Viser innlegg med etiketten Ferie 2015. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ferie 2015. Vis alle innlegg

søndag 2. august 2015

Ferie 2015; del 2


Etter Oslo besøket var vi ein dag i Tusenfryd.

Perfekt dag, lite folk og ingen kø.

Parkvær er jo egentlig best når ikkje sola skin for mykje.
....og det har vi ikkje vore plaga med i år heller.




Så sette vi kursen mot Sverige og campingliv dei neste dagane.
Flotte campingplassar, nokså greitt vær og mykje kjekk aktivitet.



Vi har stort sett alltid med oss syklar, 
som gjer at vi kan flytte oss litt rundt og ikkje minst 
oppdage flotte plassar.


Dette var nok den finaste dagen på turen,
og den einaste dagen med skikkelig strandliv i heile sommar.


Mykje morro på pappen sin bekostning.


Reker på bryggekanten



Fin gjeng


Eg passar på å ta bilder i gode øyeblikk,
slik at eg hugsar tilbake på dei gode stundene i bubilen.

For sjølv om vi kranglar om kven som skal sitje innerst,
den eine lagar litt meir lydar enn den andre
eller den eine tar litt meir plass enn den andre,
så har vi det stort sett bra på tur!!


Bare sjå på sjåføren!!
Alltid like positiv!


Siste dagen køyrte vi til Fjällbacka.
Eg har lese alle bøkene til Camilla Läckberg 
om morda i Fjällbacka
og har alltid hatt lyst å besøke denne plassen.


For eit paradis av ein plass.


Dette må vere den ultimate idyll.

...og det trur eg mange andre har funne ut og.
Det var mykje folk og dyre bilar der.



Siste stopp var innom på Godisfabrikken.
Hurra for eit paradis.
Tenker at alle som har vore der,
har komme ut med lika mykje godis som oss
og kanskje meir.

'

Så var denne delen av ferien over.
Så var det heim,
pappen skulle på jobb og
bubilen leigast ut til andre.

Kort oppsummert:

Ein super ferie saman med den flotte
familien min!



torsdag 23. juli 2015

Ferie 2015, del 1: Oslo

Ferien 2015 er godt i gang.
Vi er i slutten av juli og tåka ligg tjukt 
nedover fjellsida.
Det er 13 grader ute og leggane er like 
bleike som dei var i mars.
Absolutt ingenting vi kan gjere med det,
må bare ta det som det kjem.
Takk og lov for at det finns ull.

Det er då eg tek fram feriebildene 
frå turen vår med bubilen,
for der hadde vi det fint!

Her er gjengen min:


Vi starta turen i Oslo i år.
Ungane har lenge hatt eit ynskje om å få reise 
til Oslo og sjå slottet.
Så då starta vi turen vår der.

Vi budde på Ekeberg Camping,
eit godt utgangspunkt for Oslo tur.
Med utsikt over byen og Holmenkollen 
kunne vi planlegge dagen vår.


Turen starta med buss ute til Bygdøy og KonTiKi museumet.


Junior har sett den nye filmen om KonTiKi og synst det var stas å sjå
den ekte flåta til Thor Heyerdal.
Kjekt for oss alle.


Nydelig sol heile dagen,
og vi tok båt tilbake til Aker brygge og Rådhusplassen.


Junior er oppteken av historie,
og han spør mykje.
Vi svarar så godt vi kan,
men kjenner at eg godt kunne ha visst mykje meir.
Krigen er eit interessant tema,
og mange minnesmerker måtte studerast.


På rådhusplassen møtte vi denne karen.
Fasinerande.

( men kunne vore litt meir gjennomført , synst no eg...)


I 1989 var eg på speidarleir på Skaugum.
Vi hadde utflukt til Oslo og eg har bilde av meg 
sjølv forann denne fontena.
Kjekt å ha likt bilde i 2015 og.


Vi spaserte vidare,
og endelig kunne vi sjå slottet.
Ungane synst det var stor stas,
og det er så kjekt å sjå at ungane likar dette 
like mykje som mammo.
Og sidan vi liksom nettopp har vore 
saman med Dronning Sonja,
så føltes det som om vi skulle 
på besøk til ei vi kjente.

Ho var desverre ikkje heime....


Det er godt å sjå tilbake på bildene,
og hugse på at vi har hatt fint vær, 
og vi kosa oss masse.


Det kjem meir frå turen våras i neste blogginnlegg.