Viser innlegg med etiketten Oppskrifter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Oppskrifter. Vis alle innlegg

tirsdag 7. april 2015

Snopekake

Oki, her kjem oppskrifta på 
verdens beste kake:

SNOPEKAKE


Botn:
9 eggekviter
300 gram melis

Piskast stivt

300 gram finmalte mandlar blandast i.

Steik dette i langpanne (ha bakepapir i botn) på 160 grader i 30 minutt.

Avkjøl
(Ikkje ta av bakepapiret, men la den stå i langpanna)

Firkløverkrem:

1 kopp sukker
1 dl fløyte

Kok opp og ta vekk frå varmen.
Ha i
200 gram firkløversjokolade og
100 gram romtemperert Bremyk smør, 
rør til alt er smelta, og ha kremen ut over kaka.

Avkjøl

Gul krem:

9 eggeplommer
2 dl fløyte
220 gram sukker
2 ts vaniljesukker

Ha alt i ei panne og kok opp.
Avkjøl nesten heilt.
Bland i 300 gram Bremyk.

Smør den ut over firkløverkremen.

Frys kaka ned i langpanna.
Del den eventuelt i 2 deler når du skal bruke den.
(NB! Den skal frysast!)

Pisk 3 dl fløyte til kvar halvdel,
og pynt med frukt og bær etter eget ynskje.

NYT!




fredag 20. september 2013

Plommepai




Det er haust og det er plommetid,
og det er victoriaplommer...

Dei er ikkje gode å ete,
synst eg.

Men her om dagen såg eg at Malena la ut bildet av dottera, Jenny, sin plommepai,
og tenkte at det kunne eg bruke desse plommene til.

(Som sjølvsagt kjem frå pappa sin utømmelige hage.)




Eg brukte Maizenna-paideig.
Det var tross alt fredag ettermiddag og nesten kveld.

Forstekte den i 10 min på 200 grader.


Pisk 2 egg saman med 150 gram sukker, luftig.
Ha i 75 gram kokos og 2 ss fløyte 
(valgfri kva type, eg brukte matfløyte)

Hell det oppå deigen.


Eg hadde god hjelp til å hakke opp plommene


som vi fordelte ut over i forma.

Det står 1 kg plommer i oppskrifta, men eg trur vi brukte ca 10 store plommer.



Dryssa på kanel og sukker.


Inn i ovnen på 200 grader i 25 min.


Varm plommepai klar for servering.

Kjempegod!

Kan verkeleg anbefalast.

Oppskrifta fann eg då eg googla
"plommepai med kokos"
Ligg på ....detsøteliv.no

Fin fredag til dåke alle!

PS: Ser du noko nytt i stova??




torsdag 29. august 2013

Husmortips


I dag kjem eg med eit ekte husmortips,
eit sånt som gjere kvardagen enklare,
og samvittigheten betre!

Mølleren har mange gode brød, som du bakar på 1-2-3.

Ta 1,5 pakke, ha i 1 pk tørrgjær,
ha det i Kenwooden eller liknande,
ha i 7,5 dl lunka vatn, litt olje,
og kjør maskina i gang.

La dette skje mens du for eksempel drikk ein kopp kaffi og les eit interiørblad.

La deigen vere litt klissete.

Fordel deigen i to brødformerformer.



Set dei til heving under eit kjøkkenhandkle,
eller ein plastpose, i ca 1 time.


Steik brøda på nederste rille i ovnen,
200 grader i ca 40 min.


Så har du heimalaga, nysteikt brød til kvelds og niste.

Ungane blir kjempehappy, 
dei i barnehagen synst du er ei flott husmor som til og med bakar brøda sjølv !!!

Samvittigheten din blir såååå god,
og kva er vel betre enn nysteikt brød med Hapå???

(Nytt på å kjøpe sånne brødpakkar når dei er på 10 kr tilbud,
du sparar mykje på det!)



mandag 1. juli 2013

For ein kakefest


Sommarens marengs

Dette er favoritt sommarkako mi. 
Den minnar om Pavlova, men litt annleis krem inni.
..og den er sunnare...

Her kjem oppskrifta:

Lag fyrst marengs:
4 eggekviter  - piskast stiv
                             2,5 dl sukker  - ha i litt og litt med eggekviten
1/2 ts bakepulver

Bland i 2 ss melis
1/2 ts nypressa sitronsaft  - bland i

Legg dette på bakepapir, enten du vil ha rund/firkanta/porsjonar etc
Steik den på 125 grader i 1 time og 15 minutt, midt i ovnen.
Slå av varmen og la den stå i ovnen i ein time etterpå med døra igjen,
eller la den stå med ovnsdøra på gløtt over natta.


Fyllet er som følge:
300 gram krema naturell ost, ev philadelfia light 
3 dl cottage chees
1/2 dl sukker
1/2 dl syltetøy

Bland dette og ha på frukt og bær etter eige ynskje!

Nyyyyyt

Ps: marengsen kan oppbevarast i fleire dagar utan fyll på.
Har du pynta den, må den etast snarast....tihii


Her har eg laga ei Safari-kaka eller Evelyn-kaka som ungane kallar den.
Tullemor har pynta den!

Oppskrifta eg har brukt er:
2 pakkar safari kjeks som er knust.
Legg dei i ei form.

Visp 3 dl kremfløyte 
Ha i 2 ts vaniljesukker og 
200 gram melis.

Bland dette med 1 pakke philadelfia ost.

Ha det oppå kjeksa, og pynt med frukt og bær etter eige ynskje!

Skikkelege sommarkaker.


Her er ei enkel og knallgod sjokoladekaka. La oss kalle den

Oboy kake

125 gram smør
1 dl vatn
3 ss kako - smelt dette og kok opp

125 gram sukker
150 gram mjøl
2 ts vaniliesukker - bland i
3 eggeplommer - bland i røra
3 eggekviter piskast stive og ha i røra.

Eg brukte ei kakeform i str 22 cm.

Stein den midt i ovnen på 175 grader i ca 35 min.

Glasur;
50 gram smør - smelt
2 dl melis
2 ts vaniliesukker
2 ss oboy
1/2 egg 

Bland i resten. Hell over.

Eg tulle ikkje viss eg seier at eg har ete ei halv sånn kake aleine i helga...

Den kan frysast!!




Til slutt eit bilde av mamma sine melkekaker.
Dei har eg ikkje lært meg å lage enda, men bare vent...

Eg likar veldig godt å bake, og ete både gjærbakst og kaker.
Men eg er ikkje noko presisjons bakar, og likar best å lage sånne kaker som ikkje treng
sjå så perfekte ut, heller litt rufsete!!

Håpar eg kan inspirere andre til å bake og.



fredag 1. mars 2013

Eit bollete innlegg


Eg er veldig god på å bake bollar.
Ikkje bare er eg god på å bake dei, 
eg er veldig god på å ete dei og.

Sjå på den då... vatn i munnen.
Åt 4 stykke i går.


Perfekt heving.


Klare for steiking.


Lunkne bollar, med melis på og rulla i kokus.

Nammis


Eit gamalt bilde frå fastelaven og morsdag.

Nybaka bollar med heimalaga jordbærsyltetøy??

Bolleoppskrifta mi:

2 posar tørrgjær
1 ts salt
1,5 dl sukker
1 egg
150 gram smør
6 dl mjølk
Kveitemjøl til passeleg deig.

(Ja, eg veit Evelyn, eg bør ha eit eksakt mål her, men sånn ca 12 dl)

Bland alt det tørre.
I det siste har eg redusert til 1 pose tørrgjær, og heller lar den heve litt lenger.

Smelt smør og bland i mjølka.
La det bli ca 40 grader. 
Tørrgjæren tåler litt varmare enn 37,5.

Bland så væska ilag med det tørre,
helst i kjøkkenmaskin.
La den elte til passeleg deig.

Eit godt råd er å ikkje ha for mykje mjøl i deigen.

Hev i ca 1 time.
Bedre å heve litt for mykje enn for lite.
Eg pleie ta ein plastpose over bollen, då vert det tett og passe temperatur.

Rull så ut bollane.
Hev i 30 min.

Dersom du vil lage skulebollar, så pleier eg ta på vaniljekremen etter "etterhevinga".
Lag eit hull med to skeier, eller fingrane.
Ta ca ei skei vaniljekrem i kvar.

Pensle med egg, då vert dei så blanke og fine.

Steik midt i ovnen på 215 grader, alt etter kva ovn du har.
Eg har ny ovn og måtte skru ned til 200 på slutten.

Steik i ca 10 min.
Ikkje steik dei for lenge,
la dei vere gylne.

Et og nyt!

lørdag 19. januar 2013

Bålpanne


I desember vann Tullemor bålpanne i idrettslaget sitt lotteri.
Litt usikker på kven av oss som vart mest glad !?!

I dag fyrte eg i då sola skein i tunet.
Vi har sol ca 2 timar frå 10.30-12.30 no. 
Det går på fram for kvar dag.


Utruleg koseleg å fyre i, og eg veit den kjem til å verte mykje  brukt frametter.
Iallefall i dette været.



Lunsjen i dag var grillpølsen med grovt pinnebrød.
Oppskrift på pinnebrød frå Turistforeninga:

500 g mel (bruk gjerne litt grovt mel)
2 ts bakepulver
5 ss sukker
1 ts salt
1 dl matolje
ca 2 dl lunket vann

Supert å ha med på tur etc. Kan ha det rundt pølser sånn som eg,
ha sukker og kanel på,
eller syltetøy.



Ein gamal Margarin-kasse eg har arva etter besto mi,
fungerer supert som oppbevaring av sitteunderlag og tepper 
vi bruker ute ved bålpanna.


Ein flott dag er over, garasjen er litt ryddigare, tilhengaren er full av boss,
lørdagspizzaen er eten, no skal heile familien sjå "Hjerterått" på NRK3.

Fin lørdagskveld til deg!

mandag 19. desember 2011

19. desember


Risbollar høyrer jula til.

Eller gjer det det?


Eg og tullemor stod for desse i år. Og om eg må sei da sjølv, så vart dei knallgode.

Oppskrifta fann eg på First Prise "puffa riset":

250 gram delfiafett
1 plate kokoesjokolade

Smelt dette på svak varme.

2 egg
250 gram melis 

Visp til eggidosis. 

Bland det forsiktig saman. Ha i ca 2 liter puffa ris. Set med 2 skeier i muffinsformer etc. Avkjøl. 



Nyyyt!

Eg har prøvt meg på oreokuler i dag...mektige saker.

onsdag 14. desember 2011

14. desember


Julabrød stod på "todo" lista etter jobb i dag. Mens deigen heva, ja då laga mannen og junior japp-ruter. Eg og tullemor laga risbollar. 

Og jammen fekk eg ikkje laga Mozart kuler mens ungane såg "Jul i Blåfjell". Alt kjem på bloggen, bare vent og sjå!


Julabrødet skal serverast på julefesten på skulen i morgon.

Mi oppskrift er:

Smelt 250 gram smør. Bland i 200 gram sukker og 6 dl mjølk. La det vere ca 38 grader. Bland det med 1 kg mjøl og 75 gram gjær.

hev til dobbel størrelse. 

del i 2, kna inn rosiner. 

lag snitt med kniv, for at det ikkje skal sprikke.

hev i 30 min til.

steik på 175 grader i 45 min på nederste rille.

NYYYT!!

lørdag 12. februar 2011

Gulrotkaka


Sidan det er morsdag i morgon, har eg invitert mammo mi, og resten av familien, på middag i morgon. Tradisjonen tru må vi ha morsdagskaka og. I år blir det gulrotkake:

4 dl sukker
4 egg
4,5 dl kveitemjøl
2 ts natron
2 ts kanel
300 gram meierismør
8 dl raspa gulrot
1 dl malte hasselnøttkjerner

Pisk egg og sukker nesten kvitt. Bland i det tørre og smelta smør. Ha i gulrot til slutt. Bland alt godt. Hos meg gjorde Kenwooden jobben!

Ha røra i ei smurt form 26 cm. Steik på 175 grader midt i ovnen i ca 1 time.

Glasur:
125 gram Philadelfiaost
75 gram meierismør
250 gram melis
2 ts vaniljesukker

Bland saman romtemperert smør med det andre, til ein fin krem
 Smør den på kaka. Dryss hakka hasselnøtter oppå, og nyt kaka!

I kveld har eg tent eit lys for mine to sambygdingar som omkom i den tragiske rasulukka i Eikedalen på fredag. Tankane mine går til familiane deira.

onsdag 2. februar 2011

Middags tips

 Eit middagstips til dåke, mens eg vente på at bolledeigen min skal heve ferdig!

Ta ein pose Bergens fiskesuppe, kok etter anvisning! Mot slutten tek du oppi ein pakke med Suppebollar     (Sånne små fiskebollar!). Eg brukte litt fløyte i, og gulrot i små tynne skiver.

Server med baguettar eller flatbrød til!  Kjempegodt.

søndag 30. januar 2011

Galoppbollar

 Junior kom heim på fredag med ei krøllete oppskrift i lommo....dei hadde baka Galoppbollar på SFO!

Sjølvsagt måtte vi prøva dei i dag. Nam, gode var dei og!

Så då kunne vi servera lunka Galoppbollar til gode vener i Steinparken i dag!

Prøv sjølv

tirsdag 11. januar 2011

Grove lappar

 Ein av fordelane ( og det er ikkje mange...) ved å vera sjuk, er at ein kan ligga på sofaen og sjå God Morgon Norge. På mandag laga Wenche grove lappar. Det kalla ho eit "sunt alternativ" til frukost og kvelds. Eg tenkte eg ville prøve. Oppskrifta finn de her .
Tullemor ville sjølvsagt hjelpe til!
 Desse kan du steike i steikepanne. Og det var veldig enkelt.
 Her er resultatet. Ungane likte det godt. Det er klart at alt smakar best når du har vore med og laga det sjølv.
Eit forslag til pålegg var ost og paprika. Eg testa da ut, og synst det var veldig godt. Ungane hadde prim, og kvitost med jordbærsyltetøy. Mannen sa at dei nok var best varme, eller tempererte. Det har han nok rett i. Han var nemlig ute og måka snø, mens vi frotsa i nysteikt kvelds.

No skal eg ut og gå, for vi har skritt-teljingskonkurranse på jobb, og eg må henga i!!

lørdag 25. september 2010

Eplemuffins og make up kurs

 På torsdag hadde eg make-up kurs med Mary Kay produkt. Eg bakte då litt muffins til dei som kom. Og restane fekk kollegane mine på fredag! Og formene frå Green gate var heilt supre.

Oppskrifta tenkte eg eg ville dela med dåke, for dei var veldi gode:

50 gram smør           Smelt og avkjøl
2 egg
2 dl sukker               Pisk til eggidosisi
3-4 dl kveitemjøl
2 ts bakepulver        Bland i det tørre, vekselvis med smør og mjølk.
1 dl mjølk
2-3 epler                  Ha i muffinsformer, stikk eplebåter i, dryss på kanel og sukker viss du ynskjer det.
sukker og kanel til pynt.

Steik midt i ovnen på 225 grader i ca 20 min.


Og her er resultatet etter sminkinga. (smil med nerovermunn? den var ny.....)

Eg vart veldi nøgd, og handla sjølvsagt litt!

tirsdag 14. september 2010

Eple bollar

Ja, du leste rett: eplebollar! Eg fann oppskrifta hos Trine sin mektige matblogg!! 

Og dei vart testa ut på lørdag. nam alltså!

Og oppskrifta finn de ved å trykke her.

mandag 16. august 2010

Gul krem kaka!


Sidan eg er i gang med kakeoppskrifter, så tar eg med den andre kaka eg baka i helga.

Gul krem eller suksess kake:

200 gram mandlar   hakkast
200 gram melis blandast med mandlane
1 ts bakepulver
5 eggekviter piskast stivt

Bland forsiktig saman. Hell det i ei smurt 24 cm form. Steik på 180 grader i ca 30 min. Avkjøl og ta den over på kakefat.

Kok opp 5 eggeplommer
2 dl kremfløyte
125 gram sukker.
Rør heile tida.

Når det koker, ta av plata. Ha oppi 125 gram meierismør. Rør til smøret er smelta. Avkjøl.

Fordel kremen på avkjølt kaka.

Eg har prøvt ulike måtar å ha på kremen, og har diverre ofta opplevd at nesten alt har rennt ned på kakefatet. No sist tok eg på ringen til kakeforma, før eg tok på kremen. Det gjekk bra.