mandag 10. januar 2011

Nere for telling?

Dei siste månadane har eg vel følt at eg har vore nere for telling. Det byrja i slutten av oktober, med stygg hoste. Eg hosta til eg kasta opp rett og slett. Då eg var heime frå jobb for andre gang, tok eg meg ein tur til lege. Han tok prøvar av meg, og konstanterte kikhoste. Det var då for seint å behandle, og eg var på ein måte frisk, så kroppen hadde lega seg sjølv.

Men det er no ein gang slik, at har du vore småsjuk / hangla over tid, ja då vert immunforsvaret svekka og kroppen slappare. Det er tyngre å ta tak i ting, og kvardagen vert litt tung å komma gjennom. Men heldigvis har det gått bra!
Denne rockeringen har ikkje vore så alt for mykje i bruk, desverre. Eg har ein intensjon om å komma i gang igjen, men dagane går.... 

Sist helg hadde ungane omgangsjuka, og vi vaksne tørka spy og tørka tårer. Så vart ungane friske, og kvardagen kom i gang igjen. Så vart vi vaksne sjuke. Frå eg kjende eg var kvalm, til eg kasta opp, gjekk det ikkje meir enn 30 min. Og på toppen av det heile, kom mannen heim og for opp. Etter det såg eg ikkje meir til han, den kvelden...Samma sjuko der og.

Heldigvis har vi snille besteforeldre som kom og henta ungane dagen etter, gav dei omsorg, mat og aktivitet, for det var ikkje foreldra i stand til.
Eg har veldig lyst på sånne no, men trur eg begynne med ei lita skive med smør....
Eg håpar at det er over for ei stund no, at eg kan bygga meg opp igjen. Eg ventar vel bare på at ungane skal få vannkoppar snart, då det går litt rundt omkring. Men vi skal ta i mot, for det er faktisk ingenting vi kan gjere, når det fyrst er komme innomhus. 

God betring til alle andre som er sjuke. De har mi medkjensle, for eg veit korleis de har det. Og til alle friske, nyt det!

3 kommentarer:

  1. Men oppe for show snart??
    Hb de jaffal... Har våre litt vel møje på deg og dine i det sista!!!

    Håpa du snart e friske som enn fisk, å at du blir sånn resten av året :-)

    *Vente spent på knekkisane i ovnen*

    Ha en fortsatt fine kveld!!

    SvarSlett
  2. *Bare meg igjen*

    Kjempeflott sinkhus dei hadde fått te jul borti veien her forresten :-) Kor har du handla det henne??

    Rockering rule.. Eg og må bruka min meir..

    SvarSlett
  3. Stakkars dåke! Kan det hjelpa på litt at eg snart er klar for sykafè?? Er du med??

    SvarSlett