lørdag 19. januar 2013

Bålpanne


I desember vann Tullemor bålpanne i idrettslaget sitt lotteri.
Litt usikker på kven av oss som vart mest glad !?!

I dag fyrte eg i då sola skein i tunet.
Vi har sol ca 2 timar frå 10.30-12.30 no. 
Det går på fram for kvar dag.


Utruleg koseleg å fyre i, og eg veit den kjem til å verte mykje  brukt frametter.
Iallefall i dette været.



Lunsjen i dag var grillpølsen med grovt pinnebrød.
Oppskrift på pinnebrød frå Turistforeninga:

500 g mel (bruk gjerne litt grovt mel)
2 ts bakepulver
5 ss sukker
1 ts salt
1 dl matolje
ca 2 dl lunket vann

Supert å ha med på tur etc. Kan ha det rundt pølser sånn som eg,
ha sukker og kanel på,
eller syltetøy.



Ein gamal Margarin-kasse eg har arva etter besto mi,
fungerer supert som oppbevaring av sitteunderlag og tepper 
vi bruker ute ved bålpanna.


Ein flott dag er over, garasjen er litt ryddigare, tilhengaren er full av boss,
lørdagspizzaen er eten, no skal heile familien sjå "Hjerterått" på NRK3.

Fin lørdagskveld til deg!

3 kommentarer:

  1. Ååå så kos, deilig med bålvarme :)

    Ønsker meg en slik!
    Ha en flott kveld!

    Klem

    SvarSlett
  2. Dette såg kjempekoselig ut ! Er så deilig med SOL !
    Bålpanne står høgt på ønskelista her i huset også :)
    Fortsatt fin laurdag til deg :)
    Klem

    SvarSlett
  3. Da e berre å nyte fineveret så lenge vi har da. Her fyre vi i peisen i utestova, og små og store kose seg maks..... I måra er det skøytene som skal prøvast. Fortsatt fin helg til deg og dine.

    SvarSlett