lørdag 26. januar 2013

Realitetsblogging


Eg vil gjera oppmerksom om at detta innlegget ikkje er for pyser....


Tør du framleis vera med meg?


Her er tørrvareskåpet mitt.

Er det mulig, tenker du sikkert no.
Ventar ho på at da kan bli krig?
Trur ho butikkane er stengt for alltid?

Sorry,ingen av delane.

Det er bare sånn eg er.

"Kjekt å ha, kan jo få bruk for det ein vakker dag."

Skåpet mitt er til glede forandre og, som naboar som manglar melis, pizzafyll, ein boks mais...
Ja, kva det måtte vere.

Dessuten har da nett vore 10 kroners tilbud på Spar


Sånn, då såg da litt betre ut.
Har kasta da som var gått ut på dato, rydda og systematisert litt.
Normal?

Tvilsomt.


Eg bruker Noregsglas til oppbevaring.
Ser betre ut og er lettare å halde oversikten på kva eg har.


Sånn,då har vi system på suppe posane og!

God laurdags-ettermiddag til dåke alle!



fredag 25. januar 2013

Fyr i peisen


No har vi snart budd i huset vårt i eitt år. Tida fyke, og eg føle endo at vi nett har flytta inn.
Vi er framleis lika fornøyde med huset, og eg hugsar eg skreiv på facebook at:
"Da e nett som å vera på besøk hos nokon med DA dritfina huset!"

Sånn føles da faktisk endo.


Her om dagen var det litt kaldt i huset, sånn ca 22,5 grader. Eg følte at tida var inne for å fyra i ovnen vår for fyrste gang.

Det vart med dette.


Men fint var det.


Finaste tennbrikettboksskjular mamma har strikka til meg.
Passa perfekt utanpå eit 2 liters Noregsglas og.

Det skal vere sagt at vi har vannboren varme,og har eigentleg ikkje behov for å fyra i ovnen.

Det skal derimot ikkje seiast høgt at då eg skulle fyra i for eiga hand, fylte stovo med røyk, så no luktar det bål i stova....

Ny header.
Kva synst du?

onsdag 23. januar 2013

Vis meg din tv


NIB si utfordring i samarbeid med Ikea denne månaden er:

"Vis meg din tv"

Eg har valgt å hive meg med i siste sekund, og vise tv-en vår nett som den er,
og alle kan sjå at eg trenge å vinna denne utfordringa her!!

(Ein gamal kasse snudd oppned skjuler alle ledningane)


Tar og med kjøkken-tvén.
Den er kvit,
passar perfekt inn.
Nett som eg likar det.



tirsdag 22. januar 2013

Ekte Kvardagsglede


Dette er det eg vil kalla ei ekte Kvardagsglede.


Kva er Kvardagsglede for deg?


søndag 20. januar 2013

Trendy?


Sist veke kåra Fargerike årets farge:

LILLA

Flott farge, spørsmålet mitt vart; er eg trendy?
Føl eg det som er inn?

Kikka meg litt rundt i huset.


Nydlege rosa-lilla roser eg kjøpte meg på fredag.



Ja, like etter jul skifta eg ut det raude tilbehøret på badet oppe,
til nettopp denne trendy fargen.


Kikka bort i sofaen, og der låg strikketøyet mitt.
Eg kjøpte garnet i romjula og skulle liksom strikka så mykje på  nyttårshytteturen vår.
Det vart ikkje slik, men eg godt i gang med Lilla tovatøfler.


Ein lilla Mano-kopp frå Kâhler har eg og invistert i.
Kjøpt på "ReSignert-sjappo"til skjønne Signe Schineller for bare 70 kr.
(Den sjappo kan eg anbefala. Ligg i kjellaren på Guddalshuset i Rosendal, og har ope både titt og ofte)


Eg trur eg må sei at ja, eg er trendy.


Toppar det heile med eit bilde av den ja....

LILLA lyslenko mi!

God søndag til dåke alle, og velkommen til ny følgar;
du er hjarteleg velkommen!




lørdag 19. januar 2013

Bålpanne


I desember vann Tullemor bålpanne i idrettslaget sitt lotteri.
Litt usikker på kven av oss som vart mest glad !?!

I dag fyrte eg i då sola skein i tunet.
Vi har sol ca 2 timar frå 10.30-12.30 no. 
Det går på fram for kvar dag.


Utruleg koseleg å fyre i, og eg veit den kjem til å verte mykje  brukt frametter.
Iallefall i dette været.



Lunsjen i dag var grillpølsen med grovt pinnebrød.
Oppskrift på pinnebrød frå Turistforeninga:

500 g mel (bruk gjerne litt grovt mel)
2 ts bakepulver
5 ss sukker
1 ts salt
1 dl matolje
ca 2 dl lunket vann

Supert å ha med på tur etc. Kan ha det rundt pølser sånn som eg,
ha sukker og kanel på,
eller syltetøy.



Ein gamal Margarin-kasse eg har arva etter besto mi,
fungerer supert som oppbevaring av sitteunderlag og tepper 
vi bruker ute ved bålpanna.


Ein flott dag er over, garasjen er litt ryddigare, tilhengaren er full av boss,
lørdagspizzaen er eten, no skal heile familien sjå "Hjerterått" på NRK3.

Fin lørdagskveld til deg!

Ny lykt


Denne lykta har eg drøymt om sidan eg såg den.
Eg har funne liknande på KID og Kremmerhuset,
men ikkje heilt som denne.

1199 kr kosta den.

Passa ikkje heilt inn i "gått ned i lønn, no skal vi ikkje kjøpe ting vi ikkje har bruk for, sparebluss, eit-hus-fylt-i-lykter"


Til og med Tiger er enig i at den måtte vi bare ha.


Lykta er frå Perfect Home.
Vil du sjå den nye kolleksjonen anbefalar eg deg å gå inn og sjå her

Mi veldig gode veninne Hilde er forhandlar for Perfect Home i Kvinnherad.
Dersom du vil ha Party tar du kontakt med henne på 97556034.

Ho vart kåra til Årets Nykommar på Perfect Home si samling no i januar.
Gratulere og vel fortjent!


Så kjem eg til det som er så fantastisk,og som gjorde til at eg kunne kjøpe den;
i januar var den på tilbud til 499,- 
Eg måtte bare og er dritfornøyd.

Men kor skal eg ha den?

No er det ut i sola og fyre i bålpanna.
Bilder kjem seinare i dag.