fredag 23. oktober 2009
Ny hua!
I KK sitt julemagasin fann eg oppskrift på denne huo. Og då måtte eg jo prøva. Og te Kristlaug bar da for å kjøpa garn. Da garnet som stod i oppskrifta, hadde ho ikkje, så eg enda opp med eit i 100% alpakka...varmt skal det bli.
Og eg brukte vel 2 nøster.
søndag 18. oktober 2009
Flyttesalg!
Så eg og mamma tima turen med ungane bra, og passerte huset sånn ca femten minuttar før "åpning". Eg og prinsen vart ståande og prate med nokon andre som var ute i samme ærend, før vi gjekk opp til huset. Utanfor stod det noko rot, men prinsen kunne nok ha tenkt seg at vi kjøpte den gamle ro-maskina som stod der...men eg sa at vi ikkje hadde bruk for den, og det var greit. Han måtte bare prøve den ein gong til...
Så fekk vi komme inn. Eg storma inn på kjøkenet og såg meg vilt rundt på veggane, for å sjå om der kunne vere ei slik hylle. Men den gang ei. Ingen tallerken hylle for salg. Men eg tusla no rundt og såg på da som var. Plutseli såg eg ei hylle med nokre glas i...Hm, dei kunne eg tenkt meg, sånne har eg nokre liknande frå før... Og jammen meg, der stod da GRATIS på hyllo. Eg måtte dobbelsjekka, men joda, da va gratis! Bare å forsyna seg!! Og eg tok alle 8 eg. Og gjekk ut frå flyttesalget med 8 glas, heilt gratis. Sånt kan vi lika!!!
lørdag 17. oktober 2009
Deilig med helg!
Her har vi den "stille timen" nett no. Prinsesso kviler, og roen har senka seg litt. Storebror leiker med lego på rommet, og ventar på at ein nabo-kompis skal komma og henta han. ( Mammo kan ikkje gå ifrå prinsesso som søv...) Og idag skal vi ha pizza te middag. Deigen står til heving (Tusen takk til Mr. Kenwood!) og fyllet klart. Så då kan vi gå ut og nyta haustsola litt til i ettermiddag, utan å måtta inn og laga mat.
Vi savne pappen vår som er reist på jobb i Nordsjøen. Men som han seier "plutseli heima igjen!" Håpa vi får Skype`n te å funka skikkeli, sånn at vi kan snakka skikkeli me han. Prinsesso trur at pappen e i pc-en heila tida....
Ha ei fin fin helg alle saman!
torsdag 15. oktober 2009
Do dør
onsdag 14. oktober 2009
Med vindu mot verden?
I dag har det vore ein nydeleg haustdag. Perfekt for fridagen min!
Så kl 09.00 hadde eg og naboen avtale om å gå opp på denne toppen, som heitter Kvitegga. Frå huset mitt og ned igjen, tar det 2 timar. Og då vi kom på toppen, kom sola. Så vi hadde ein aldeles nydeleg tur!
Hausten er komt til hagen vår og. men eg likar det. Masse fargar, kaldt og klart i lufta. Og så har eg kjøpt med ny Skogstad- boblejakke. Så då kan kulden bare komma!
Eg og mannen har avgjort at vi skal setje inn nye vidu på kjøkkenet. Men mannen påstår at sånt gjer ein ikkje om vinteren...HÆ? sa eg, kan vi ikkje gjera då korti vi vil? Joda, forklarte han, men da blir litt kaldt når ein skal opne opp ut og sånt.Åja, tar den... Men etter jul starte vi opp, ein gong! Vi skal sette inn to like vindu, istaden for dei "ubrukelege" vi har i dag. Og her detta bildet nerforbi har hengt, skal det komme inn masse lys gjennom nytt vindu.
I mellomtida, har eg laga mitt eige "vindu"! Eg mala ramma til "vinflaskebildet" og tok netting bak, og skal bruke det til å henge opp forskjellige ting. No er det takkekort, og eit nydeleg hjerta eg fekk hos Ida, etter å ha støtta hjerteaksjonen hennas. Men her vil innhaldet endre seg etter humør (eller behov..)
torsdag 8. oktober 2009
Støtt brystkreft aksjonen!
Via via via har eg funne ein fantastisk blogg som støttar brystkreftaksjonen på sin eigen måte. Så nydeleg måte å gjere det på! Eg skal iallefall kjøpe hjerte av denne dama! Gjer det du og! Gå inn på http://putitinabox.blogspot.com/2009/10/rosa-bidrag-og-konkurranse.html
mandag 5. oktober 2009
Fotobok
Endeleg kom fotoboka frå bryllaupet i posten. Den va bare heilt utruleg nydeleg. Så bra samansetjing av bilder. Eg e veldi nøgd! Tusen takk, Bodil. Du e bare knall. Kjeme nok te å booka deg ved andre anledningar og!! Har prøvt å ta bilde av den, men det va ikkje enkelt. Den som vil sjå, må bare komma på besøk!
Prinsen ska ha "ønskebrønn-turen" sin i måro, og då skal han og to kompisar ta turen heim til oss. Han glede seg sånn te å visa dei all legoen han har fått. Mamsen har baka muffins te dei. Men koffor må eg alltid steika dei for lenge....får ta masse melisglasur på, så blir dei vel saftige igjen!!!
Abonner på:
Innlegg (Atom)