Viser innlegg med etiketten Juli 2014. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Juli 2014. Vis alle innlegg

mandag 14. juli 2014

Ferieliv

Litt sånn bakrusfølelse i dag,
etter ei heil veke med knallvær,
våkna vi til overskya og litt regn i lufta.

Kva gjer vi då?



Tullemor har besøk,
junior er i nabolaget
og eg kan vel rett og slett 
bare sitja og drikka kaffi.

Men eg er så dårlig på det.



Tok litt bildet før helga,
etter at eg hadde kjøpt nydelege roser hos 
Fredheim Blomster.
Dei står fint og blømer enda,
klart dei likar seg best når det ikkje er for varmt.


Hos meg er det kvitt, svart og litt bambus for tida.
Det gjer eit roleg og harmonisk miljø.

Har eit par ting eg har lyst å kjøpe meg, 
men eg ventar litt. 
Må vel innsjå at pengane ikkje vekse på 
tre her hos meg heller.

....så når dettbutikkane lokkar med salg....
er det vanskeleg å stå i mot...

Men no klappar eg igjen pc-en, og lagar middag.
Etterpå vil ungane sjå film,
er det ferie
så er det ferie.

Nyt dagen!




torsdag 10. juli 2014

Ny sofa i tv-stova


Det å "bu seg inn" i eit nytt hus, 
er ein beskrivelse som passar godt hos meg.
Vi har budd i huset vårt i over 2 år,
og framleis skjer det endringar.
Dette i tillegg til at det er faktisk ikkje alt vi har fått på plass heilt enda.


I tv-stova vår har vi no fått ein ny sofa.
Vi er 4 i familien, og den vi hadde der før,
var det berre plass til 3 i.....

Sofaen heitter "Seville" og er kjøpt hos Bolia.
Farge antrasitt, som dei andre vi har i stova.


Passar perfekt inn, som
"hand i hanske".

Fast i stilen, og kanskje litt kort i ryggen,
men når ho som eig den er svært glad i puter
som ho kan fylle den opp med,
er det bare å slenge seg nedpå!


Hay DLM bordet passar inn overalt,
og i påvente av eit Hay Tray bord,
har vi det heilt supert!


Her er tv-stova vår før.

Litt anna stil og ALT for liten plass til heile familien.

No er det ferietid her, det er 27 grader ute, og vi nyter dagane ved sjøen.

Ha ein strålande dag alle saman!