søndag 4. april 2010

Jakten på påskeharen??


Tante Heidi hadde vore så heldig og møtt påskeharen! Og han hadde gitt ho eit kart til påskeskatten... Det var bare å følge med for oss alle!

Fyrst skulle vi sjå etter ein raud sokk. Men den inneheldt ikkje noko skatt.

Så viste kartet ein grønn vott. Og den fann vi på ein gjerdestolpe. Men inneheldt ingen skatt den heller. 

Så viste det ein gul tulipan, som de ser eldstemann held i handa.

Så skulle vi finne ein blå mann. Vi såg noko blått som bevegde seg oppi lia. Eldstemann som var tøffingen i starten, måtte halde handa til mamma til slutt!!

Og så var den blå "mannen" bare tante Marit. Og ho hadde funne ein stryllestav....som trylla fram både blå diamantar og blå druer!! Til stor glede for dei små....og store sjølvsagt.

Til slutt fann vi ein påskekylling og påskeskatten! 

Og kven seier vel nei til sånt godteri??

Takk for ein super ettermiddag til arrangementkomiteen, grillsjefen som stilte med pølsegrilling etterpå, og godt selskap!!

3 kommentarer:

  1. :-)

    Fint de sista bilde va ;-)

    Komme ett innlegg frå meg og -men ikkje før kl 16....

    SvarSlett
  2. Trur alle sammen kosa seg, både store og små.. takk for en trivelig ettemiddag!

    SvarSlett
  3. Må berre sei eg e imponert over kor masse artig dokke finne på til ungane. Virka som dokke he hatt d kjempekoselig både med jakt på påske-egga og idag med å leite etter skatt. Håper dokke har hatt ei fin påske!

    SvarSlett