fredag 1. oktober 2010

Tur med jobben

Detta bildet har eg lånt frå Åkrabygda.no og grunnen til da, e at eg gløymte fotoapperatet i dag.

Eg har vore på ein utruleg flott fjelltur med jobben min, TTBU, i dag. Vi gjekk frå Brandvikja, opp storebjørnsli, og over fjellet, ned på bjellandsneset, tok båt til Åkra. Ein super tur.

Men no er eg sliten, for da e lenge sidan eg har gått ein slik lang fjelltur!!

No er mannen reist til Frankriket for å fyka paraglider ei heil veka. Unne han da verkeleg (sjølv om eg meir enn gjerne skulle hatt han heime no, etter at han har vore 3 veker på jobb.....)  og håpe at han får gode flyforhold! Junior tar da tungt, og har grene seg i søvn i kveld. Morshjarta mitt blør då, og det er vanskeleg å trøyste han. Ingen trøyst for han, at "mamma er jo her..."

God fredag alle saman!

2 kommentarer:

  1. Uff...er ikkje greitt å vere liten og savne pappaen sin :(

    Ser ut som ein fin fjelltur-eg kjenne eg vert sliten av tanken :)
    Men fjellet er ein flott plass å vere☺

    God helg☺

    Klem M♥

    SvarSlett
  2. Ikke så greit å trøste en liten pode som savner pappen sin. Får håpe det går seg til.

    Koselig å gå i fjellet med kjekke folk, og veret har jo vore heilt nydelig i dag.

    Ønske deg ei strålande helg med dine søte små, klem.

    SvarSlett