lørdag 17. oktober 2009

Deilig med helg!

Eg har vore heime i gartneriet og snopa meg ein haustblom til innandørs bruk! (Og eg lure veldig på korleis eg ska få ut stearinen som har lagt seg neri norgesglaset....Men veldi koseleg lykt, synst eg. )

Her har vi den "stille timen" nett no. Prinsesso kviler, og roen har senka seg litt. Storebror leiker med lego på rommet, og ventar på at ein nabo-kompis skal komma og henta han. ( Mammo kan ikkje gå ifrå prinsesso som søv...) Og idag skal vi ha pizza te middag. Deigen står til heving (Tusen takk til Mr. Kenwood!) og fyllet klart. Så då kan vi gå ut og nyta haustsola litt til i ettermiddag, utan å måtta inn og laga mat.

Vi savne pappen vår som er reist på jobb i Nordsjøen. Men som han seier "plutseli heima igjen!" Håpa vi får Skype`n te å funka skikkeli, sånn at vi kan snakka skikkeli me han. Prinsesso trur at pappen e i pc-en heila tida....

Ha ei fin fin helg alle saman!

1 kommentar:

  1. Ha ha -trur ho at pappa er i pc'en?? Jammen ikkje lett å forstå for desse søte små! Men søtt og :-) HB "ventetiå" går fort!

    Ha en fine søndag! Me ska på kino i kveld :-D

    Anne Tone :-)

    SvarSlett