kopp te og beina på bordet....(eller ved symaskina...)

Ei super helg, som vert avslutta saman med favorittane mine.

torsdag 28. oktober 2010

Ny mobil

Ohhhh, i dag kom den nye mobilen min! Ein Nokia 6700 Slide. Og den var lekker.

Så no får vi håpa at eg klarar å ta betre vare på denne.....at eg ikkje lar den dette ned heile tida...Og at dei eg snakkar med, ikkje klagar på at eg "legg frå meg telefonen og går inn i naborommet.." Eg gjorde jo ikkje det, men for dei høyrtes da sånn ut.

Så no kan de bare ringe!

onsdag 27. oktober 2010

Forskudd på arv

 I går var vi inne hos mine foreldre. Mamma hadde laga vafler, og vi sat og drøste i sofaen. Mamma viste meg noko garn ho hadde funne mykje av, og lurte på om det var noko av det eg kunne bruke. Og det kan eg sjølvsagt! Og så spurte ho "om det var noko meir eg ville ha?"  Eg sa at eg gjerne ville arve dei 3-arma sølv lysestakane som ho alltid bruker på julafta.

Mamma byrja å le. Ho gjekk opp, kom ned att med lysastakane. "E da desse du meinar?", spurte ho. Ja, svara eg, med stjerner i augo. "Sjå her, ta dei!" sa ho. Eg måtte dobbelsjekke om ho meinte det. Og det gjorde ho. Ho lo litt framleis, og kunne fortelje at det var ikkje ekte sølv.

Men for meg har det lite å bety. Nydelege er dei uansett.
 Og før vi skulle gå, kjem det tørt frå pappa: "det må vel vere forskudd på arv det då!" "Ja, det er heilt greitt, svara eg, skriv det av på lista!!!"
Og inn i min heim kom alltså desse flotte stakane i går. Eg hadde bare lys til den eine, men den andre står bak!

Eg kjenner meg rik og lukkeleg.

fredag 15. oktober 2010

Lady GaGa

No skal eg snart pakke kofferten min, og gjere meg klar for Oslo helg med gode veninner! Vi skal nemlig på konsert i Oslo Spektrum med Lady GaGa på lørdag! Detta har eg gledd meg til lenge.

Så eg vil ynskja alle lesarane mine ei knall helg. Eg er ikkje tilbake før søndag. Så no får mann og barn klare seg sjølv, eg skal bare tenke på meg sjølv og nyte denne helga!

søndag 10. oktober 2010

Gatekunst

 Lørdag var borna ute stort sett heile dagen. Nydeleg haustvær frå morgon til kveld! Og fantasien er det ingenting å sei på!
 Ein gylden anledning til å ta på tullemor den nye Kaptein Sabeltann gensaren, som bestemor har strikka!
 Heilt i tullemor si ånd!
Bare flaks at det her var blide fjes, for egentli fekk ho ikkje lov å vera med....ho bare øydelegg, pleie han å sei...

Ein flott søndag er over. Haustferie neste veke for junior, som skal vere heime med pappen. Tullemor skal i barnehagen, og mamma på jobb!

fredag 8. oktober 2010

Haustkveld

Haustkveld i stova. Eg og junior sit og ser på X-factor og kosar oss med digg. 

Detta er kvelden då han får eta nesten ubegrens med godis....og faktisk så ete han ikkje så utruli mykje før han blir kvalm.....


Og eg kosar meg med siste utgave av Bolig Pluss som eg fekk ho på butikken til å henta på lageret! Takk!





Ser han nøgd ut eller? Trur tenna er dekka med sjokolade allerede!?!

Vel, no håpar eg at eg er tilbake på bloggen. Eg har hatt ei veka der eg har rett og slett har hatt nok med dei daglege rutinane. Men i måro kjeme mannen heim frå ferien sin!! Har to som nok gler seg meir enn meg. 

Ha ein fin fredag alle saman!!

lørdag 2. oktober 2010

Kontrastar

Eg såg ei utfordring hos http://www.anetteshus.com/ om kva som skapar kontrastar i heimen. Og her fann eg noko i stova mi.



 Desse mørke møblane er eg eigentleg ganske nøgd med, men har planar om å male dei lyse. Så får vi sjå korleis det går.

Bokstavane har eg kjøpt hos Sæbøvik Gåver og leiker (ein stor favorittbutikk for meg!). Og med god hjelp av mammo te naboen min, fekk eg til slutt D en i Andreas og! Takk :-)

I dag er det lørdag, og vi skal på kafè i ungdomshuset Dalheim. Etterpå blir det besøk hos bessen og bestemor som har vore i syden! Mon trur om dei har noko fint til oss???