1. påskedag allerede, 3 fridagar er forbi.
Ein dag på ski i fjellet -> fantastisk
Ein dag med kos i hagen, grilling på
bålpanna og muffins
i store mengder
-> fantastisk
( eller kunne nok vore enda meir fantastisk viss ungane
hadde leika fint, ingen krangla, ingen hylte,
alle dissa etter tur, delte likt osv....
men det skjer berre i draumar...)
Og til slutt ein dag med påskerebus
etterfulgt av pølsegrilling i
øvre Skeishagen -> fantastisk.
Meir påskestemning enn dette
skal eg leite lenge etter.
Gul er ein fin farge, spør du meg.
Derfor skulle eg koke gule egg til påskefrukosten....
Kok med løkskal seier ekspertane.
Blei det for mykje løkskal?
Det i midten skulle bli gult....
Det er vel meir likt dei vanlege brune egga??
Kva har eg gjort feil?
Påskehøno var lika blid den, om egget var sånn eller sånn utanpå
for inni er dei alle like!
God påske vidare til alle saman.
Eg skal levere ungar til besteforeldre i dag,
for eg skal på mitt aller fyrste bloggtreff i kveld.
Gler meg veldig!